Gjennom å delta i stortingsvalet påverkar du mellom anna skulepolitikken. Foto: Stortinget

Gjennom å delta i stortingsvalet påverkar du mellom anna skulepolitikken. Foto: Stortinget

Bruk røysteretten

Når du deltek i stortingsval, er du med på å bestemma utviklinga av samfunnet vårt. 

Aktuelle kompetansemål

  • Gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skulen (etter 10. klasse).
  • Utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad (etter Vg 1/ Vg 2)
  • Analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg (etter Vg 1/ Vg 2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Summen av alle røystene i eit stortingsval avgjer kor mange representantar kvart parti får på Stortinget. Styrketilhøvet mellom partia bestemmer om dei får gjennomslag i dei sakene som partia og veljarane deira er opptekne av. Gjennom å røysta i stortingsval påverkar du kva for røyster i samfunnet som vert høyrde, og kva saker og samfunnsområde som vert prioriterte i åra som kjem.

Kontrakten mellom partia og veljarane

For at veljarane skal vita kva dei ulike politiske partia står for, lagar alle partia eit partiprogram før valet. I partiprogramma fortel partia kva dei meiner, og kva dei vil jobba for innanfor ei lang rekkje område, til dømes skule, innvandring og miljø.

I valkampen deler partia ut partiprogramma sine, der det står kva politikk dei vil jobba for. Foto: Senterpartiet (CC BY 2.0-lisens)

 Vi kan sjå på partiprogrammet som ein kontrakt mellom eit parti og veljarane deira. Om partiet får gjennomslag for sakene i programmet sitt, er sjølvsagt avhengig av kor mange representantar dei får inn på Stortinget, og kor mykje makt dei får.

Men veljarane må kunna stola på at partia ikkje endrar meining i saker dei har omtalt i partiprogrammet. Dersom partia endrar meining, kan det svekkja tilliten til politikarane. Veljarane vil då kanskje røysta på eit anna parti ved neste val, eller til og med la vera å røysta.

Finn du ingen du er heilt einig med?

Svært få finn eit parti dei er einige med i absolutt alle saker. Sjølv stortingsrepresentantar opplever iblant å vera ueinig med fleirtalet i sitt eige parti.

Det er fordi ein gjerne engasjerer seg i politikken på grunn av éi eller nokre få saker ein er spesielt oppteken av. Eit parti, derimot, er nøydd til å ta standpunkt i alle aktuelle politiske saker. Dermed kan det fort skje at ein er einig i noko, men ikkje i alt, som står i eit partiprogram. Kanskje bør ein røysta på det partiet ein er minst ueinig med?

Lær meir om politiske parti

Sjølv om det kan vera vanskeleg å finna eit parti ein er einig med i alle saker, kan ein prøva å finna eit parti som har eit ideologisk grunnsyn ein er einig i. Ofte vil dette grunnsynet avgjera kva standpunkt partiet tek i ulike saker. For å gjera deg kjend med kva grunnsyn dei ulike partia har, kan du til dømes finna fram til prinsipprogramma på nettsidene deira.

Visste du forresten at ein ikkje må vera myndig eller ha røysterett for å verta medlem av eit parti?

Partia set personar på røystesetelen

Når du røystar på eit parti, røystar du i praksis på ei liste med personar. Før stortingsvalet nominerer nemleg partia kandidatar i kvart valdistrikt og plasserer dei på stemmesetelen i prioritert rekkjefølgje.

Stemmesetel
Når du røystar på eit parti, røystar du på ei liste over personar som partiet har sett opp i prioritert rekkjefølgje. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet (CC BY-ND 2.0-lisens).

I praksis påverkar difor partia sterkt kva personar som vert valde inn på Stortinget. Men kor mange av kandidatane sine partia får valt inn frå kvart valdistrikt, er avhengig av kor mange røyster partia får.

Bør 16-åringar få røysta?

Synet på kven som skal ha rett til å røysta, har endra seg gjennom historia. Til dømes fekk ikkje kvinner lov til å røysta, og ein måtte vera over 25 år for å ha røysterett då Grunnlova vart skriven i 1814. I tillegg var det eit krav at dei med røysterett anten var embetsmenn, kjøpmenn eller eigde jord. Det innebar at berre om lag 7 prosent av heile befolkninga hadde røysterett i 1814. Til samanlikning har omtrent 75 prosent av alle som bur i Noreg, røysterett i dag.

Sjå tidslinje over utvidingane av røysteretten

Mange av dei avgjerdene Stortinget tek, har store konsekvensar for ungdom. Difor meiner nokon at også 16- og 17-åringar bør få seia meininga si om politiske saker gjennom val. Også enkelte stortingsrepresentantar har føreslått dette. Stortinget debatterte seinast eit forslag om å senka røysterettsalderen i mai 2016, men forslaget fekk ikkje fleirtal.

Røysteplikt i enkelte land

Ved stortingsvalet i 2017 brukte 78,2 prosent av befolkninga med røysterett denne retten. Samanlikna med mange land i verda er dette eit høgt tal, men likevel var det over 20 prosent som ikkje deltok i valet. Hos dei yngre med røysterett var valdeltakinga betydeleg lågare. I aldersgruppa 18–19 år brukte berre 72,7 prosent røysteretten sin. Men det er dei nest yngste som deltek minst: 64, 3 prosent av dei mellom 20 og 24 år røysta i stortingsvalet i 2017.

Lær om korleis stortingsval går føre seg

Visste du forresten at nokre land har røysteplikt? Det gjeld mellom anna Hellas og Australia. Australske borgarar over 18 år får bot dersom dei lèt vera å røysta utan å ha ein gyldig grunn til å la vera. I Noreg er det frivillig å røysta.

Oppgåver til klasserommet

1. Søk på Internett etter partiprogrammet til tre av partia på Stortinget. Vel eit tema (t.d. skule, innvandring eller miljø), og finn forskjellar og likskapar mellom partia.

2. Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg har sagt: «Å finne seg et politisk parti kan sammenlignes med å finne seg en kjæreste. Dersom man er på jakt etter det som er feilfritt og perfekt blir man sittende singel i sofaen under valget.» Kva meiner han med det?

3. Tenk deg at du har ein venn som akkurat har fått røysterett ved stortingsval, men som ikkje planlegg å bruka han. Skriv ned fem argument for kvifor vedkommande bør røysta.

4. Ovanfor las du at fleire av dei yngste (18–19 år) røystar, samanlikna med dei nest yngste (20–24 år). Dette gjentek seg i eit mønster, val etter val. Kvifor er det slik, trur du?

5. Diskuter fordelar og ulemper ved røysteplikt. Kvifor / kvifor ikkje synest du Noreg bør innføra ei slik plikt?

6. Søk på Internett og finn eit døme på at ein stortingsrepresentant har vore ueinig med sitt eige parti. Kva handla saka om, og kvifor trur du representanten var ueinig med partiet sitt?


Sist oppdatert: 19.02.2018 13:50