Bilde fra rettssal i Borgarting lagmannsrett. Foto: Olav Olsen/ Aftenposten/ NTB scanpix

Domstolane er éi av tre statsmakter, ifølgje Grunnlova. Foto: Olav Olsen/ Aftenposten/ NTB scanpix

Forstå korleis statsmaktene spelar saman

Lurer du på kven som bestemmer i Noreg, og kva som eigentleg er skilnaden på storting og regjering? Då er det på tide å læra om maktfordeling.

Aktuelle kompetansemål

  • Gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land (etter 10. klasse)
  • Gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet (etter Vg1/ Vg2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

I Noreg deler vi makta mellom den lovgjevande makta på Stortinget, den utøvande makta i regjeringa og den dømande makta hjå domstolane. Dette kallar vi maktfordelingsprinsippet, og det er nedfelt i Grunnlova  som eit viktig demokratisk prinsipp. Ideen som ligg bak, er at dei ulike statsmaktene skal balansera eller avgrensa makta til kvarandre - slik at ikkje all makt vert samla på éin stad.

Statsmaktene har mange ulike oppgåver, men vi kan bruka lovene som døme for å forklara dei ulike rollene deira: Medan den lovgjevande makta (Stortinget) bestemmer lovene, styrer den utøvande makta (regjeringa) landet etter lovene. Om nokon er tiltala for å ha brote ei lov, er det den dømande makta (domstolane) som avgjer om det faktisk er eit lovbrot.

I figuren er lovene brukte som eksempel for å forklare kven som gjer kva. Illustrasjon: Stortinget

Både regjeringa og stortingsrepresentantane kan føreslå nye lover eller lovendringar. Men fordi lovframlegg krev mykje førearbeid, og regjeringa har god tilgang på ekspertar i departementa som ho leier, så er det oftast regjeringa som kjem med lovframlegg. Om regjeringa til dømes vil endra ei lov som dreiar seg om skule, kan kunnskapsministeren i regjeringa få hjelp til førearbeidet frå tilsette fagfolk i Kunnskapsdepartementet.

Men hugs at ingen lovframlegg vert lov om ikkje fleirtalet i Stortinget, den lovgjevande makta, røystar for det. Sjå film om korleis Stortinget handsamar lovframlegg og les om korleis eit lovframlegg vert handsama i Stortinget.

I illustrasjonen ovanfor ser du at maktfordelingsprinsippet ikkje berre er eit teoretisk prinsipp, men at dei ulike statsmaktene i praksis spelar ulike roller i styringa av landet. Dei tre statsmaktene skal vera åtskilde og uavhengige av kvarandre.

Statsministeren har ikkje kontor på Stortinget

Storting og regjering er altså ikkje det same. Medan vi har 169 folkevalde representantar på Stortinget, har vi som regel eit tjuetals menneske som utgjer regjeringa. Regjeringa vert leidd av statsministeren.

Som sjef for regjeringa har med andre ord ikkje statsminister Erna Solberg kontoret sitt på Stortinget. Det er det likevel mange som trur, og kanskje er det fordi ein ofte ser statsministeren og andre frå regjeringa sitjande i stortingssalen eller intervjua i vandrehallen rett utanfor. Regjeringa kjem nemleg ofte til Stortinget på besøk, for å leggja fram framlegg til ny politikk og for å svara på spørsmål frå stortingsrepresentantane.

Stortinget stiller spørsmål til regjeringa for å kontrollera arbeidet hennar, og dette er ei av dei viktigaste oppgåvene til Stortinget. Sjå film om oppgåvene stortingsrepresentantane har.

Figuren gjev ei framstilling av samspelet mellom storting og regjering. Illustrasjon: Stortinget

Om stortingsrepresentantane kontrollerer og finn ut at dei ikkje er nøgde med måten regjeringa har gjort jobben sin på, kan éin eller fleire representantar fremja eit mistillitsframlegg. Om stortingsfleirtalet røystar ja til eit framlegg om mistillit mot regjeringa, må regjeringa gå av.

Korleis blir regjeringa vald?

Etter eit stortingsval får vi ofte ei ny regjering. Men har du nokon gong høyrt om regjeringsval? Sannsynlegvis ikkje. Også her krev forholdet mellom storting og regjering – mellom stortingsval og regjeringsdanning – litt forklaring.

