Her ser du kor mange sete, eller mandat, veljarane gav til dei ulike partia i 2017. Illustrasjon: Stortinget

Her ser du kor mange sete, eller mandat, veljarane gav til dei ulike partia i 2017. Illustrasjon: Stortinget

Politiske parti

Når vi går til val, gjev vi stemma vår til eit politisk parti. Alle parti har eit mål om eit best mogleg samfunn, men dei er ofte ueinige om kva som er den beste vegen til målet.

Aktuelle kompetansemål

  • gjere greie for korleis ulike politiske parti fremjar ulike verdiar og interesser, knyte dette til aktuelle samfunnsspørsmål og argumentere for eige syn (etter 10. klasse)
  • analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg (etter Vg1/ Vg2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Noreg har eit fleirpartisystem, og i stortingsvalet i 2017 vart ni parti valde inn på Stortinget. Det er eit høgt tal samanlikna med dei fleste andre parlament.

Det største partiet har 49 sete, mens dei to minste berre har eitt kvar. 

Her kan du lese om korleis seta vert fordelte etter valet. Oversikta ovanfor viser fordelinga av sete i stortingsperioden 2017–2021.

Venstre- og høgresida

Ofte sorterer vi dei politiske partia langs ein akse med ei «venstreside», ei «høgreside» og eit «sentrum». Denne aksen er ei sterk forenkling av verkelegheita, og mange saker går på tvers av aksen. Vi kan sjå på økonomisk politikk for å illustrere forskjellane mellom partia på venstresida og høgresida.

Partia på venstresida ønskjer ofte eit relativt høgt nivå på skattar og avgifter. Til gjengjeld skal staten syte for velferdsgode som gratis sjukehus, utdanning og kulturtilbod. Dei ønskjer å utjamne økonomiske forskjellar mellom grupper i samfunnet og er villige til å skattleggje dei med høgast inntekt meir for å oppnå dette. Av dei ni partia på Stortinget plasserer vi gjerne Raudt (R), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (A) på venstresida.

Partia på høgresida ønskjer lågare skattar og meiner at private bedrifter kan levere mange av velferdstenestene på ein meir effektiv måte enn staten. Dei snakkar mindre om sosial utjamning og er i større grad villige til å akseptere økonomiske forskjellar mellom grupper i samfunnet. Av dei ni partia på Stortinget plasserer vi gjerne Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP) på høgresida.

Sentrum i politikken

I det politiske sentrum, mellom høgre- og venstreblokka, plasserer vi som regel Kristeleg Folkeparti (KrF), Venstre (V) og Senterpartiet (Sp). Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) kallar seg blokkubundne og ønskjer ikkje å verte plassert i nokon av «blokkene».

Det er viktig å hugse på at plasseringa av parti på aksen er ei sterk forenkling, og at det finst mange saker der parti i ulike blokker er einige med kvarandre. I programma for perioden 2013–2017 hadde for eksempel sju av dei åtte stortingspartia i den perioden skrive at dei ønskte å innføre meir fysisk aktivitet i skulen.

Lurer du på kven som stemmer på kva for parti? Sjekk korleis Stortinget kunne sett ut dersom berre nokre utvalde grupper i samfunnet fekk stemme.

Felles for alle parti er sjølvsagt også at dei ønskjer eit trygt og godt samfunn, men dei er ueinige om korleis ein best oppnår det.

Partiprogram og landsmøte

Partia består av personar som har ganske likt syn i politiske spørsmål, men likevel må partiets medlemer ofte diskutere mykje for å verte einige om kva partiet skal meine om ulike saker. Dette skjer blant anna på landsmøtet, som alle partia held kvar vår. Det dei til slutt vert einige om, skriv dei inn i det politiske programmet til partiet.

