På bildet spelar elevar frå Oslo Handelsgymnasium Stortingsspelet under lanseringa 11. oktober 2016. Foto: Stortinget.

På bildet spelar elevar frå Oslo Handelsgymnasium Stortingsspelet under lanseringa 11. oktober 2016. Foto: Stortinget.

Spel deg gjennom pensum i Stortingsspelet

Hausten 2016 vart Stortingsspelet lansert. Gjennom brettspelet får skuleelevar spele seg gjennom pensum mens dei får eit innblikk i, og skråblikk på, norsk politikk.

Eitt eksemplar av Stortingsspelet vart i oktober 2016 sendt i posten til alle ungdomsskular og vidaregåande skular i landet.

Korleis bestille klassesett av spelet?

Skulane kan sende e-post til Stortingets seksjon for besøk og formidling for å bestille inntil fire eksemplar ekstra og få desse tilsendt kostnadsfritt. Meld i e-posten ifrå om besøksadressa til skulen og telefonnummeret til tingaren/skulen. Merk at Stortinget ikkje sender til privatadresser. Leveringstida er estimert til tre veker. 

Tingaren må sjølv sørgje for å kommunisere til resten av skulen at brettspelet er bestilt, og gjere klassesettet tilgjengeleg for resten av skulen.

Spelboksen til Stortingsspelet er illustrert av Henning Ludvigsen.

Ungdomsskular og vidaregåande skular er prioriterte målgrupper for Stortingsspelet, men også folkehøgskular, universitet og høgskular kan bestille inntil fire eksemplar kostnadsfritt.

Kva går spelet ut på?

Mistillits- og kabinettsspørsmål, maktfordeling samt Stortingets og regjeringas arbeidsform er noko av det elevane kan lære meir om gjennom Stortingsspelet. I spelet kjempar laget som er i opposisjon, om regjeringsmakt, mens laget som er i regjering, jobbar for å halde på makta.

I spelet er elevane partileiarar for kvar sine parti og deltek i politiske alliansar – anten i regjering eller i opposisjon. I alliansen må ein samarbeide om å bli sterkare og om å felle dei politiske motstandarane. Berre éin allianse får politisk gjennomslag og vinn Stortingsspelet ved å kome først i mål.

Les spelereglar for å forstå gangen i Stortingsspelet

Byggjer på kompetansekrava i læreplanen

Strategi og kunnskap står sentralt i spelet, som inneheld over 600 spørsmål basert på pensum i historie og samfunnsfag.

I Stortingsspelet kjempar dei ulike alliansane om regjeringsmakt. Spelarane byggjer sin politiske pondus gjennom å briljere blant anna i stortingskunnskap. Foto: Stortinget.

Fordi spelet byggjer på kompetansemåla for ungdomstrinnet og vidaregåande skule, er det eit fint supplement til undervisninga på desse klassetrinna.

Stortingets seksjon for besøk og formidling har utvikla spelet i dialog med referanseklassar og -lærarar.

–  Barn og unge er av dei viktigaste målgruppene til Stortinget. Stortingsspelet har som mål å formidle kunnskap og informasjon om demokratiet til denne målgruppa, seier Sissel Lyngvær Ramstad i seksjon for besøk og formidling på Stortinget.


Sist oppdatert: 04.01.2018 12:31