Gjennom å stemme i stortingsval, vel folket indirekte regjeringa si. På biletet ser du regjeringa Solberg. Foto: Torbjørn Kjosvold/ Forsvaret
Gjennom å stemme i stortingsval, vel folket indirekte regjeringa si. På bildet ser du regjeringa Solberg i januar 2018. Foto: Stortinget

I stortingsval vel folket kven som skal sitja på Stortinget, men berre indirekte kven som skal sitja i regjeringa. Det er stortingsrepresentantane – som folket har røysta fram i val – som bestemmer kva for ei regjering vi får. Regjeringa er nemleg avhengig av støtte frå stortingsfleirtalet. Så endå det står i Grunnlova at Kongen vel si regjering, er det i praksis altså folket som – gjennom å velja stortingsrepresentantar og bestemma partifordelinga i Stortinget – avgjer kva for ei regjering vi får.

Det eller dei politiske partia som får støtte frå flest stortingsrepresentantar, dannar regjering. Tidlegare var ikkje regjeringa avhengig av støtte frå stortingsfleirtalet, og då kunne Kongen fritt velja si regjering. Dette endra seg med gjennombrotet for parlamentarismen i 1884. Parlamentarisme  er ordet vi bruker for å omtala systemet der det folkevalde parlamentet – Stortinget i Noreg – har makt til å avsetja regjeringa.

Men kva med Kongen?

I Grunnlova står det at den utøvande makta ligg hjå Kongen, men i praksis ligg ho i dag hjå regjeringa. Og som vi hugsar, er regjeringa indirekte vald av folket gjennom stortingsval.

Det er likevel framleis oppgåva til Kongen å be den aktuelle statsministerkandidaten om å danna regjering. Men takka vere det parlamentariske styresettet er denne førespurnaden mest ein formalitet. I praksis spør Kongen den statsministerkandidaten som kan klara å få støtte til regjeringsalternativet sitt frå stortingsfleirtalet.

Kven som kan klara å få støtte frå fleirtalet, vert klart når valresultatet er kjent, og dei politiske partia på Stortinget har fått snakka saman. På bakgrunn av desse samtalane gjev den avtroppande statsministeren eller stortingspresidenten råd til Kongen om kven som bør danna regjering.

Kvart år opnar Kongen Stortinget etter sommaren. Men han får ikkje vere til stades under stortingsmøta. Dette er fordi han, som representant for den utøvande makta, ikkje skal påverke den lovgjevande forsamlinga. Foto: Terje Heiestad/ Stortinget
Kvart år opnar Kongen Stortinget etter sommaren. Men han får ikkje vere til stades under stortingsmøta. Dette er fordi han, som representant for den utøvande makta, ikkje skal påverke den lovgjevande forsamlinga. Foto: Terje Heiestad/ Stortinget

Kongen skriv under lovene

Statsrådane eller ministrane i regjeringa møtest som regel hos Kongen kvar fredag. På dette møtet legg regjeringa fram saker dei treng signatur (sanksjon) frå Kongen på. Dette kan vere forslag som skal sendast til Stortinget for behandling eller lover som stortingsfleirtalet har behandla og vedteke. For at ei lov skal bli sett i kraft, treng ho underskrift frå Kongen og statsministeren.

Dersom Kongen skulle nekte å skrive under, vil lova blir send tilbake til Stortinget. Men Kongen har berre makt til å forseinke prosessen, for ei ny folkevald forsamling kan - etter eit stortingsval - tvinge lova gjennom. Vedtek dei folkevalde den same lova på nytt, vert ho sett i kraft – sjølv utan signatur frå Kongen.

Oppgåver til klasserommet

Oppgåvene har stigande vanskegrad.

1. Den norske grunnlova deler makta i tre: ei lovgjevande, ei utøvande og ei dømande. Kven har dei ulike rollene i Noreg i dag?

2. Kva er tanken bak maktfordelingsprinsippet, og kvar stammar prinsippet frå? Bruk gjerne internett til å finna svar.

3. Pressa vert gjerne kalla «den fjerde statsmakta», men er ikkje omtala som det i Grunnlova. Kvifor trur du pressa har fått dette kallenamnet?

4. Grunnlova nektar Kongen å vera til stades i Stortinget når det er debatt. Kvifor trur du det er slik?

5. Maktfordelingsprinsippet vert praktisert ulikt i ulike politiske system. Sjå nærare på Storbritannia og Island, samanlikn med Noreg, og peik på nokre likskapar og skilnader.


Sist oppdatert: 15.05.2018 13:59