Den 17. mai feirar vi Grunnlova. Barnetoget går då forbi stortingsbygningen, staden der dokumentet frå 1814 både vert teke hand om og endra. Foto: Stortinget.

Den 17. mai feirar vi Grunnlova. Barnetoget går då forbi stortingsbygningen, staden der dokumentet frå 1814 både vert teke hand om og endra. Foto: Stortinget.

Grunnlova før og no

Grunnlova er den mest grunnleggjande lovgivinga vi har i Noreg. I denne teksten lærer du om dei viktigaste prinsippa i Grunnlova, og korleis grunnlovsendringar kan gjerast.

Aktuelle kompetansemål

  • finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis (etter 10. klasse)
  • presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskrive korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag (etter 10. klasse)
  • gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land (etter 10. klasse)
  • diskutere sammenhenger mellom styreform, rettsstat og menneskerettigheter (etter Vg 1/ Vg 2)
  • gjøre rede for styreformen og de viktigste politiske styringsorganene i Norge, både norske og samiske, og drøfte flertallsdemokratiet (etter Vg 1/ Vg 2)
  • drøfte hvordan opplysningstidens ideer påvirket og ble påvirket av samfunnsomveltninger på 1700- og 1800-tallet (etter Vg 3)
  • gjøre rede for demokratiutvikling i Norge fra 1800-tallet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklingen (etter Vg 3)
  • forklare begrepet menneskerettigheter og gjøre rede for hovedlinjer i utviklingen av menneskerettighetene (Vg 3, politikk og menneskerettigheter)

Læreplan i samfunnsfag, historie og programfaget politikk og menneskerettigheter, udir.no.</p

I Grunnlova finn vi dei grunnleggjande rettane og pliktene som landets lover byggjer på. Her står også reglar for statsforma og dei viktigaste maktinstitusjonane. Grunnlova dannar rammene for dei andre lovene, og inga anna lovgjeving står over ho.

Grunnlova sette stoppar for eineveldet

Grunnlova av 17. mai 1814 vart skriven som ein reaksjon på Kieltraktaten, der Noreg vart overdrege frå den danske til den svenske kongen. Noreg vart eit krigsbytte og ein del av oppgjeret etter Napoleonskrigane.

Lær meir om året 1814, som var så rikt på hendingar.

I unionen Danmark-Noreg var det den danske kongelova (frå 1660) som galdt. Ho slo fast at Kongen var eineveldig, det vil seie at han hadde tilnærma all makt i samfunnet. Kongen kunne både lage lovene og dømme etter lovene.

Riksforsamlinga, som var samla på Eidsvoll våren 1814 for å skrive Noregs grunnlov, meinte det var viktig å dele opp makta for å unngå maktkonsentrasjon, samt å forankre makta hos folket sjølv. Vidare var det viktig å sikre borgarane rettar for å hindre at staten kunne gripe inn i privatlivet til folk.

Grunnlova vart endra allereie hausten 1814, i samband med at Noreg gjekk inn i union med Sverige. På bildet ser ein ein grunnlovsplakat frå 1827, henta frå Nasjonalbiblioteket.

Grunnlova vart endra allereie hausten 1814, i samband med at Noreg gjekk inn i union med Sverige. På bildet ser ein ein grunnlovsplakat frå 1827, henta frå Nasjonalbiblioteket.

Vi snakkar difor gjerne om at Grunnlova har tre hovudprinsipp som dannar grunnlaget for det samfunnet vi har i dag: folkesuverenitetsprinsippet, maktfordelingsprinsippet og menneskerettane.

Folkesuverenitetsprinsippet

Ideen om folkesuverenitet inneber at makta skal utgå frå folket og at samfunnet skal styrast slik folket ønskjer. I grunnlova vår kjem dette til uttrykk ved at folket styrer seg sjølve gjennom val av representantar til Stortinget. Dette skjer ved at norske borgarar over 18 år går til stortingsval kvart fjerde år. I stortingsvalet vel vi representantane våre, som skal styre for oss.

I vårt parlamentariske system blir den utøvande makta, regjeringa, etablert på bakgrunn av stortingsfleirtalet. Det vil seie at folket indirekte vel kven som skal danne regjering.

