Måleriet «Eidsvold 1814» er måla av Oscar Wergeland. Det viser nokre av dei som skreiv Grunnlova våren 1814. Foto: Teigens fotoatelier/ Stortinget

Måleriet «Eidsvold 1814» er måla av Oscar Wergeland. Det viser nokre av dei som skreiv Grunnlova våren 1814. Foto: Teigens fotoatelier/ Stortinget

Historie

Noreg har ikkje alltid vore eit demokrati. Før 1814 hadde folket lite makt, og det var Danmarks konge som bestemte over Noreg.

Aktuelle kompetansemål

  • få kunnskap om viktige prinsipper for demokratisk deltakelse som stemmerett og ytrings- og organisasjonsfrihet
  • få kjennskap til noen viktige sammenhenger mellom styreform, rettsstat og grunnleggende menneskerettigheter

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, kompetansenorge.no

På starten av 1800-talet
såg europakartet svært annleis ut enn i dag.
Noreg var i union med Danmark.
Denne unionen hadde vart i over 400 år.

I Europa var det krig på 1800-talet.
Napoleon leidde Frankrike i Napoleonskrigane.
Motstandarane til Frankrike var England
dei tyske statane og Russland.
Danmark-Noreg støtta Napoleon,
medan Sverige støtta Napoleon sine motstandarar.
Napoleon og Danmark-Noreg tapte krigen.
Den danske kongen
måtte derfor gje frå seg Noreg
til den svenske kongen.

Ei grunnlov blir til

Mange nordmenn ville at
Noreg skulle vere eit eige land,
ikkje i union med Sverige.
112 menn møttest på Eidsvoll
for å skrive Grunnlova for Noreg.
Ho vart ferdig i mai 1814.
Derfor feirar vi nasjonaldagen vår
den 17. mai kvart år.

Fordi den norske grunnlova var ferdig 17. mai 1814, er denne dagen Noregs nasjonaldag. Foto: Frank Eivind Rundholt (CC-BY-SA-3.0-lisens)

Grunnlova handlar
om korleis Noreg skal styrast.
Ho gjev også rettar til dei
som bur i Noreg.
Grunnlova byggjer på tre hovudprinsipp:

  • Fordeling av makt
  • Demokrati
  • Menneskerettar

I union med Sverige

Men Sverige ville ikkje
at Noreg skulle bli eit eige land.
Sommaren 1814 vart det derfor ein kort krig
mellom Sverige og Noreg.
Noreg tapte krigen 
og måtte då gå inn i union med Sverige.

Sjølv om Noreg var i union med Sverige,
fekk det norske folket bestemme mykje.
Noreg fekk behalde Grunnlova
og ha eit eige storting.

Det var Stortinget
som laga lovene for Noreg,
og gjennom val kunne folket bestemme
kven som skulle sitje på Stortinget.
Det einaste vi hadde felles med Sverige,
var kongen og utanrikspolitikken.

Noreg får sin eigen konge

Unionen mellom Sverige og Noreg varte til 1905.
Då vart Noreg eit heilt sjølvstendig land.
Folket ønskte at Noreg skulle vere eit monarki,
og kong Haakon vart vald til konge.

Anna Rogstad var lærar og den første kvinnelege stortingsrepresentanten. Foto: Nasjonalbiblioteket

Kvinner får stemmerett

I starten var det berre menn,
som eigde jord eller annan eigedom,
som fekk stemme ved val.
Kvinner fekk ikkje stemme,
og kunne heller ikkje bli stortingsrepresentantar.
Demokratiet var derfor svært avgrensa.

Dei fleste menn
– også dei med færre pengar –
fekk stemmerett i 1898.
Kvinner fekk stemmerett i 1913,
og kunne då veljast til stortingsrepresentantar.
Før dette var det berre nokre få kvinner
som hadde lov til å delta i politikk.

I 1911 fekk Stortinget
sin første kvinnelege representant.
Ho heitte Anna Rogstad.
Kvinner som betalte mykje skatt,
eller hadde formue,
fekk stemmerett og kunne veljast frå 1909.

I perioden 2017–2021
er det 69 kvinnelege representantar
på Stortinget.
Det vil seie ca. 40 prosent
av alle representantane.


Sist oppdatert: 22.02.2018 10:51