Film om kontrollverksemda

Ei av oppgåvene til Stortinget er å kontrollera regjeringa, men korleis vert denne kontrollen utført? Sjå film om den fiktive representanten Børge Vegheim, spela av Bård Tufte Johansen.

Sjå filmen på Vimeo

Skuleoppgåver til filmen

1. I filmen testar Børge dei ulike metodane Stortinget har for å kontrollera regjeringa.

Les om kontrollverksemda til Stortinget. Skriv ned hovudtrekka ved dei ulike kontrollmetodane, og presenter desse for klassen.

2. Stortinget har fire eksterne kontrollorgan. Les meir om desse, og forklar kva dei ulike organa har som oppgåve.

3. Stortingsrepresentantane kan stilla spørjetimespørsmål til regjeringa. Les meir om dette, og forklar skilnaden på munnleg og ordinær spørjetime.

Finn eit spørjetimespørsmål som er svara på. Kva dreier spørsmålet seg om? Kva svarar statsråden?

4. Les om spørsmål og spørjetimen, og forklar kva ein interpellasjon er.

Les ein interpellasjon som er svara på, og gjer greie for spørsmål og svar.

5. Kontroll- og konstitusjonskomiteen spelar ei viktig rolle i kontrollarbeidet på Stortinget.

Kva er hovudoppgåvene til komiteen?

6. Riksrett er òg ein av kontrollmetodane til Stortinget, men den har ikkje vorte brukt sidan 1927.

Les meir om riksrett, og forklar klassen korleis riksrettsordninga fungerer.


Sist oppdatert: 20.02.2018 15:05