Stortingsrepresentantane jobbar i komitear med ansvar for ulike samfunnsområde. På bildet ser du eit møte i kommunal- og forvaltingskomiteen. Foto: Stortinget

Stortingsrepresentantane jobbar i komitear med ansvar for ulike samfunnsområde. På bildet ser du eit møte i kommunal- og forvaltingskomiteen. Foto: Stortinget

Dette er dei viktigaste oppgåvene til Stortinget

Stortingsrepresentantane er valde for å utføre bestemde oppgåver og fatte viktige vedtak på vegne av folket. I denne teksten lærer du meir om jobben deira.

Aktuelle kompetansemål

  • gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land (etter 10. trinn)
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet (etter Vg1/ Vg2)
  • gjøre rede for viktige norske og samiske politiske institusjoner og organer og forklare hvilke funksjoner de har (politikk og menneskerettigheter)

Læreplan i samfunnsfag og læreplan i programfaget politikk, individ og samfunn, udir.no

Stortinget har tre hovudoppgåver:

  1. Vedta, endre og oppheve lover
  2. Vedta statsbudsjettet
  3. Kontrollere regjeringa og statsadministrasjonen

Difor seier vi ofte at Stortinget er både lovgjevande, løyvande og kontrollerande makt i Noreg.

Stortinget som lovgjevande makt

I ein rettsstat er samfunnet regulert av lover, og borgarane skal vite kva for rettar og plikter dei har. I Noreg er lovene samla i boka Norges lover.

Kvart år behandlar Stortinget mange hundre lovforslag. Forslaga kan dreie seg om alt frå dyrepoliti og fråværsgrense til eldreomsorg og klimaavtaler.

Men det betyr ikkje at lovsamlinga vert tjukkare for kvart år som går. Mange av forslaga Stortinget behandlar, dreiar seg nemleg om å tilpasse eksisterande lovverk til dagens verkelegheit. Ny teknologi og delingsøkonomi er eksempel på nye problemstillingar i samfunnet som kan krevje justering av lovverket. Stortingsrepresentantane kan også oppheve gamle lover når dei ser det som nødvendig. Sjå kva for lovsaker som er til behandling i Stortinget no.

Mange assosierer lover med forbod. Men lover handlar også om kva rettar vi har. Opplæringslova gjev barn og ungdom rett til skulegang, helselova gjev rett til behandling på sjukehus, medan friluftslova gjev rett til å slå opp telt i naturen.

Telt på stranda. Illustrasjonsfoto: Opal Mariell/Flickr (CC BY-NC-ND 2.0-lisens).
Lover inneheld ikkje berre forbod. Friluftslova gjev deg for eksempel rett til å slå opp telt i naturen. Illustrasjonsfoto: Opal Mariell/Flickr (CC BY-NC-ND 2.0-lisens).

Nokre lover sikrar rettar for nokon ved å påleggje andre plikter. For å sikre at dei tilsette har gode arbeidsforhold, pålegg for eksempel arbeidsmiljølova arbeidsgjevaren å leggje til rette for pausar. Norges lover inneheld også vedtak om kva slags straffereaksjon ein kan få dersom ein bryt ei lov.

Dei fleste lovforslaga kjem frå regjeringa, men stortingsrepresentantane har også moglegheit til å fremje eigne forslag. Sjå film om lovforslaget til ein fiktiv stortingsrepresentant (spelt av Bård Tufte Johansen).

Alle lovforslag vert lagde fram for Stortinget, som fordeler sakene til komiteen som har ansvaret for det aktuelle fagområdet. Komiteen innhentar relevant informasjon, blant anna ved å invitere partane dette gjeld, på høyring. Deretter legg komiteen fram innstilling med tilråding om vedtak til Stortinget i plenum. Dersom stortingsfleirtalet stemmer ja til forslaget til innstilling, går vedtaket vidare til andregongsbehandling. Dersom lovforslaget får støtte frå fleirtalet i begge behandlingane, er lova vedteken og klar for signering av Kongen og kontrasignering av statsministeren.

Teksten held fram etter at stortingsrepresentant Tina Bru har forklart kva ein stortingskomité er.

Les om saksgangen i Stortingets behandling av lovforslag

Stortinget som løyvande makt

Ifølgje Grunnlova er det Stortinget som bestemmer over statens inntekter og utgifter. Det vil seie at det er Stortinget som, gjennom løyvingar på statsbudsjettet, stiller pengar til disposisjon for den utøvande makta, regjeringa. Det er også det folkevalde Stortinget som avgjer kor mykje pengar staten skal krevje inn gjennom skattar og avgifter.

