Animasjonsfilm om stortingsval

Korleis vert Stortinget valt? Kan eg røysta dersom eg berre er 17 år? Og kvifor har nokre fylke fire stortingsrepresentantar og andre nesten tjue? Finn svara i denne animasjonsfilmen, og test kunnskapane dine i ein skreddarsydd quiz.

Filmen eignar seg til bruk i undervisning om stortingsval, i ungdomsskulen og på vidaregåande skule. Som eit supplement til filmen kan det vera nyttig for elevane å lesa om den norske valordninga og om det å røysta ved val.

Kor mykje hugsar klassen etter å ha sett filmen? Sjekk ved hjelp av denne skreddarsydde quizen (kahoot).

Animasjonsfilmen er laga av medarbeidarar i Stortingets administrasjon, inklusiv dei som til dagleg formidlar stortingskunnskap til skuleklassar som kjem på besøk. Du kan også sjå filmen utan teksting.

Merk at Noreg hadde 19 fylker då filmen vart laga (i 2017). Kvart fylke svara då til eitt valdistrikt. Etter 1. januar 2018, då Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag vart slegne saman til eitt fylke, har me 18 fylker som rommar 19 valdistrikt. Det nye Trøndelag fylke inneheld altså to valdistrikt, og grensene for desse følgjer dei gamle fylkesgrensene.

Filmmusikk: Italian Afternoon by Twin Musicom is licensed under a Creative Commons Attribution license (https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/) Artist: http://www.twinmusicom.org/


Sist oppdatert: 20.02.2018 10:13