På valdagen blir ofte skular og andre offentlege bygg brukte som stemmelokale. Fordi valet er hemmeleg, vel du stemmesetel bak ei gardin. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet (CC BY-NC 2.0-lisens)

På valdagen blir ofte skular og andre offentlege bygg brukte som stemmelokale. Fordi valet er hemmeleg, vel du stemmesetel bak ei gardin. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet (CC BY-NC 2.0-lisens)

Val

I Noreg har vi både stortingsval og lokalval. Det er stortingsval og lokalval kvart fjerde år, men ikkje i same år. Hausten 2017 var det stortingsval, og hausten 2019 er det lokalval.

Vis som temaark

Aktuelt kompetansemål

  • få kunnskap om viktige prinsipper for demokratisk deltakelse som stemmerett og ytrings- og organisasjonsfrihet

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, kompetansenorge.no

Ved stortingsval vel vi
169 representantar til Stortinget.
Stortingsrepresentantane blir valde frå heile Noreg.
Dei områda/ valdistrikta som har flest innbyggjarar,
har flest representantar på Stortinget.

I lokalval vel vi representantar
som skal sitje i kommunestyra og fylkestinga.
Representantane i kommunestyret bestemmer
over politikken i kvar kommune.
Dei har blant anna ansvar for
grunnskule og eldreomsorg i sin kommune.
Representantane i fylkestinget har ansvaret for
noko av politikken i kvart fylke,
for eksempel pengane til vidaregåande skule.

Politiske parti

Politikarane som blir valde ved stortingsval og lokalval,
er oftast medlemer av eit politisk parti.
Partia har partiprogram
som fortel kva dei meiner.
Politikarane følgjer partiprogrammet
til det partiet dei er medlem av.

Før val er det valkamp.
Då deler partia ut informasjon
og fortel kva dei ønskjer å gjere
dersom dei får mange nok stemmer.
Ein kan stemme på kva parti ein vil.

Kven kan veljast?

Alle som har stemmerett
kan bli valde inn på Stortinget.
Det er ingen krav til
utdanning, religion eller etnisk bakgrunn,
men ein må vere norsk statsborgar.

Partia lagar ei liste i kvart valdistrikt
med personar veljarane kan stemme på.
Får eit parti mange stemmer,
kjem fleire frå lista inn på Stortinget.

Ein treng ikkje vere norsk statsborgar
for å bli vald inn som representant
i fylkestinget eller kommunestyret.
Kravet ved lokalval er at ein må
ha budd i Noreg i minst tre år.
Ein må også bu i det fylket eller den kommunen
ein stiller til val i.

I både stortingsval og lokalval
må du vere over 18 år
(eller fylle 18 år i løpet av valåret)
for å stille til val.

I vallokalet kan ein velje mellom ulike parti sine lister med kandidatar. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet (CC BY-NC 2.0-lisens)


Sist oppdatert: 21.02.2018 14:42