Røystesetlar for fiktive parti. Illustrasjon: Stortinget

I stortingsvalet stiller mange ulike politiske parti lister med kandidatar. Røystene til veljarane avgjer kor mange av dei som vert valde inn. Partia i illustrasjonen finst ikkje i røynda. Illustrasjon: Stortinget

Bli kjend med dei politiske partia

Kva for nokre politiske parti har vi i Noreg? Og kva er eigentleg ein partileiar? Målet for denne øvinga er at elevane skal verta betre kjende med dei politiske partia på Stortinget.

Aktuelt kompetansemål

  • få kjennskap til viktige aktører og prosesser i det norske politiske systemet

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (kompetansenorge.no)

Undervisningsopplegget «Bli kjend med dei politiske partia» gjev ein introduksjon til dei politiske partia, og eignar seg godt til undervisning både i norskopplæring og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Gjennom øvinga vert elevane kjende med dei ni partia på dagens storting, leiarane deira, slagorda og logoane deira, og får noko kjennskap til politikken deira. Oppgåva omfattar partia som er representerte på Stortinget i perioden 2017–2021.

Øvinga er nivådelt, og vi tilrår at språksterke klassar utfører både del 1 og del 2. For lågare språknivå vil del 1 vera best eigna. Dei ulike delane er nærare omtala i rettleiinga nedanfor.

Innhald

Dette treng de

  • Skrivar og blanke A4-ark for utskrift av materiell
  • Saks
  • Limstift (del 2)
  • Blyant/ penn (del 2)
  • Internettilgang (del 2)

Som førearbeid til oppgåva kan det vera nyttig å lesa om politiske partiom val og om korleis ein kan påverka politikken, anten ein har røysterett eller ikke.


Sist oppdatert: 21.02.2018 14:47