Filosofar som ein assosierer med folkesuverenitetsprinsippet, er John Locke og Jean-Jacques Rousseau.

Maktfordelingsprinsippet

Tanken om maktfordeling er å beskytte borgarane mot maktmisbruk og maktkonsentrasjon ved å balansere og også stanse makt.

I Grunnlova av 1814 vart makta i Noreg delt i tre: Kongen (utøvande makt), Stortinget(lovgjevande makt) og domstolane (dømmande makt) Denne delinga vert framleis praktisert i dag, men i dag fungerer regjeringa, som er Kongens råd, som den utøvande makta.

Lær meir om maktfordeling og Kongens rolle

Dei tre statsmaktene har kvar sine arbeidsoppgåver og skal ikkje gripe inn i arbeidet til kvarandre. I praksis betyr det at Stortinget vedtek lovene, regjeringa sørgjer for at dei vert gjeldande i samfunnet, medan domstolane dømmer etter dei.

Det betyr også at ein stortingsrepresentant må overlate plassen på Stortinget til ein vararepresentant dersom ho eller han blir medlem av regjeringa. Sit du i regjering, representerer du den utøvande makta, og då kan du ikkje samtidig vere ein del av den lovgjevande makta. Dette er i tråd med maktfordelingsprinsippet.

Den franske filosofen Charles Montesquieu vert assosiert med maktfordelingsprinsippet.

Menneskerettane

Kjernen i menneskerettane er at menneska er fødde frie og like. Riksforsamlinga på Eidsvoll stadfesta ei rekkje grunnleggjande rettar folket skulle ha. Ytringsfridom, rettssikkerheit og næringsfridom var prinsipp som vart skrivne inn i Grunnlova. Eidsvollsmennene kalla dei borgarrettar, og vi kjenner dei i dag under namnet «menneskerettar».

Grunnlova vart skriven i denne bygningen på Eidsvoll, av ei forsamling som var inspirert blant anna av tankegods frå opplysningstida. Bildet viser eit postkort frå 100-årsjubileet til Grunnlova, og er henta frå Nasjonalbiblioteket.

I dag er menneskerettane sjølvsagde for mange av innbyggjarane i Noreg, i motsetning til i mange andre land. Samtidig finst det eksempel på at Noreg har fått kritikk av FN for ikkje å handle i tråd med menneskerettane.

Ideen om universelle rettar for menneske gjorde seg for alvor gjeldande i opplysningstida på 1700-talet.

Ei av dei eldste i verda

Den norske grunnlova er i dag ei av dei eldste gjeldande grunnlovene i verda. Grunnlova vår har halde seg aktuell gjennom 200 år og vert stadig endra for å vere tilpassa eit samfunn i utvikling.

Når Grunnlova vert endra, ligg det ein lang prosess bak. Det er Stortinget som lovgjevande forsamling som endrar Grunnlova. Ei slik endring krev to tredjedels fleirtal i Stortinget, altså eit større fleirtal enn ved andre lovendringar.

Grunnlovsforslag skal dessutan fremjast i éin stortingsperiode og behandlast i den neste. Det vil seie at det må vere eit stortingsval mellom forslag og vedtak, slik at veljaren kan uttrykkje meininga si ved å stemme på eit parti som deler synet hans i saka.

Ei levande grunnlov

I 2014 gjennomgjekk Grunnlova ei større endring ved at fleire menneskerettar vart skrivne inn, og desse fekk eit eige kapittel. Barns rettar vart grunnlovsfesta, og miljøparagrafen om at alle har rett til eit sunt miljø, fekk plass blant menneskerettane.

Stortingsrepresentantar fremjar stadig grunnlovsforslag i Stortinget. Forslaget om stemmerett for 16-åringar i stortingsval har for eksempel vorte behandla to gonger i Stortinget. Forslaget har til no ikkje fått fleirtal – i 2012 stemde 17 representantar for, medan 149 stemde mot. I 2016 vart det fremja eit nytt forslag om å senke stemmerettsalderen, og dette skal behandlast i stortingsperioden 2017–2021.

Sjå kva grunnlovsforslag som er fremja i Stortinget

Denne tidslinja viser korleis stemmeretten historisk har vorte utvida gjennom grunnlovsendringar.


Sist oppdatert: 20.02.2018 16:54