Illustrasjon av sperregrensa.

Dei små partia får langt fleire representantar på Stortinget dersom dei kjem over den mykje omtala sperregrensa. Illustrasjon: Stortinget

Korleis vert Stortinget valt?

Stortingsval er grunnsteinen i demokratiet vårt. Kvart fjerde år vert 169 representantar valde til Stortinget for å ta viktige avgjerder på vegner av heile samfunnet.

Aktuelle kompetansemål

  • gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land (10. trinn)
  • utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad (Vg1/Vg2)
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet (Vg1/Vg2)
  • gjøre rede for valgmanntall, valgordninger og kanaler for politisk innflytelse (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • finne fram til kjennetegn på demokrati og forklare hvordan demokratiske institusjoner fungerer (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • drøfte betingelser for medborgerskap og demokratiske styreformer (Vg3, politikk og menneskerettigheter)

Læreplan i samfunnsfag og programfaget politikk og menneskerettar, udir.no

Alle norske statsborgarar som er over 18 år, eller fyller 18 i løpet av valåret, kan røysta. På den måten er ein med og avgjer samansetjinga av parti på Stortinget.

Dei 169 representantane som vert valde kjem frå heile landet. Noreg har 19 valdistrikt, og ein røystar i det distriktet ein bur i. Dersom du bur ein annan stad enn der du er folkeregistrert, må du hugsa å førehandsrøysta – før sjølve valdagen.

Lurer du på korleis du kan finna fram til det politiske partiet som er riktig for deg? Her kan du læra meir om det å røysta ved val.

Høvetalsval og fleirtalsval

I Noreg har vi høvetalsval. Det inneber at fleire representantar vert valde frå kvart valdistrikt, slik at det er samsvar mellom opplsutninga til partia og kor mange representantar dei får. Dersom eit parti får 30 prosent av røystene i eit valdistrikt, får dei òg 30 prosent av distriktet sine sete på Stortinget.

Stortingsplassen på biletet høyrer til representanten frå partiet som fekk flest røyster i Aust-Agder. Foto: Stortinget
I ein del andre land vert berre éin parlamentsmedlem vald frå kvart valdistrikt. I Noreg vel vi fleire. Stortingsplassen på biletet høyrer til representanten frå partiet som fekk flest røyster i Aust-Agder. Foto: Stortinget

Dei 19 valdistrikta fylgjer i all hovudsak fylkesgrensene. Unnataket er Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, som vart slegne saman til eitt fylke 1. januar 2018, men framleis er to valdistrikt. Storleiken på valdistriktet, og kor mange som bur der, avgjer kor mange representantar det får på Stortinget. Til dømes har mellomstore og folkerike Hordaland seksten representantar, mens vesle Aust-Agder berre har fire.

Sjå animasjonsfilm om korleis Stortinget vert valt

Men det finst andre valordningar enn denne. I Storbritannia har dei til dømes ei valordning som vert kalla fleirtalsval. Den inneber at ein berre vel éin representant frå kvart valdistrikt. Dermed vert den kandidaten som får flest røyster i valdistriktet den einaste som vert vald inn i parlamentet. Ingen andre kandidatar vert valde inn, endå dei kan ha fått mange røyster. Med eit slikt system vert færre parti representerte i nasjonalforsamlinga, og små parti risikerer å ikkje koma inn i det heile.

Sperregrense og utjamning

Når valresultatet er klart, vert fyrst 150 av seta i Stortinget fordelte til partia som fekk flest røyster i kvart valdistrikt. Deretter vert 19 utjamningsmandat fordelte, eitt til kvart valdistrikt, til dei partia som ein ser har fått for få representantar etter denne fyrste fordelinga.

I 2013 vart Miljøpartiet dei grøne valt inn på Stortinget med éin representant, Rasmus Hansson (biletet). Partiet kom ikkje over sperregrensa. Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget
I 2013 vart Miljøpartiet Dei Grøne valt inn på Stortinget med éin representant, Rasmus Hansson (biletet). Trur du partiet kom over sperregrensa? Foto: Gjermund Nordtug/ Stortinget

For jamvel om den norske valordninga skal sikra at partia får inn det rette forholdsmessige talet på representantar på Stortinget, endar det med ein viss skeivskap. Eit parti kan til dømes få relativt mange røyster på nasjonalt nivå, men ikkje mange nok i det einskilde fylket til å få inn «rette» talet på representantar på Stortinget. Difor har vi såkalla utjamningsmandat, som skal sjå til å jamna ut desse skeivskapane og syta for at styrketilhøvet mellom partia på Stortinget i større grad reflekterer korleis veljarane røysta i valet.

Skal det koma med i kampen om utjamningsmandat, må eit parti få minst fire prosent av røystene til alle veljarane i Noreg. Det er dette som heiter sperregrensa. Det er knytt stor spenning til om dei små partia kjem over sperregrensa eller ikkje. Sjølv om eit parti kan koma inn på Stortinget med lågare oppslutning, får dei inn monaleg fleire representantar om dei passerer det magiske firetalet.

Tykkjer du framleis det er forvirrande med utjamningsmandat og sperregrense? Sjekk ut denne filmen hjå NRK. For ei humoristisk innføring kan du òg sjå film om Børge Vegheim sitt forsøk på å verta vald inn på Stortinget (med Bård Tufte Johansen) .

Oppgåver til klasserommet

1. Kva er skilnaden på høvetalsvalg og fleirtalsval?

2. Finn ut kor mange stortingsrepresentantar som er valde inn frå valdistriktet der du bur. Kva for nokre parti kjem dei frå?

3. Kva for eit parti har fått flest røyster i valdistriktet ditt? Kvifor trur du nettopp dette partiet har fått flest røyster frå innbyggjarane der du bur?

4. Sjå på oppslutninga til dei fire minste partia på Stortinget. Kva for parti er over, og kva for parti er under sperregrensa? Kor mange representantar har kvart parti?

5. Forklar omgrepa utjamningsmandat og sperregrense med eigne ord.


Sist oppdatert: 20.02.2018 10:59