På bildet testar lærarar i vaksenopplæringa opplegget. Foto: Stortinget

I denne øvinga får elevane trening i å argumentere for dei politiske standpunkta sine. På bildet testar lærarar i vaksenopplæringa opplegget. Foto: Stortinget

Undervisningsopplegget Standpunkt

Standpunkt er eit undervisningsopplegg som er lagt til rette for elevar i vaksenopplæringa. Elevane må ta stilling til politiske saker, argumentere for standpunkta sine og diskutere med medelevar.

Elevane prioriterer politiske saker på temaark. Foto: Stortinget
Elevane prioriterer politiske saker innanfor ulike samfunnsområde. Foto: Stortinget

Gjennom klasseromsoppgåva Standpunkt får elevane jobbe med konkrete politiske saker. Dei får også øve seg på å prioritere mellom ulike samfunnsområde. På den måten kan dei få auka innsikt i politiske spørsmål og auka forståing for kva politiske avgjerder betyr i eige liv.

Standpunkt er utvikla av Stortinget med utgangspunkt i læreplanen for 50 timar med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det eignar seg til bruk i klasserommet.

Undervisningsopplegget inneheld seks temaark og eit partiprogram som læraren kan laste ned, skrive ut og ta med til klasserommet. I tillegg finst ei rettleiing til læraren om korleis ein kan bruke opplegget.

Last ned temaarka med politiske saker (bør skrivast ut i A4-format)
Last ned partiprogram (bør skrivast ut i A3-format)
Last ned lærarrettleiing (bør skrivast ut i A4-format)

Temaarka inneheld ulike politiske saker som elevane skal ta stilling til. Sakene handlar om transport, utdanning, arbeid, sosial, helse, omsorg, utanrikspolitikk og lokalpolitikk. Læraren kan velje kor mange og kva for politikkområde klassen skal jobbe med.

Språket er halde på eit enkelt nivå, tilpassa målgruppa. Vi tilrår likevel at elevane får god tid til å forstå innhaldet på temaarka før dei gjer sjølve oppgåvene. Den blanke baksida av temaarket kan eventuelt brukast til ordforklaringar eller omsetjing til morsmålet til elevane.

Undervisningsopplegget kan ein bruke på ulike måtar, avhengig av språknivået til elevane og kor mykje tid ein vil bruke på aktiviteten. I lærarrettleiinga beskriv ein fleire moglege framgangsmåtar og deloppgåver. Desse kan gjerne kombinerast for eit ekstra godt læringsutbyte.

Dette utstyret treng de:

  • Skrivar med moglegheit for å skrive ut i både A3- og A4-format
  • Saks
  • Limstift
  • Penn/ blyant

Sist oppdatert: 11.01.2018 12:18