Fangane hogger ut løvene i steinblokker medan Christoffer Borch følgjer med. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Fangane hogger ut løvene i steinblokker medan Christoffer Borch følgjer med. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Straffangen som hogde ut løvene

Det er ikkje alle som veit at løvene som ligg framfor Stortinget vart hogde ut av to straffangar. Her kan du lese forteljinga om ein av dei. «Straffangen som hugget ut løvene» eignar seg godt til høgtlesing.

Vis som temaark

«Straffangen som hugget ut løvene» er forteljar og dramapedagog Per Jostein Aarsand si frie gjendikting og tilarbeiding, med utgangspunkt i verkelege personar og hendingar. 

***

Då Grunnlova vart vedteken i 1814, vart det bestemt at Noreg skulle ha eit eige storting. Til å byrje med hadde ikkje Stortinget eit eige hus, men etter kvart vart alle samde om at Stortinget trong ein eigen stortingsbygning.

Det vart ein lang diskusjon om kvar i byen Stortinget skulle liggje og om korleis bygningen skulle sjå ut. Til slutt vart det bestemt at den unge svenske arkitekten Emil Victor Langlet skulle få oppdraget med å teikne bygningen.

Dei to flotte steinløvene som ligg framfor Stortinget, vart teikna av Christoffer Borch, men det var to fangar som hogde dei ut! No skal du få høyre historia om den eine av dei, nemleg Gudbrand Mørstad.

Ein gong for lenge sidan, vart det fødd ein gut i Valdres som heitte Gudbrand. Han budde oppe i Lia, derfor vart han berre kalla for Gudbrand i Lia. Familien var fattig og Gudbrand voks opp saman med mora og søskena sine. Faren såg han lite til. Men dei gongene faren var heime, tok han Gudbrand på fanget og lærte han å skjere ut figurar frå trestykke.

Men dei andre borna erta Gudbrand. «Faren din er ein tjuv, han er i fengsel», ropte dei. Og Gudbrand visste at det var sant. Faren hans stal, og han sat ofte i fengsel då Gudbrand voks opp. Om kveldane låg Gudbrand og tenkte på far sin. Han lurte på korleis han hadde det og om han fekk lov til å lage fine ting i fengselet med kniven sin?

Om dagane øvde Gudbrand seg på det faren hadde lært han, og etterkvart vart han ein dyktig treskjerar. Han laga figurar, knivar og verktøy.

Det var nokre som meinte at Gudbrand ikkje var så vakker å sjå på. At han var både tjukk og stygg. Men ein dag møtte han ei jente som heitte Ingeborg, og ho såg alt det fine Gudbrand laga med hendene sine, og ho syntest han hadde mykje vakkert inni seg. Dei to gifta seg, og eitt år seinare fekk dei ein son som dei kalla Erik. Gudbrand prøvde å forsørgje familien, men det var ikkje så lett, for det var mange som kviskra om han i bygda. «Han er nok akkurat som far sin», sa dei.

Ein dag bestemte Gudbrand seg for å reise ut for å tene pengar som han kunne sende heim til kona og sonen. Etter ei stund enda han opp i Bergen, i Laksevåg. Der fekk han leige rom hos ein som heitte Knut og kona hans. Om kveldane sat han på rommet og laga trearbeid med kniven, som han selde i Laksevåg dagen etter. Og det gjekk ikkje så verst. Men ein kveld banka det på døra. Han opna og der stod Knut. «Eg ser at du er flink med hendene» sa han, «har du lyst til å tene mykje pengar?». Knut hadde drive med småtjuveri og sete i fengsel ei stund. Han hadde fått ein idé om at dei to kunne støype falske myntar og på den måten tene ein formue.

Dagen etter forklarte Knut at han ville at Gudbrand skulle lage formene til å støype dei falske myntane i. Gudbrand var ikkje sikker på at det var nokon god idé, men Knut meinte at så dyktig som Gudbrand var, ville ingen oppdage noko. Eit par dagar seinare låg det ein stor haug myntar på bordet. Knut tok med seg ein skinnpose full av nye myntar og gjekk ut.

Men eit eller anna hadde gått gale. I ein av butikkane Knut handla i, vart dei mistenksame. Politiet vart varsla og det gjekk ikkje lang tid før eit rykte gjekk i Bergen om at det var falske pengar i omløp.

Ein kveld Gudbrand sat på rommet sitt og arbeidde med kniven sin, gjekk døra plutseleg opp. Der stod Knut. «Dei har funne ut at myntane er falske. Dersom ikkje du betaler meg 100 spesidalar, går eg til politiet og seier at det var deg. Du har tre veker på deg!», sa Knut. «Betale deg?», spurde Gudbrand, «men det var jo du som ...». «Tei still» kviskra Knut, «når politiet kjem hit, forstår dei nok fort at det var du som laga dei». Knut gjekk.

Fengsel, tenkte Gudbrand. Han ville ikkje i fengsel sånn som far sin. Og korleis skulle det gå med Ingeborg og Erik? Dagen etter gjekk han til Knut og spurde om han ikkje heller kunne få betale 10 dalar i året i 10 år, eller arbeide i eitt år for Knut utan løn. Men det var til inga nytte. «Du har tre veker på deg», gjentok Knut.