Både inntekter og utgifter står oppførde i statsbudsjettet, som vert behandla i Stortinget kvar haust. Statsbudsjettet er det viktigaste styringsverktøyet for norsk økonomi.

Forutan skattar og avgifter – på for eksempel inntekt og formue, alkohol og tobakk – er petroleumsverksemda Noregs viktigaste inntektskjelde. Mesteparten av oljeinntektene vert sparte i Statens pensjonsfond utland, populært kalla Oljefondet. Men ein del av pengane vert brukte, saman med inntekter frå skattar og avgifter, til å finansiere dei mange utgiftene til staten.

I oktober legg regjeringa fram forslaget til statsbudsjett, og finansministeren held finanstalen, som gjerne får mykje merksemd frå pressa. Bildet er teke like etter finanstalen i 2016 og viser intervju i vandrehallen i Stortinget. Etter framlegginga startar den omfattande budsjettbehandlinga i Stortinget. Foto: Stortinget.

Den største utgiftsposten er knytt til å finansiere ulike velferdsytingar gjennom folketrygda. Dette sikrar innbyggjarane i Noreg økonomisk hjelp gjennom livet ved blant anna sjukdom, svangerskap, arbeidsløyse, alderdom og dødsfall. Men staten har også store utgifter til for eksempel sjukehus, skular og barnehagar, veg og jernbane og Forsvaret. Alt dette vert finansiert gjennom løyvingar over statsbudsjettet til dei ulike departementa, som vert leidde av regjeringa.

Det er regjeringa, ved Finansdepartementet, som føreslår statsbudsjettet. Men til liks med lovforslag må statsbudsjettet ha fleirtal i Stortinget for å verte vedteke.

Når budsjettet er lagt fram for Stortinget, er det presidentskapet som føreslår fordelinga av dei enkelte budsjettkapitla til dei ulike fagkomiteane. Finanskomiteen har ansvaret for å samordne budsjettarbeidet og leggje fram innstilling om dei økonomiske rammene for dei ulike politikkområda. Dei andre fagkomiteane behandlar deretter budsjetta for sine politikkområde, før dei legg fram budsjettinnstillingane til debatt i Stortinget.

Alle innstillingane frå komiteane skal stemmast over i stortingssalen innan 15. desember slik at budsjettet er på plass i god tid før det nye budsjettåret startar. Les meir om Stortingets budsjettarbeid, og sjå film om budsjettbehandlinga.

Stortinget som kontrollerande makt

I samsvar med maktfordelingsprinsippet skal Stortinget også kontrollere den utøvande makta, regjeringa. Stortinget fører kontroll på ulike måtar, gjennom ulike kontrollorgan og spørjeformer.

Spørjetimen vert halden i Stortinget kvar onsdag og er kanskje den mest kjende spørjeforma. I munnleg spørjetime kan stortingsrepresentantane stille spørsmål til utvalde statsrådar frå regjeringa, som må svare på ståande fot. I ordinær spørjetime har regjeringa fått spørsmåla oversende på førehand.

Teksten held fram etter at stortingsrepresentant Martin Henriksen har forklart kva spørjetimen er.

Skriftlege spørsmål er ei anna, kort spørjeform. Her skal statsråden som får spørsmålet, gje eit skriftleg svar til Stortinget innan seks verkedagar. Ein interpellasjon er eit meir omfattande spørsmål til regjeringa, og ved slike spørsmål vert det sett av meir tid til debatt enn ved eit spørjetimespørsmål.

Ein av Stortingets faste komitear, kontroll- og konstitusjonskomiteen, har også eit særleg ansvar for å føre kontroll med regjeringa og statsadministrasjonen (forvaltninga). Alle partia på Stortinget skal vere representerte i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

I tillegg oppnemner Stortinget fleire eksterne kontrollorgan. Riksrevisjonen kontrollerer korleis staten forvaltar pengane sine, medan Sivilombodsmannen behandlar klager frå borgarar som hevdar at offentlege myndigheiter har gjort feil eller urett mot dei.

Sjå den fiktive stortingsrepresentanten Børge Vegheim, spelt av Bård Tufte Johansen, forsøkje ulike kontrollformer i denne filmen, eller les meir om Stortingets kontrollfunksjon.

Lurer du på kva Stortinget kan gjere dersom det – i sitt kontrollarbeid – avdekkjer kritikkverdige forhold? Les om mistillitsforslag og parlamentarisme.


Sist oppdatert: 17.04.2018 10:35