I det parlamentariske systemet vi har må regjeringa møta i Stortinget og svara for politikken sin. Her svarer finansminister Siv Jensen på spørsmål frå stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG). Foto: Stortinget

I det parlamentariske systemet vi har må regjeringa møta i Stortinget og svara for politikken sin. Her svarer finansminister Siv Jensen på spørsmål frå stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG). Foto: Stortinget

Parlamentarisme i praksis

Visste du at regjeringa må gå av om Stortinget ikkje har tillit til henne? I Noreg har vi parlamentarisme, eit system som gjev parlamentet makt til å avsetja regjeringa.

Aktuelle kompetansemål

  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet (Vg1/ Vg2)
  • beskrive og forklare forskyvninger i makt og innflytelse mellom politiske institusjoner og aktører i moderne samfunn (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • gjøre rede for hovedlinjer i demokratiets utvikling (Vg3, politikk og menneskerettigheter)
  • finne fram til kjennetegn på demokrati og forklare hvordan demokratiske institusjoner fungerer (Vg3, politikk og menneskerettigheter)

Læreplan i samfunnsfag og programfaget politikk og menneskerettar, udir.no

Ordet parlamentarisme er avleidd av parlament som tyder nasjonalforsamling. Stortinget er Noregs nasjonalforsamling, og har ei framtredande rolle i det parlamentariske systemet vårt. Regjeringa må nemleg ha tillit hjå fleirtalet i Stortinget for å kunna styra.

Regjeringa utgår fra Stortinget. Kvart fjerde år vert det halde stortingsval. Då vel folket kva for 169 representantar som skal sitja på Stortinget. Det er samansetjinga av Stortinget og storleiken til partia som avgjer kva for regjering vi får.

Forhandlar om regjering etter valet

I Noreg er det lenge sidan eitt parti åleine hadde fleirtalet av seta på Stortinget. Difor må som regel fleire parti samarbeida og danna såkalla koalisjonsregjering. Ofte har partia på førehand laga avtaler om mogelege samarbeid for å danna regjering, men det er fyrst når valresultatet er klart at forhandlingane mellom partia byrjar.

Når eit styringsdyktig regjeringsalternativ er klart, utpeikar statsministeren regjeringa si med statsrådar og ministrar. Ein stortingsrepresentant som går inn i regjering må forlata setet sitt i Stortinget, og vert erstatta av ein vararepresentant frå eige parti og eige valdistrikt. Ingen kan sitja både i regjering og på Stortinget. Dette heng saman med maktfordelinga i Noreg, og er sentralt for å forstå korleis norsk parlamentarisme og tilhøvet mellom storting og regjering fungerer.

Lær meir om korleis ei regjering vert danna.

Fleirtalsregjeringar

Ei fleirtalsregjering er kjenneteikna ved at ho er sett saman av parti som har fleirtalet, det vil seia minst 85, av seta i Stortinget. Jens Stoltenbergs andre regjering, sett saman av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet (2005–2013), er eit døme på ei slik regjering. Som fleirtalsregjering trong ho berre røystene til sine eigne partifellar i Stortinget for å få vedteke framlegga sine.

Jens Stoltenbergs andre regjering var sett saman av parti med fleirtal av seta i Stortinget. Foto: Terje Heiestad/ Stortinget
Jens Stoltenbergs andre regjering var sett saman av parti med fleirtal av seta i Stortinget. Foto: Terje Heiestad/ Stortinget

Fleirtalsregjeringar kan altså vera nesten sikre på at framlegga deira får fleirtal i Stortinget. I periodar med fleirtalsregjeringar ligg difor mykje av makta hjå regjeringa, medan Stortinget ofte berre justerer litt på framlegga. Det tyder likevel ikkje at opposisjonen på Stortinget ikkje har makt. Også i periodar med fleirtalsregjeringar er ei av dei viktigaste oppgåvene til Stortinget å kontrollera at regjeringa – som den iverksetjande makta – fylgjer opp vedtaka i Stortinget. Les meir om kontrollfunksjonen til Stortinget.

Mindretalsregjeringar

Men regjeringspartia treng ikkje å ha fleirtalet av seta i Stortinget. Eit mindretal kan òg vera utgangspunktet for ei regjering, så lenge dette mindretalet ikkje har fleirtalet mot seg. Ei slik regjering kallar vi ei mindretalsregjering.

