Kanskje såg det slik ut då arkitekt Emil Victor Langlet jobba med skissene til stortingsbygningen? Illustrasjon: Inga H. Sætre

Kanskje såg det slik ut då arkitekt Emil Victor Langlet jobba med skissene til stortingsbygningen? Illustrasjon: Inga H. Sætre

Det viktigaste huset i Noreg fyller 150 år

Her kan du lære om korleis det gjekk til då vi fekk ein eigen stortingsbygning og kvifor han ser ut slik han gjer. Historia eignar seg godt til høgtlesing.

Vis som temaark

Stortingsbygningen i Karl Johans gate er det viktigaste huset i Noreg. I år feirar vi at dette huset fyller 150 år.  Sidan 5. mars 1866 har dei viktigaste avgjerdene for landet vårt vortne tekne i stortingsbygningen.

Dei som skreiv Grunnlova i 1814, bestemte at Noreg skulle få sitt eige storting, med stortingsrepresentantar som skulle veljast av folket.

I mange år møttest stortingsrepresentantane på ein skule i Oslo, men etter kvart vart skulen både trong og upraktisk. Slik gjekk det til at det vart arrangert ein teiknekonkurranse om korleis ein heilt ny stortingsbygning skulle sjå ut. Mange teikningar vart leverte inn. Det var vanskeleg for representantane å bli samde om kva for ei teikning som var finast, men til slutt plukka dei ut den svenske arkitekten Emil Victor Langlet sin versjon. Han hadde teikna den bygningen vi kjenner i dag.

Langlet ville at stortingsbygningen skulle vere open for folket. Derfor plasserte han stortingssalen godt synleg på framsida av bygget, og gav den vindauge som strekte seg frå golv til tak slik at folket kunne sjå inn. Under stortingssalen teikna han ni dører. Det var for å vise at Stortinget er eit hus der folket kan kome inn frå alle kantar av landet. Og sist, men ikkje minst, på kvar side av stortingssalen lét han bygningen strekkje seg ut – som to opne armar som inviterer innbyggjarane inn.

Stortingssalen er med dei raudmåla veggene og ekte gull ikkje berre eit av dei vakraste romma i huset, men også det aller viktigaste. Her sit dei 169 stortingsrepresentantane, som er valde av folket til å representere heile Noreg. Det er i denne salen dei seier kva dei meiner og stemmer ja eller nei – for eksempel til nye lover. Meir enn halvparten av representantane må stemme ja for at eit lovforslag skal bli vedteke. Det er det vi kallar demokrati eller folkestyre: fleirtalet bestemmer.

Stortingsrepresentantane har tre hovudoppgåver: lage lover, fordele pengar og kontrollere regjeringa.

Lovene gjeld for alle som bur i Noreg, men ikkje alle kan vere med på å bestemme dei. Derfor vel vi stortingsrepresentantar som bestemmer lovene på vegner av oss. Det finst for eksempel ei lov som seier at alle barn i Noreg skal gå minst ti år på skule.

Stortingsrepresentantane bestemmer dessutan over fellespengane for alle som bur i Noreg.  Vi som bur i dette landet, betaler ein del av pengane vi tener, til ein stor felles pengesekk. Mesteparten av desse pengane kallar vi for «skatt». Stortingsrepresentantane bestemmer kor mykje av desse pengane som skal brukast på for eksempel skular, sjukehus og vegar.

I tillegg til å bestemme lovene og korleis pengane skal brukast, passar stortingsrepresentantane på at dei som sit i regjeringa, gjer som dei skal. For når Stortinget har bestemt at regjeringa skal gjere noko, må dei også kontrollere at det faktisk blir gjort. Kvar onsdag kjem derfor statsministeren eller andre frå regjeringa på besøk til Stortinget for å svare på spørsmål og forklare korleis dei har tenkt å løyse ulike oppgåver som Stortinget har gjeve dei.

Sjølv om ein sjølv ikkje er vald inn som stortingsrepresentant, kan ein som vanleg innbyggjar – og også som barn eller ungdom – vere med og påverke viktige avgjerder for Noreg. Du kan for eksempel skrive debattinnlegg på nett eller i ei avis. Du kan også ta kontakt med stortingspolitikarar på e-post eller i sosiale medium. Då kan du forsøkje å overtyde dei om at dei burde ta opp saka du er oppteken av, til diskusjon i stortingssalen. I Grunnlova står det at alle born skal respekterast, og at dei vaksne skal lytte til kva born har å seie og kva dei meiner.

Stortingsbygningen er eit viktig hus som vi må passe godt på. Også han som teikna huset, Emil Victor Langlet, meinte vi burde vakte bygget nøye. Han fekk derfor sin gode ven, Christopher Borch, til å lage to fine steinløver. Desse skulle vakte huset. Alt då bygningen opna i 1866 låg løvene på vaktposten sin. Sidan har dei lege der og passa på stortingsbygningen – i sol, regn og snø, i meir enn 50 000 dagar og 50 000 netter.


Sist oppdatert: 04.08.2016 10:40