To tenåringsgutar med smarttelefon. llustrasjonfoto: Maskot/ NTB Scanpix

Du kan nytta både tradisjonelle og nye medium til å påverka politikken. Illustrasjonsfoto: Maskot/ NTB Scanpix

Bruk media

Dersom du ynskjer å setja søkjelyset på ei sak du tykkjer er viktig, kan både tradisjonelle og sosiale medium vera til hjelp.

Aktuelle kompetansemål

  • Gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen (etter 10. klasse)
  • Utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad (etter Vg 1/ Vg 2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Det er liten tvil om at media spelar ei viktig demokratisk rolle, og har stor makt. Medieinnhaldet er med på å påverka kva både politikarar og «vanlege menneske» vert opptekne av. Dersom ein kjempar for ei sak, er medieomtale uvurderleg.

Korleis få medieomtale?

Ein av dei enklaste framgangsmåtane er å prøva å få eit lesarbrev på prent i ei avis eller publisert i ei nettavis. Mange les lesarbrev, og dei kan vera med på å skapa debatt. Takk vere høvet sosiale medium gjev til å få spreidd teksten, kan eit elektronisk innlegg i ei nettavis i mange tilfelle nå ut endå breiare enn eit prenta innlegg.

Mange journalistar har som jobb å dekkja det som går føre seg på Stortinget. Biletet viser vandrehallen på Stortinget på ein dag med særs mykje mediedekning. Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget
Mange journalistar har som jobb å dekkja det som går føre seg på Stortinget. Biletet viser vandrehallen på Stortinget på ein dag med særs mykje mediedekning. Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget

Det er òg mogeleg å ta kontakt med nyhenderedaksjonar og høyra om dei er viljuge til å omtala saka. For media er det ofte viktig at saka er tidsaktuell, så du bør til dømes tenkja over om det er spesielle tider på året saka di er særleg relevant.

Hugs at det kan vera lettare å få gjennomslag i lokalmedia enn i dei store riksmedia. For lokalaviser, lokalradio og lokal-TV er det viktig å finna saker frå nærområdet.

Dei store redaksjonane får mange førespurnader kvar einaste dag, og berre eit fåtal resulterer i nyhendeoppslag. Personar som jobbar langsiktig, mellom anna gjennom interesseorganisasjonar, freistar gjerne å halda jamleg kontakt med journalistar og redaksjonar. Dette kan resultera i fleire nyhendeoppslag over ei viss tid. Journalistar er alltid avhengige av å få gode nyhendetips.

Ta ordet sjølv i sosiale medium

Utover 2000-talet har sosiale medium etablert seg som ein viktig kanal for påverknad. Gjennom sosiale medium kan einskildmenneske sjølve, ikkje berre avisredaksjonar og andre massemedium, publisera innhald for eit større publikum.

Sosiale medium kan brukast for å påverka politisk. Illustrasjonsfoto: Jason Howie (Creative Commons 2.0-lisens)
Sosiale medium kan brukast for å påverka politisk. Illustrasjonsfoto: Jason Howie (Creative Commons 2.0-lisens)

Sosiale medium kan verka som kanal mellom einskildmenneske og som kanal mellom massemedia og einskildmenneske i samfunnet. Jamt fleire brukar no sosiale medium som inngang til nettavisene, og sosiale medium har difor vorte ein viktig kanal for massemedia til å nå ut med innhaldet sitt.

Men i sosiale medium kan kommunikasjonen mellom einskildmenneske og dei etablerte massemedia gå båe vegar. Til dømes kan ein journalist laga ei nyhendesak med utgangspunkt i ein debatt som starta på Facebook eller plukka opp ei interessant historie på ein blogg.

Om du ynskjer at dei redaksjonelle media skal omtala ei sak du er oppteken av, kan det altså vera lurt å bruka sosiale medium strategisk. Kanskje kan du starta ein diskusjon på Facebook, kontakta stortingsrepresentantar på Twitter eller laga filmsnuttar til Youtube. Eller kva med å oppretta din eigen blogg?

Media set dagsorden

Årsaka til at media har makt, er ganske enkelt at dei når ut til mange menneske og dermed set saker på dagsordenen. Dei fleste nordmenn brukar massemedium som aviser, TV, radio og Internett fleire gonger om dagen.

Ofte tek vi utgangspunkt i medieoppslag når vi diskuterer med andre, og dette gjeld sjølvsagt òg politikarar. I spørjetimen på Stortinget, der stortingsrepresentantane stiller spørsmål til regjeringa, ser vi ofte at spørsmåla er baserte på medieoppslag.

Også under valkampar er media særs viktige. Få veljarar les partiprogramma, dei fleste baserer seg på politisk informasjon frå TV, aviser, radio og Internett. Utvalet av politiske saker som media gjer er difor med på å påverka kva saker veljarane oppfattar som viktigast.

Oppgåver til klasserommet

1.  Sjå oversikta over nyleg stilte spørjetimespørsmål. Finn du spørsmål som refererer til medieoppslag?

2. Mange av dei mest populære sosiale media er såkalla algoritmestyrte. Det vil i praksis seia at aktiviteten til brukaren, til dømes kva type innhald hen deler og likar, påverkar kva innhald brukaren får sjå meir og mindre av - i sin nyhendestraum. Det er vorte hevda at dette kan bidra til "ekkokammer", der ein får sin eigen røyndomsoppfatning stadfesta framfor å få henne utfordra av andre argument.  Diskuter påstanden.

3. I tradisjonelle medium, som aviser, TV og radio, er ansvaret for innhaldet som vert publisert tydeleg plassert hjå ein redaktør. Diskuter fordelar og ulemper ved at kvar og ein av oss kan vera vår eigen redaktør i sosiale medium.


Sist oppdatert: 27.04.2018 16:54