Dei fleste lovforslaga kjem frå regjeringa, men dei vert grundig behandla i Stortinget. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Dei fleste lovforslaga kjem frå regjeringa, men dei vert grundig behandla i Stortinget. Illustrasjon: Inga H. Sætre

Slik vert ei sak behandla i Stortinget

Stortinget fattar hundrevis av lovvedtak og andre stortingsvedtak kvart einaste år. I denne teksten følgjer vi lovvedtaket, frå idé og forslag til lova er vedteken i Stortinget.

Aktuelle kompetansemål

Etter Vg1/ Vg2

  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet
  • utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad

Politikk og menneskerettigheter (programfag, Vg3)

  • presentere beslutningsprosesser i aktuelle politiske saker
  • gjøre rede for viktige norske og samiske politiske institusjoner og organer og forklare hvilke funksjoner de har
  • beskrive og forklare forskyvninger i makt og innflytelse mellom politiske institusjoner og aktører i moderne samfunn
  • finne fram til kjennetegn på demokrati og forklare hvordan demokratiske institusjoner fungerer

Læreplan for samfunnsfag og læreplan i programfaget Politikk, individ og samfunn, udir.no

Ei lov kan innebere eit forbod eller eit påbod som befolkninga må følgje, men kan også gje rettar til befolkninga. Det er heller ikkje slik at det berre vert tilført nye lover. Det er også Stortingets jobb å endre eksisterande lover samt å fjerne utdaterte lover.

Behovet for lovendring kan oppstå som følgje av at samfunnet utviklar seg i ulike retningar. Når terrenget endrar seg, kan kartet trenge oppdatering. Digitalisering og likestilling er to eksempel på samfunnsutvikling som har ført til forslag om lovendringar. Vi kan også forstå dette som eit samspel: Stortinget kan endre lova med mål om å skape visse endringar i samfunnet.

Utarbeiding av forslag

Både stortingsrepresentantar og regjeringa kan føreslå lovendringar. Sjå film om den fiktive stortingsrepresentanten Børge Vegheims lovforslag.

På bildet leverer finansminister Siv Jensen et forslag fra regjeringen til stortingspresident Olemic Thommessen. Foto: Stortinget
Alle forslag vert formelt overlevert i eit stortingsmøte. På bildet ser du finansminister Siv Jensen og stortingspresident Olemic Thommessen. Foto: Stortinget

Dei fleste lovforslaga kjem likevel frå regjeringa. Lovforslaga er allereie grundig gjennomarbeidde når regjeringa fremjar dei i Stortinget.

Ministrane i regjeringa leier dei ulike departementa, og forarbeidet vert ofte gjort i det relevante departementet. Her undersøkjer dei grundig ulike sider ved forslaget, og aktuelle partar vert gjerne inviterte inn til høyringar der dei får seie meininga si om saka. Til slutt sender regjeringa forslaget til Stortinget.

Sjå film om forarbeidet i regjeringa på regjeringen.no.

Overlevering til Stortinget i plenum

Lovforslag vert overlevert frå forslagsstillaren til stortingspresidenten i eit stortingsmøte. Presidenten føreslår deretter kven av dei 12 fagkomiteane på Stortinget som skal behandle forslaget og kome med ei tilråding i saka.

Kvar av dei 169 stortingsrepresentantane, unntatt stortingspresidenten, sit i éin eller to fagkomitear. Komiteane  er organiserte etter samfunnsområde. For eksempel jobbar energi- og miljøkomiteen med miljøsaker medan utdannings- og forskningskomiteen jobbar med saker som handlar om skule.

Komitébehandling

I fagkomiteane jobbar medlemene i komiteen – det vil seie stortingsrepresentantane – med å hente inn informasjon om forslaget slik at alle sider av saka vert belyste.

Høyringar er ein viktig arena for å hente inn informasjon. Høyringane i Stortinget er organiserte, oftast opne, møte der komiteen inviterer organisasjonar, foreiningar og andre som lovforslaget får følgjer for. I høyringane får dei inviterte seie meininga si om lovforslaget, og stortingsrepresentantane kan stille spørsmål om det dei lurer på.

Teksten held fram etter at stortingsrepresentant Tina Bru har forklart kva ei høyring er.

I tillegg kan komiteen reise til stader som er relevante å besøkje i samband med behandling av den aktuelle saka. Dei kan for eksempel besøkje eit land som har erfaring med ei lovgjeving som tilsvarer den føreslegne.

Behandling partigruppene

Samtidig med at komiteane innhentar informasjon, har stortingsrepresentantane interne diskusjonar i partia om kva dei skal stemme i saka. Dette føregår kvar veke i partigruppemøta, der representantane presenterer forslaga som vert behandla i deira komité, for resten av partiet.

