Illustrasjon av Viktor. Av: Inga H. Sætre

Når du les historia om ein vanleg dag i Viktors liv, ser du betydninga av lovene som Stortinget bestemmer. Alle illustrasjonar: Inga H. Sætre

Sjå korleis lovene påverkar kvardagen din

Nedanfor kan du lese historia «Ein dag i Viktors liv». I denne historia gøymer det seg fleire saker som Stortinget har vedteke lover om. Kan du finne dei?

Utskriftsvenleg elevversjon (pdf)
Lærarrettleiing med tentativ fasit (pdf)

Samfunnet vårt er regulert av lover. Ei av Stortingets viktigaste oppgåver er nettopp å vedta – det vil seie bestemme – lovene i Noreg. For å kunne lage gode lover må stortingsrepresentantane først setje seg godt inn i saka og diskutere for og imot. Deretter voterer dei over lova. Å votere betyr å stemme, og det er fleirtalet som bestemmer. Slik verkar demokratiet.

Kvart år vedtek Stortinget lover som vedkjem alle som bur i Noreg. Det kan vere lover om helse, utdaning, kultur, familie, arbeid, transport, miljø, landbruk, bustadforhold, finans og forsvar. Stortinget har for eksempel laga lover om korleis vi skal oppføre oss i trafikken, kor lenge vi skal gå på skule, kvar vi har lov å fiske, korleis vi skal behandle dyr – og at vaksne skal lytte til barna. Med andre ord er mange ting i livet vårt bestemde av lover Stortinget har vedteke.

I historia om Viktor gøymer det seg mykje som Stortinget har vedteke lover om. I denne oppgåva skal du finne og streke under tema som er omtalt i ei lov. Vi har streka under det første ordet for å hjelpe deg litt i gang.

Lukke til!

Ein dag i Viktors liv

Viktor vaknar av at mora kjem inn på rommet hans. Han trekkjer dyna lengre over hovudet. Når han omsider kjem seg ut av senga, går han rett på badet og kastar litt vatn i ansiktet. Så ruslar han ut på kjøkenet, der faren står og smør matpakker. Ved bordet sit mora og les avisa. Ho viser Viktor at lesarinnlegget frå klassen om mobbing har kome på trykk. Viktor føler seg stolt og glad over at han har vore med og skrive meininga si i avisa.

Viktor sykler til skolen sammen med Selma. Illustrasjon: Inga H. Sætre
Illustrasjon: Inga H. Sætre

Kl. 08.15 slengjer Viktor på seg jakka og spenner på seg sykkelhjelmen. «Hugsar du å kaste søpla?», ropar mora. Viktor spring ut og kastar posen i dunken framfor huset.

Idet han svingar ut på vegen, kjem Selma som vanleg syklande ned bakken. Det er sykkelveg heilt fram, og Viktor og Selma pleier å sykle om kapp. Fartsgrensa er berre 30 kilometer i timen, så dei klarer nesten å halde følgje med bilane.

Når Viktor og Selma kjem til skulen, har dei berre tre minutt igjen til å låse syklane og springe til norsktimen. I dag skal dei lære om det norske urfolket, samane.

Seinare på dagen er gymtimen bytt ut med eit teaterstykke. Alle på femte, sjette og sjuande trinn vert samla i gymsalen. Lyset er slått av, og framfor ribbeveggen er det montert ei lita scene. Stykket handlar om fire barn som lagar ein aksjon mot ein fabrikk i bygda som forureinar fjorden der dei bur.

Etter teaterstykket går Viktor og fleire andre klassekameratar tankefulle tilbake til klasserommet. Dei er glade for at dei har ein halvtimes lunsjpause før neste time. Dei snakkar om kva dei gjorde i helga, og Viktor fortel at han har besøkt onkelen på sjukehuset. Rett før helga sklei onkel Tore ned ein skrent på fjelltur og måtte hentast med ambulansehelikopter. Han hadde brote fleire ribbein, men det gjekk bra, fortel Viktor.

Viktor og vennene på biblioteket. Illustrasjon: Inga H. Sætre
Illustrasjon: Inga H. Sætre

Etter skulen syklar Viktor til biblioteket for å gjere lekser saman med Ludvig, Einar og Amira frå parallellklassen. Plutseleg ser han at kokka begynner å nærme seg 16, og han må kaste seg på sykkelen for å rekkje middagen.

På vegen heim er det byggjearbeid, og heile asfalten er riven opp. På eit skilt står det: «Her vert det lagt nye kloakkrøyr, ver venleg å køyre rundt». Viktor sukkar fordi han må sykle ein omveg og ikkje kjem til å rekkje middagen.

Når Viktor kjem inn døra, ser han at faren er i ferd med å setje maten på bordet. Etter middag vert han med faren på butikken. Dei vil kjøpe noko godt til søstera hans, Martine, som kjem heim seinare på kvelden. Ho er i militæret, og har fått permisjon nokre dagar. Dei kjøper frukt og sjokolade, og Viktor les nøye på posen at sjokoladen ikkje inneheld nøtter som Martine er allergisk mot. Når dei kjem heim, har Martine akkurat kome med toget.

Viktor får lov til å vere lenge oppe, og når han endeleg legg hovudet på puta, sovnar han med ein gong etter ein lang dag.

 

Alle illustrasjonar: Inga H. SætreAlle illustrasjonar: Inga H. Sætre


Sist oppdatert: 10.01.2018 14:51