Kor du bur, kor gammal du er, kva du lever av, og kven du identifiserer deg med påverkar kva parti du røystar på. Slik kunne stortingsseta vore fordelte viss berre kvinner røysta. Illustrasjon: Stortinget

Kor du bur, kor gammal du er, kva du lever av, og kven du identifiserer deg med påverkar kva parti du røystar på. Slik kunne stortingsseta vore fordelte viss berre kvinner røysta. Illustrasjon: Stortinget

Kven røystar på kva parti?

Ulike veljarar vert tiltrekte av ulike parti. Til dømes ville Stortinget sett veldig annleis ut dersom berre sørlendingar eller berre kvinner røysta. I denne oppgåva utforskar vi dette nærare.

Aktuelle kompetansemål

  • gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet, mellom anna representasjon frå urfolk og minoritetar (Vg 1/ Vg 2)
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet (Vg1/Vg2)
  • analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg (Vg 1/ Vg 2)
  • beskrive og tolke hovedlinjer i den politiske utviklingen i Norge etter 1814 (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • drøfte sammenhenger mellom verdier, holdninger og politiske handlinger (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • gjøre rede for valgmanntall, valgordninger og kanaler for politisk innflytelse (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • finne fram til kjennetegn på demokrati og forklare hvordan demokratiske institusjoner fungerer (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • drøfte betingelser for medborgerskap og demokratiske styreformer (Vg3, politikk og menneskerettigheter)

Læreplan i samfunnsfag og læreplan i programfaget politikk og menneskerettar, udir.no

Vi har undersøkt korleis Stortinget ville sett ut dersom berre utvalde grupper i samfunnet hadde røysta ved stortingsval. Oversikta finn du i denne presentasjonen (ppt), som òg eignar seg til bruk i klasserommet.

Utrekninga er gjennomført i samarbeid med valforskarane ved Institutt for samfunnsforskning, og tek utgangspunkt i stortingsperioden 2017–2021. Nærare metodisk omtale finn du nedst på sida.

Introduksjon til oppgåva

I Noreg har vi det vi kallar eit fleirpartisystem. Det vil seia at fleire enn berre to parti kjempar om politisk makt og medverknad. I stortingsperioden 2017–2021 er ni parti representerte på Stortinget, men dette talet kan variera frå periode til periode.

Senterpartimedlem i valkamp. Foto: Senterpartiet (CC-BY 2.0-lisens)
Dagens Senterparti spring ut av det tidlegare Bondepartiet, og er eit døme på eit parti som har stor oppslutnad i ei bestemt yrkesgruppe – nemleg bønder. Foto: Senterpartiet (CC-BY 2.0-lisens)

Ettersom vi har såpass mange politiske parti i Noreg, er konkurransen om veljarane stor mellom partia. Som veljarar står vi naturlegvis fritt til å røysta på kva parti vi vil. Samstundes påverkar gjerne kjønn, alder og bustad kva vi er opptekne av og kven vi identifiserer oss med. Partiet vi røystar på skal representera oss, og då er det naturleg at vi røystar på eit parti som vi meiner deler våre interesser og verdiar.

Me knyter i stor grad partia til dei same politiske sakene over tid. Til dømes vart Senterpartiet (tidlegare Bondepartiet) skipa i 1920 av Noregs Bondelag. Framleis vert Senterpartiet sterkt forbunde med landbrukspolitikk, og har høgre oppslutning blant bønder enn elles i folket. Kristeleg Folkeparti sprang ut av kristne misjonskrinsar i Hordaland på 1930-talet, og har alltid stått sterkast på Sørlandet og Vestlandet.

Likevel endrar mange av oss meiningar gjennom livet, og enkeltsaker kan òg påverka kva for eit parti vi røystar på ved val. Faktisk skifte så mange som éin av tre veljarar parti frå 2013 til 2017. Men veljarane byter ofte mellom parti som deler grunnleggjande idear om korleis samfunnet bør styrast, til dømes knytt til miljøpolitikk, innvandring eller nivået på skattar og avgifter.