Familie- og kulturkomiteen på Svalbard hausten 2016. Foto: Stortinget
I høyringar og på komitéreiser får stortingsrepresentantar lære frå dei som saka får følgjer for. Her er familie- og kulturkomiteen på Svalbard hausten 2016. Foto: Stortinget

Når partigruppene  diskuterer, tek dei gjerne omsyn til kva partiet har skrive i partiprogrammet sitt, det vil seie kva dei har lova veljarane at dei skal jobbe for. Til slutt vert partigruppa einig om korleis partiet skal stille seg til forslaget. Praksis i dag er som oftast at alle representantane stemmer slik partiet har vorte einig om.

Innstillinga frå komiteen

Lovforslaget vert sendt fram og tilbake mellom komiteen og partigruppene til forslaget er ferdig behandla.

Komitébehandlinga vert avslutta med at alle komitémedlemmene informerer om kva partiet deira kjem til å stemme. Dette vert skrive i ei innstilling som seinare skal diskuterast i stortingssalen. Difor er meininga til stortingsfleirtalet og utfallet av voteringa som regel klart når innstillinga om lovforslaget vert sendt frå komiteen til debatt i stortingssalen.

Debatt i plenum

Sjølv om utfallet i saka i nesten alle tilfelle er kjent på førehand, er det viktig at alle lovforslag vert debatterte i stortingssalen. For medan både komitémøte og partigruppemøte er lukka for publikum, er stortingsmøta opne for publikum og presse.

Voteringsknapp i stortingssalen. Foto: Stortinget
Minst halvparten må vere til stades når Stortinget skal votere i ei lovsak. Representantane stemmer elektronisk. Foto: Stortinget

Debatten i stortingssalen er ein arena der representantane – spesielt frå partia som ikkje støttar fleirtalsinnstillinga i saka – får fram meiningane sine til veljarane. Slik kan ein seie at stortingsdebattane er ein viktig arena for debatt og meiningsutveksling, der forskjellane mellom partia kjem tydeleg fram.

Votering

Stortingsrepresentantane stemmer over forslaget først på slutten av møtet, under voteringa. Minst halvparten av representantane må vere til stades i salen for at Stortinget skal kunne fatte vedtak og voteringa kan starte. Styrkeforholdet mellom partia skal vere det same som det ville ha vore dersom alle representantane var til stades.

Voteringa som skjer i stortingssalen etter debatten, vert kalla førstegongsbehandling. Dersom forslaget ikkje får fleirtal i denne avstemminga, vert det forkasta. Dersom lovforslaget får fleirtal, må det også gjennom ei andregongsbehandling, som vert gjennomført minst tre døgn etter førstegongsbehandlinga. Dersom fleirtalet støttar lovforslaget i både første- og andregongsbehandlinga, er det vedteke.

Kongen i statsråd

Når lovforslaget er vedteke i Stortinget, vert det sendt til regjeringa. Før lova kan tre i kraft, må både Kongen og statsministeren signere ho. Dette skjer på Slottet, i «Kongen i statsråd» på fredagar, der regjeringa legg fram dei lovvedtaka som Stortinget har fatta.

Teksten held fram etter at stortingsrepresentant Abid Raja har forklart kva Kongen i statsråd er.

Oppgåva til regjeringa er no å setje lova ut i livet og styre landet etter ho. Det er vidare Stortingets oppgåve å kontrollere at regjeringa styrer landet etter lova som er vedteken, for eksempel at ho sørgjer for at befolkninga får innfridd rettane sine.

Lær meir om Stortingets kontrollfunksjon og parlamentarisme.

Nokre gonger inneber lovvedtaket nye forbod, og då er det oppgåva til befolkninga å følgje desse. Det er oppgåva til politiet å handheve lova, og vidare oppgåva til domstolen å døme etter lova – dersom nokon er tiltalt for lovbrot.

Lær meir om maktfordeling.

Oppsummer gjerne det du har lese ved å følgje saksgangen i Stortinget på dette kartet (pdf).

Oppgåver til klasserommet

1. Oppsummmer med utgangspunkt i det du har lese: Kva aktørar er involverte i ein lovendringsprosess, og kva oppgåver har dei?

2. Tenk deg at du er medlem i ein interesseorganisasjon, og at du ønskjer å påverke utfallet av ei lovsak. På kva stadium i saksgangen (ovanfor) trur du at du har størst sjanse for å påverke?

3. Bruk denne sida til å finne ei lovsak som er til behandling i Stortinget no, eller som nyleg har vore det. Kva handlar lovforslaget om, og kven fremja det? Forsøk å finne ut kor lang tid prosessen vil ta/har teke. Teikn ei tidslinje over gangen i saka.


Sist oppdatert: 19.02.2018 12:14