Erna Solbergs regjering (frå 2013) er ei mindretalsregjering. I starten var berre Høgre og Framstegspartiet med i ho, men i 2018 vart også Venstre med. Til saman har dei tre regjeringspartia berre 80 representantar på Stortinget etter valet i 2017. Dei er difor avhengige av støtte frå andre parti for å oppnå minimum 85 røyster og sikra fleirtal for framlegga sine.

Mistillitsframlegg som pressmiddel

Både storting og regjering har pressmiddel dei kan bruka overfor den andre parten. Mistillitsframlegg er det sterkaste pressmiddelet Stortinget har, og kan nyttast dersom Stortinget ikkje har tillit til den sitjande regjeringa.

Eit mistillitsframlegg kan til dømes fremjast dersom Stortinget i kontrollarbeidet oppdagar at regjeringa har halde tilbake informasjon eller snakka usant for Stortinget. Om eit fleirtal i Stortinget røystar for eit slikt framlegg, må regjeringa gå av.

Fleirtal for mistillitsframlegg er sjeldsynt i Noreg, og har ikkje skjedd sidan Gerhardsen-regjeringa måtte gå av i 1963. Men det skjer likevel frå tid til annan at opposisjonen trugar med å fremja – eller fremjar – mistillitsframlegg. Med andre ord kan det fungera som pressmiddel endåtil når det ikkje leier til at ei regjering går av.

Teksten held fram etter at stortingsrepresentant Stine Renate Håheim har forklart kva mistillit er.

Kabinettsspørsmål og nyval

Kabinettsspørsmål er det sterkaste pressmiddelet regjeringa har overfor Stortinget. Når regjeringa stiller kabinettsspørsmål, stiller ho i røynda eit ultimatum, og trugar Stortinget med å gå av dersom ho ikkje får fleirtal i ei bestemt sak. I år 2000 måtte Bondevik-regjeringa gå av etter at ho mislukkast med å få støtte frå stortingsfleirtalet i eit kabinettsspørsmål om gasskraft.

Teksten held fram etter at stortingsrepresentant Stine Renate Håheim har forklart kva kabinettsspørsmål er.

Dersom ei regjering går av som fylgje av mistillitsframlegg eller kabinettsspørsmål, må ei ny regjering skipast av det sitjande storting. For ulikt mange andre land gjev ikkje den norske Grunnlova rom for å løysa opp parlamentet og skriva ut nyval mellom dei ordinære stortingsvala.

Det er slett ikkje alltid opposisjonen ynskjer å ta over regjeringsmakta midt i ein stortingsperiode. I somme tilfelle kan dette bidra til at stortingsfleirtalet lèt ei regjering sitja. Å stilla mistillitsframlegg eller kabinettsspørsmål er likevel ein stor sjanse å ta.

Johan Sverdrup kjempa ein politisk kamp som leidde fram til gjennombrotet for parlamentarismen i 1884. Kunstnaren Christian Krogh har måla dette portrettet, som heng i stortingsbygningen. Foto: Teigens fotoatelier
Johan Sverdrup kjempa ein politisk kamp som leidde fram til gjennombrotet for parlamentarismen i 1884. Kunstnaren Christian Krogh har måla dette portrettet, som heng i stortingsbygningen. Foto: Teigens fotoatelier

Grunnlovsfesta fyrst i 2007

Johan Sverdrup vert ofte kalla parlamentarismens far. I løpet av ein lang politisk karriere var han både venstrepolitikar, statsminister og stortingspresident.

Sverdrup bidro gjennom den såkalla statsrådsaka i 1880-åra til gjennombrotet for parlamentarismen i 1884. Statsrådsaka var ein mangeårig strid mellom Stortinget og regjeringa. Stortinget ynskte at regjeringa skulle møta i Stortinget og svara for politikken sin, medan regjeringa meinte dette ville bryta med maktfordelingsprinsippet. I 1884 vann Sverdrup fram og parlamentarismen vart etablert.

Sjølv om parlamentarismen har vore praktisert i Noreg sidan 1884, vart han ikkje teken inn i Grunnlova før i 2007. Les meir om gjennombrotet for og utviklinga av parlamentarismen.


Sist oppdatert: 19.02.2018 12:57