Film om statsbudsjettet

Korleis jobbar Stortinget med statsbudsjettet? Sjå film om den fiktive representanten Børge Vegheim, spela av Bård Tufte Johansen.

Sjå filmen på Vimeo.

Skuleoppgåver til filmen

Les om budsjettarbeidet på sidene til Stortinget og Finansdepartementet, og gjer desse oppgåvene:
 
1. Kva er skilnaden på statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet? Les meir om dette, mellom anna i ordboka på stortinget.no, og forklar for klassen.

2. Børge deltek under finansdebatten. Kva slags debatt er dette, og kva skjer etter debatten?

3. Forklar kva som er meint med «budsjettrammer».

4. Kva er rolla til fagkomiteane under budsjettprosessen?

5. Når er budsjettet endeleg vedteke?

6. Kva er revidert nasjonalbudsjett?

7. Sjå for deg at du er medlem av ein interesseorganisasjon som er oppteken av sykling. Du ynskjer å påverka statsbudsjettet for neste år. Korleis går du fram?


Sist oppdatert: 20.02.2018 15:06