Partiprogrammet gjev veljarane moglegheit til å ta stilling til det standpunktet partiet har i ulike saker, på forskjellige samfunnsområde. På den måten kan veljarane finne fram til det partiet dei er mest einige med. Det er få som finn eit parti som meiner det same som ein sjølv i alle saker og spørsmål. Les meir om det å velje kva for parti ein skal stemme på.

Programmet kan samanliknast med ein kontrakt mellom partiet og veljarane. Kontrakten seier at partiet lover å jobbe for bestemte saker. Men kor mange av visjonane frå partiprogrammet som faktisk vert omsette i praksis, avheng av kor mange stemmer partiet får i valet. Kontrakten er difor ingen garanti om at målet vert nådd, men ein lovnad om at partiet skal jobbe for å oppnå bestemte saker. Dersom partiet for eksempel får ein stor del av stemmene i eit stortingsval, kan det få stort gjennomslag for politikken sin i Stortinget.

Partia sit ikkje saman

Stolen til ein stortingsrepresentant frå Aust-Agder. Foto: Stortinget
I stortingssalen sit ikkje dei 169 representantane partivis, men fylkesvis. Her er stolen til ein representant frå Aust-Agder. Foto: Stortinget

I dei fleste nasjonalforsamlingane sit representantar frå same parti ved sida av kvarandre. I Noreg er det ikkje slik, sjølv om vi ofte illustrerer det på den måten i aviser og på tv (og i illustrasjonen ovanfor).

I stortingssalen sit altså representantane fylkesvis. Det betyr at dei som kjem frå same fylke, sit saman sjølv om dei er medlemer av forskjellige parti. Vi snakkar gjerne om «fylkesbenker».

Sjå denne animasjonsfilmen om stortingsval og lær kvifor nokre fylke har fire stortingsrepresentantar medan andre har nesten 20.

Framveksten av partia

Til å begynne med hadde vi ikkje politiske parti i Noreg, og stortingsrepresentantane vart då valde inn som enkeltpersonar som fritt kunne gjere seg opp si eiga meining frå sak til sak.

Etter kvart bestemde meiningsfeller seg for å gå saman i parti og kjempe for sakene dei vart einige om seg imellom. I 1884 fekk vi partia Venstre og Høgre, og tre år seinare vart Arbeidarpartiet danna. Sidan har mange fleire kome til. Lær meir om dei ulike partia som har vore representerte på Stortinget gjennom historia.

I dei aller fleste sakene som vert behandla i Stortinget i dag, stemmer stortingsrepresentantar frå same parti det same som resten av partiet. I partigruppemøtet diskuterer dei seg fram til kva dei skal stemme når saka vert teken opp til votering i stortingssalen.

For å verte registrert som eit parti i Brønnøysundregistra må ein samle minst 5 000 underskrifter til støtte for partiet. Alle partia på Stortinget har sitt eige ungdomsparti.

Oppgåver til klasserommet

Oppgåvene har stigande vanskegrad.

1. Det står i teksten at partia Venstre og Høgre vart stifta i 1884, og Arbeidarpartiet i 1887. Finn ut når dei andre partia på Stortinget vart stifta.

2. Dei politiske partia kjempar gjerne om såkalla sakseigarskap, det vil seie at veljarane skal assosiere nettopp deira parti med bestemte politiske saker. Kva for saker assosierer de med kvart av partia på Stortinget?

3. I det norske Stortinget er det relativt mange politiske parti. Diskuter fordelar og ulemper ved å ha mange ulike parti representerte i eit parlament.

4. I teksten vert den såkalla venstre-/høgreaksen omtalt med utgangspunkt i økonomisk politikk. Teikn opp denne aksen, og teikn deretter ein akse for miljøpolitikk og ein for innvandringspolitikk. Korleis vil de plassere stortingspartia på desse aksane?

5. Enkelte vil hevde at kvar einskilt stortingsrepresentant hadde meir makt før dei organiserte seg i politiske parti. Drøft påstanden.


Sist oppdatert: 04.01.2018 15:17