Som førearbeid til oppgåva kan det vera nyttig å lesa om politiske parti, om korleis Stortinget vert valt og korleis ei regjering vert danna. Sjå dessutan gjerne denne korte  animasjonsfilmen om temaet. 

Oppgåva

Salkart som viser korleis Stortinget kunne sett ut dersom berre dei yngste veljarane (18–29 år) røysta i stortingsvalet 2017. Illustrasjon: Stortinget
Slik kunne seta i stortingssalen vore fordelte dersom berre dei yngste veljarane (18–29 år) røysta i stortingsvalet 2017. Illustrasjon: Stortinget

Studer oversikta over korleis ulike veljargrupper røystar, og diskuter dette:

Alder

  1. Sjå på oversikta over korleis Stortinget ville sett ut dersom berre dei mellom 18 og 29 år hadde røysta. Kva kan dette fortelja om kva for politiske saker som er viktige for dei yngste veljarane? På kva måtar skil dette Stortinget seg frå det verkelege Stortinget? Kvifor trur de det er slik?
  2. Samanlikn aldersgruppene 18–29 og 50–59. Kva er dei største skilnadene mellom desse generasjonane av veljarar? Kvifor trur de skilnadene er som dei er?

Landsdel

Salkart over korleis mandata på Stortinget kunne vore fordelte dersom berre personar busette på Sørlandet hadde røysta i stortingsvalet 2017. Illustrasjon: Stortinget
Kristeleg Folkeparti (i gult) ville fått fleire sete på Stortinget dersom berre personar busette på Sørlandet fekk bestemma. Illustrasjon: Stortinget
  1. Sjå på oversikta over korleis Stortinget ville sett ut dersom berre folk som bur i same landsdelen som du hadde røysta. Kva parti er det sannsynleg at hadde danna regjering dersom Stortinget såg slik ut? Gjer same øvinga for heimfylket ditt.
  2. Sjå på oversiktene for dei fem landsdelane. Korleis kan de forklara skilnadene? Sjå om du kan finna historiske, økonomiske, kulturelle eller næringsmessige forklaringar.
  3. Finn eit fylke som skil seg tydeleg frå fylket du bur i. Sjå om du kan finna historiske, økonomiske, kulturelle eller næringsmessige forklaringar på skilnadene.

Kjønn

  1. Sjå på oversikta over korleis Stortinget ville sett ut dersom berre kvinner hadde røysta. Kva parti er det sannsynleg at hadde danna regjering dersom Stortinget såg slik ut?
  2. Samanlikn oversiktene over korleis kvinner og menn røystar. Kva er dei viktigaste politiske skilnadene? Kvifor trur du det er slik?

Metodisk bakgrunnsinformasjon

På oppdrag frå stortingsadministrasjonen har valforskarane ved Institutt for samfunnsforskning rekna ut korleis samansetjinga av Stortinget kunne vore i perioden 2017–2021, dersom utelukkande bestemte grupper i samfunnet røysta i stortingsvalet 2017.

Utrekningane som tek for seg aldersgrupper og kjønn er baserte på Valgundersøkelsen (Institutt for samfunnsforskning og Statistisk sentralbyrå). Dette er ei landsrepresentativ intervjuundersøking blant norske statsborgarar i alderen 18–79 år, og læraren kan eventuelt finna meir informasjon på nettstaden til Statistisk Sentralbyrå.

Utrekningane som tek for seg landsdelar er baserte på faktiske valresultat i dei ulike landsdelane, henta frå Statistisk sentralbyrå. For medan kjønn og alder ikkje vert registrert når vi røystar, og difor må undersøkjast ved hjelp av andre forskingsmetodar, vert naturleg nok kor røysta vert avgjeven registrert.

Akershus, Buskerud, Hedmark, Oppland, Oslo, Telemark, Vestfold og Østfold vert rekna som Austlandet, Aust-Agder og Vest-Agder som Sørlandet, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland og Sogn og Fjordane som Vestlandet, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag som Midt-Noreg, og Finnmark, Nordland og Troms som Nord-Noreg.


Sist oppdatert: 13.04.2018 16:03