Film om kvardagen til ein stortingsrepresentant

Korleis er kvardagen til ein stortingsrepresentant? Sjå filmen om den fiktive representanten Børge Vegheim, spela av Bård Tufte Johansen.

Sjå filmen på Vimeo

Skuleoppgåver til filmen

1. Børge er medlem av fleire stortingskomitear. Gå inn på nettsida til ein av desse komiteane. Finn tre saker komiteen har handsama, og presenter desse for klassen.

2. Som du ser i filmen, sit representantane fylkesvis i salen. Sjå oversikta over plasseringa av representantane i salen, og finn representantane frå ditt fylke. Vel éin av representantane. Les biografien til representanten, og lag ein presentasjon av han/henne. Framfør for klassen.

3. Børge er medlem av ein internasjonal delegasjon. Les meir om delegasjonane på nettsidene til Stortinget. Vel deg ut éin delegasjon, og skriv ein liten presentasjon av denne.

4. Børge snakkar med lobbyistar. Finn ut meir om lobbyisme. Del klassen inn i to grupper. Den eine gruppa skal argumentera for at lobbyistar skader demokratiet. Den andre gruppa skal argumentera for det motsette synet – at lobbyistar styrkjer demokratiet.

5. Børge er oppteken av å halda kontakt med veljarane. Vel ein stortingsrepresentant frå ditt fylke og undersøk korleis ho/han opprettheld kontakta med veljarane – til dømes via lesarbrev, nettmøte, personleg kontakt etc.

6. Børge forsøkjer å snika seg med på eit partigruppemøte, med lite hell. Finn ut kva for nokre parti som er representerte på Stortinget, og nemn namnet på den parlamentariske leiaren i kvart parti.

7. Børge stilte spørsmål i spørjetimen. Forklar skilnaden på munnleg spørjetime og ordinær spørjetime.

Les dei siste spørjetimespørsmåla som er svara på. Kva spurde representantene om?

Les eit av spørsmåla frå den munnlege eller ordinære spørjetimen, og analyser svaret frå statsråden. Tykkjer du at han/ho svarar på spørsmålet på ein god måte?

8. Arranger ein spørjetime i klassen, der nokre er statsrådar som svarar, og nokre er representantar som spør. Pass på at spørsmåla ligg innanfor ansvarsområda til statsrådane!


Sist oppdatert: 20.02.2018 15:05