Film om lovhandsaminga

Korleis handsamar Stortinget lovframlegg? Sjå film om den fiktive representanten Børge Vegheim, spela av Bård Tufte Johansen.

Sjå filmen på Vimeo

Skuleoppgåver til filmen

1. Kven har rett til å føreslå lover i Noreg?

2. Les meir om lovarbeidet. Forklar lovgjevingsprosessen for klassen.

3. Diskuter årsaker til at lover må handsamast to gonger, medan alminnelege saker berre vert handsama éin gong

4. Børge set fram sitt eige lovframlegg. Gå inn på  saksoversikta og vel «Lovsak» under «Vel sakstype». Finn eit lovframlegg frå eïn representant («Representantframlegg», «Dokument 8 …».

Svar på desse spørsmåla, og presenter resultatet for klassen:

  • Er dette eit framlegg til ei heilt ny lov, eller framlegg til ei endring av ei eksisterande lov?
  • Kva er innhaldet i framlegget?
  • Klikk på lenkja «Tilhøyrer sak» (til høgre nesten øvst i dokumentet), slik at du får opna sakssida. Kva for ein komité skal handsama / har handsama saka?
  • Har komiteen levert ei innstilling? Om ja, er fleirtalet i komiteen for eller imot framlegget? (Dersom vedtaket er «vedlagt protokoll», er komiteen korkje for eller imot.)

5. Finn ei eksisterande lov hjå lovdata. Tykkjer du lova er god, eller meiner du at ho bør endrast? Lag eventuelt eit framlegg til endringar.

6. Børge bestemmer seg for å prøva å få framlegget sitt inn i Grunnlova, men det tek lengre tid enn ved endring av ordinære lover. Kvifor trur de det er slik? Diskuter i klassen.

7. Les meir om grunnlovsendringar, og forklar reglane for ein medelev.


Sist oppdatert: 20.02.2018 15:06