Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar i samtale med statsminister Erna Solberg. Foto: Niklas R. Lello/LNU_CC BY-ND 2.0-lisens

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar i samtale med statsminister Erna Solberg. Foto: Niklas R. Lello/LNU_CC BY-ND 2.0-lisens

Ta kontakt med politikarar

Politikarane representerer folket, og skal jobba for det folk er opptekne av. Men då må dei kjenna oss og vita kva vi meiner om ulike saker.

Aktuelle kompetansemål

  • Gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen (etter 10. klasse)
  • Utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad (etter Vg 1/ Vg 2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Politikarane treng innspel for å ta dei rette avgjerdene på vegner av veljarane. Det er fullt mogeleg å kontakta ein politikar om du veit noko om ei sak som du meiner det er viktig å formidla til politikarane. Men før du gjer det, kan det vera lurt med litt førebuing.

Du bør kjenna saka godt, og kunna forklara kvifor du meiner ho er viktig. Det er viktig at informasjonen og argumenta du kjem med er relevante. Dersom politikarane skal ta omsyn til det du har å seia, må dei vera trygge på at det du seier er sant, og at undersøkingane dine er grundige.

Ver tydeleg, og kom gjerne med konkrete framlegg til korleis du vil at noko skal vera. Ofte kan det òg vera lurt å visa at saka vedgår fleire enn deg sjølv. Du kan til dømes samarbeida med andre om å laga ein aksjon eller ein underskriftskampanje. Og kanskje finst det alt ein organisasjon som kan hjelpa?

Det er òg lurt å tenkja over kva for nokre politikarar du bør kontakta.

Kontakt lokalpolitikarar

Om det er ei sak som gjeld nærmiljøet, der du bur, kan du kontakta ein lokalpolitikar. Du finn kontaktinformasjon til lokalpolitikarar på nettsidene til  kommunen og fylkeskommunen. Ein del kommunar har òg eigne ungdomsråd som det er råd å engasjera seg i. Ungdomsråda har jamlege møte med politikarar i kommunen.

Du kan òg fremja eit innbyggjarframlegg om ei sak du er oppteken av. Visste du at kommunelova gjev deg rett til å få saka di handsama av kommunestyret dersom framlegget får støtte av minst 300 personar eller to prosent av innbyggjarane i kommunen? På nettsida minsak.no er det enkelt å starta arbeidet med eit slikt innbyggjarframlegg.

Kontakt stortingsrepresentantar

Om du er oppteken av ei sak som gjeld heile landet eller internasjonale tilhøve, kan det passa bra å kontakta ein representant på Stortinget.

Stortingsrepresentantane Abid Raja og Hans Fredrik Grøvan under høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Foto: Morten Brakestad/ Stortinget
Stortingsrepresentantane Abid Raja og Hans Fredrik Grøvan under høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Foto: Morten Brakestad/ Stortinget

Det kan vera lurt å kontakta ein av dei som kjem frå heimstaden din eller ein som sit i den fagkomiteen på Stortinget som jobbar med det samfunnsområdet saka gjelder. Til dømes kan du kontakta ein representant i familie- og kulturkomiteen dersom saka di dreier seg om kulturtilbod til ungdom.

Sidan utfallet i dei fleste sakene alt er gjeve når saka skal handsamast i stortingssalen, er det lurt å setja inn støyten medan saka vert førebudd i den aktuelle komiteen. Lær meir om saksgangen i Stortinget.

Alle stortingsrepresentantar har ei ope tilgjengeleg e-postadresse, og dei fleste kan du òg nå på telefon. Stortingsrepresentantane kan dessutan kontaktast via eit eige kontaktskjema. Du kan òg forsøkja å kontakta representantar på Twitter og Facebook.

Kva er lobbyverksemd?

Har du kontakt med stortingsrepresentantar for å påverka avgjerdene deira, driv du med lobbyverksemd. Ordet lobby kjem frå engelsk og tyder korridor eller vestibyle. Du kan nesten seia at å «lobba» er som å «ta ein prat ute i gangen».

Jamt fleire personar har som jobben sin å påverka Stortinget. Det kan vera at dei arbeider i eit kommunikasjonsbyrå eller som rådgjevarar/ konsulentar for større og mindre organisasjonar. Desse kan vi kalla profesjonelle lobbyistar. Dei kjenner gjerne både Stortinget og mange av representantane personleg, og er ofte gode på å påverka på dei mest avgjerande tidspunkta i handsaminga av ei sak i Stortinget.

Profesjonelle lobbyistar arbeider systematisk og langsiktig. Det vil seia at dei ikkje berre lobbar i enkeltsaker som er til handsaming, men at dei òg forsøkjer å påverka haldningane til politikarane over tid.


Sist oppdatert: 19.02.2018 14:03