Amina Bile med fleire demonstrerer framfor Stortinget. Foto: Torstein Bøe/ NTB scanpix

Amina Bile med fleire demonstrerer framfor Stortinget. Foto: Torstein Bøe/ NTB scanpix

Gå til aksjon

Aksjon er ein synleg påverknadskanal. Aksjonar kan ta mange ulike former: underskriftskampanjar, støtteaksjonar, boikottar og demonstrasjonar er nokre av dei.

Aktuelle kompetansemål

  • Gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen (etter 10. klasse)
  • Utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad (etter Vg 1/ Vg 2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Aksjonar er ofte tverrpolitiske. Det vil seia at personar med ulike partipolitiske ståstader går saman for å kjempa for ei sak dei er samde om. Aksjonar skil seg såleis frå partipolitikken.

Ofte er ein aksjon planlagd av ein organisasjon, eller fleire organisasjonar går saman for å skapa merksemd rundt ei konkret sak. Ein styrke ved aksjonar er at dei ofte fører til mediedekning.

Fysiske og digitale aksjonar

Ofte er målet til aksjonistane å fanga merksemda til politikarane, av di det er desse som sit med makt til å ta avgjerder i den aktuelle saka aksjonistane er opptekne av. Mange vel difor Eidsvolls plass utanfor Stortinget som arena. Vil du aksjonera på Eidsvolls plass, må du søkja om løyve på førehand.

Fakkeldemonstrasjon framfor Stortinget. Foto: Audun Braastad/ NTB scanpix
Mange vel plassen framfor Stortinget som stad for sine aksjonar. Foto: Audun Braastad/ NTB scanpix

Forutan fysiske aksjonar vert det stendig vanlegare med digitale underskriftskampanjar og aksjonar eller kampanjar i sosiale medium. Fleire organisasjonar oppmodar òg medlemene sine til å skriva under på opprop via tekstmelding. Såleis spreier dei bodskapen i aksjonen til mange menneske, som er på ulike stader, på kort tid.

Klarer du å få med deg mange menneske på aksjonen, og særleg om du greier å få media til å dekkja saka, aukar sjansane for at du vert høyrd av politikarane på Stortinget eller lokalt – der du bur. 

Vel rette tida for aksjonen

Det er viktig å tenkja gjennom kva du ynskjer å oppnå med aksjonen, både for å vita når du skal aksjonera og korleis.

Dersom du ynskjer å påverka avgjerdene i Stortinget, bør du som regel vera tidleg ute. Ettersom utfallet av dei fleste politiske sakene er avgjort i fagkomiteane – før saka skal handsamast i stortingssalen – er det som regel for seint å aksjonera den dagen saka di skal opp til votering (avrøysting) i Stortinget. Di tidlegare du byrjar, di større er sjansen for at du får gjennomslag.

Aksjonistar tok i bruk sivil ulydnad for å protestera mot bygging av kraftliner i Hardanger i 2011. Foto: Johan Simon Seland/ Flickr (CC-BY-2.0-lisens)
Aksjonistar tok i bruk sivil ulydnad for å protestera mot bygging av kraftliner i Hardanger i 2011. Foto: Johan Simon Seland/ Flickr (CC-BY-2.0-lisens)

Lær meir om korleis sakene vert handsama i Stortinget, for å forstå når du bør aksjonera.

Sivil ulydnad og støttemarkeringar

Vi skil mellom lovlege og ulovlege aksjonar. Ein ulovleg aksjon kallar vi sivil ulydnad, og kan til dømes dreia seg om trafikkblokadar eller demonstrasjonar som ikkje er varsla til politiet på førehand.

Ulovlege aksjonar, som er til hinder for andre eller medfører skadar på gjenstandar og eigedom, er strafflagde. Til dømes greip politiet inn mot sivil ulydnad då dei fjerna aksjonistar som freista stansa bygginga av kraftliner i Hardanger i 2011.

Aksjonar treng likevel ikkje ta form av ein protest eller eit innlegg i ein politisk debatt. Dei kan òg vera eit uttrykk for støtte eller samhald. Etter terroraksjonen i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 samla folk seg i rosemarkeringar og fakkeltog i heile landet. I Oslo møtte nærare 200.000 menneske opp på Rådhusplassen for å minnast ofra og heidra demokratiet.


Sist oppdatert: 19.02.2018 17:10