Unge medlemer av Norsk Folkehjelp rappellerer. Foto: Werner Anderson/ Norsk Folkehjelp (CC BY 2.0-lisens)

Det kan vera moro å vera med i ein friviljug organisasjon. Svært mange organisasjonar har òg politiske mål med arbeidet sitt. Foto: Werner Anderson/ Norsk Folkehjelp (CC BY 2.0-lisens)

Organiser deg

Det finst tusenvis av organisasjonar i Noreg i dag. Mange av dei driv politisk påverknadsarbeid. Som medlem av ein organisasjon kan du vera med og påverka.

Aktuelle kompetansemål

  • Gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen (etter 10. klasse)
  • Utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad (etter Vg 1/ Vg 2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Med «organisasjon» meiner vi til dømes idrettslag, friviljuge organisasjonar som Amnesty eller Natur og Ungdom, interesseorganisasjonar som Norges Handikapforbund eller Dysleksi Norge, og arbeidstakarorganisasjonar som Unio eller LO.

Jamvel ein fotballtribune kan vera politisk

Dei aller fleste vaksne i Noreg er medlem av minst eitt lag eller ein organisasjon. Blant ungdom er det mest vanleg å vera medlem av eit idrettslag. Som skuleelev er du kanskje medlem av Elevorganisasjonen?

Ein organisasjon får større gjennomslag di fleire som er medlemer. Vi kan seia at organisasjonen har større legitimitet, av di han talar på vegner av fleire. På den måten kan medlemskapen din i seg sølv gjera at organisasjonen får meir makt og større høve til å påverka. Personar over 15 år vel sjølve kva organisasjonar eller foreiningar dei vil melda seg inn og ut av.

I 2016 demonstrerte mange elevar mot fråværsgrensa i vidaregåande skule. Foto: Mimsy Møller/ Samfoto/ NTB Scanpix
I 2016 demonstrerte mange elevar mot fråværsgrensa i vidaregåande skule. Foto: Mimsy Møller/ Samfoto/ NTB Scanpix

Vi brukar ofte omgrepet «organisasjonskanalen» av di organisasjonane verkar som viktige kanalar for politisk innflyting og påverknad. Jamvel organisasjonar som ikkje har politisk påverknad som det viktigaste målet sitt, har ofte politiske sider ved seg. Ein lokal fotballklubb som kjempar for kommunal støtte til nye tribunar driv òg med politikk.

Organisasjonar tek ordet på Stortinget

Storting og regjering bed ofte om innspel fra organisasjonar når dei skal ta avgjerder i politiske saker som organisasjonane er ekspertar på, eller vert rørte av. Organisasjonar kan søkja om å få koma når fagkomiteane på Stortinget har høyringar i saker som vedkjem dei.

Om regjeringa ynskjer å endra innhaldet i nokre av faga på skulen, kan ho invitera både lærar- og elevorganisasjonane til å seia meininga si om saka. I eit politisk spørsmål som handlar om born på flukt kan organisasjonar som Redd Barna og Raudekrossen koma med viktige innspel. Og handlar saka om tilrettelegging for synshemma, kan Norges Blindeforbund vera ein nyttig sparringspartnar for dei som skal ta avgjerdene.

Mange organisasjonar har jamleg kontakt med politikarar for å påverka i politiske saker over tid.


Sist oppdatert: 19.02.2018 17:20