Den natta sov ikkje Gudbrand, han låg og tenkte på kva han skulle gjere. Då morgonen kom, bestemte han seg. Nokre dagar seinare gjekk han til Knut og sa at han hadde grave ned noko tjuvgods ute i skogen og at Knut kunne få det om han vart med. Same kveld gjekk dei ut i den mørke skogen. Der gjorde Gudbrand det forferdelege. Han tok livet av Knut med kniven sin. Etterpå kjende Gudbrand korleis hjertet hans hamra i brystet og korleis han skalv på hendene. Han bøygde seg ned og tok klokka til Knut, og etterpå dytta han kroppen ned ei skråning. Kanskje det kunne sjå ut som om han var overfallen? Så gjekk han heimover. Han måtte vere roleg så ingen vart mistenksame. Då han kom heim, kikka han opp på skapet i stova. Han visste at Knut hadde pengar i lommeboka der oppe.

Dagen etter kom kona til Knut og lurte på kvar Knut og dei 90 spesidalarane han hadde i lommeboka var vortne av. Gudbrand fortalde henne at Knut hadde teke pengane og rømt til Amerika den natta.

Men etter nokre timar banka det på døra. Der stod det fleire politimenn. Liket var funne og identifisert, og fordi Gudbrand budde i huset, vart han teken med til politistasjonen og avhøyrd. Der gjekk det ikkje lang tid før han fortalde sanninga.

Og kanskje var det nettopp det som redda livet hans. Først vart han dømt til døden, men då saka kom opp i Høgsterett, meinte dommarane det var formildande omstende. Gudbrand hadde trass alt innrømt alt, han angra, og dessutan måtte Knut også kunne ta noko av skulda for det som hadde skjedd. Dommen vart derfor gjort om til livsvarig fengsel på Akershus festning.

Fangeskipet sigla inn Oslofjorden og der kunne Gudbrand sjå staden der faren hadde sete. No var det hans tur.

Og her i fengselet kunne historia om Gudbrand ha slutta, om det ikkje var for Christopher Borch.

Då Christopher var ein liten gut, var han ein dag saman med far sin på besøk i fengselet på Akershus festning. Han såg fangane som gjekk rundt med hals- og fotjern og han tykte så synd i dei. Der og då bestemte han seg for at då han vart vaksen, skulle han hjelpe fangane til eit betre liv. No var han vorten vaksen, og Christopher hadde vorte ein anerkjent bilethoggar. Ein dag i veka underviste han, utan betaling, fangar i teikning, modellering og steinhogging.

Ein dag Christopher var på veg inn i verkstaden, fekk han auge på ein vakker trefigur. Han spurde ein av fangane om kven som hadde laga den. «Det er vel han Gudbrand i Lia, det», var svaret. «Han må eg få treffe», sa Christopher. Slik vart Gudbrand og Christoffer vener, og Christopher forstod snart at Gudbrand hadde eit heilt spesielt talent. Han lærte han alt han kunne om dei ulike kunstuttrykka, og Gudbrand tok det til seg. Gudbrand teikna dei finaste teikningar, skar ut endå vakrare trefigurar, og han vart den beste steinhoggaren dei hadde sett på Akershus festning.

På denne tida vart det bestemt at det skulle lagast ein eigen bygning til Stortinget. Emil Langlet, som fekk oppdraget å teikne bygningen, ønskte at to store steinløver skulle passe på den. Christopher Borch var ein god ven av Langlet og vart derfor beden om å lage løvene. Han skjønte at dette kravde ein spesielt dyktig steinhoggar, og han gjekk derfor til Gudbrand - den beste steinhoggaren han kjende.

Det var ein stor jobb, så Gudbrand fekk med seg ein annan fange som heitte Sivert, og saman gjekk dei to i gang. Dag etter dag stod dei to og studerte teikningane og hogde. Først den eine løva, og sidan den andre. Den andre løva var spesielt vanskeleg, for den skulle spegelvendast. Men så, etter tre månader var løvene ferdige, og dei vart sette opp framfor stortingsbygningen - til enorm jubel!

Men steinhoggaren sat framleis i fengsel.

Kona hans Ingeborg og sonen Erik hadde flytt til Oslo, til Grünerløkka, for å vere nærare Gudbrand. Og Ingeborg hadde fleire gonger sendt brev til Kongen og søkt om at Gudbrand måtte benådast. Men kvar gong hadde svaret vore nei. Ein dag tenkte Gudbrand at han kunne prøve sjølv, ein siste gong. Han skreiv til Kongen og avslutta brevet slik: «Jeg våger nå, i dypeste underdanighet, å bønnfalle Deres Majestet om nådigst å gi meg tilbake min dypt savnede frihet».

Og Gudbrand Mørstad vart ein fri mann. Han tusla ut av fengselet, bort til Stortinget. Der la han ei hand på den eine løva og han kjende at han vart roleg. For han visste at no var han var tilgjeven.

Så gjekk han heim til Ingeborg og Erik. Gudbrand lærte Erik alt han sjølv hadde lært i fengselet. Erik voks opp, fekk seks born og vart teiknelærar på ein skule i byen. Gudbrand og Ingeborg var saman heilt til Ingeborg døydde. Så drog Gudbrand til Chicago i Amerika, der han budde til han døydde.

Straffangen som hogde løvene er død, men det vakre han laga med hendene sine, vil for alltid minne oss om han, Gudbrand i Lia.


Sist oppdatert: 05.10.2017 12:25