Finansminister Siv Jensen (FrP) leverer regjeringas framlegg til statsbudsjett til Stortinget, ved stortingspresident Olemic Thommessen. Foto: Stortinget

Finansminister Siv Jensen (FrP) leverer regjeringas framlegg til statsbudsjett til Stortinget, ved stortingspresident Olemic Thommessen. Foto: Stortinget

Vegen fram mot eit statsbudsjett

For stortingsrepresentantane dreier hausten seg i all hovudsak om å verta samde om eit statsbudsjett for det komande året. I denne teksten fylgjer vi stega frå framlegg til ferdig budsjett.

Aktuelle kompetansemål

  • beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis han heng saman med den globale økonomien (etter 10. klasse)
  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved den økonomiske politikken i Noreg (etter VG1/ VG2)
  • diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor (etter VG1/ VG2)

Læreplan i samfunnsfag, udir.no

Ei av dei tre hovudoppgåvene for Stortinget er å løyva pengar over statsbudsjettet. Statsbudsjettet er oversikta over Noregs forventa utgifter og inntekter for eit år. Regjeringa føreslår statsbudsjettet, og framlegget må ha støtte frå fleirtalet i Stortinget for å verta vedteke.

Etter at du har lese teksten, kan du klikke deg inn på denne digitale læringsplattforma for å lære meir. Der kan du jobbe åleine eller saman med ein partnar.

Førebuingar på «bakrommet» til regjeringa

Før finansministeren legg fram framlegget til statsbudsjett for Stortinget, har regjeringa arbeidd i mange månader med å førebu det. I denne perioden får fylka, kommunane og alle departementa i landet leggja fram budsjettynska sine.

Finansministeren legg fram budsjettet for Stortinget

I byrjinga av oktober legg regjeringa fram framlegget sitt til statsbudsjett for Stortinget. Endå regjeringa ofte kjem med nokre «lekkasjar» i forkant, er det mykje hemmeleghald rundt budsjettet. Det er difor knytt stor spenning til framlegget frå regjeringa. Hundrevis av journalistar, interesseorganisasjonar og andre fylgjer med når finansministeren held finanstalen. I denne talen fortel finansministeren om korleis regjeringa vurderer den økonomiske situasjonen i Noreg, og legg fram budsjettframlegget frå regjeringa.

Teksten held fram etter at stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes har forklart ordet «statsbudsjett».

Før budsjettet vert vedteke i Stortinget før jul, ventar eit omfattande arbeid som alle dei 169 stortings-representantane er med på. Kvar representant er medlem i ein av dei tolv fagkomiteane på Stortinget. Komiteane har ansvar for ulike fagfelt. Transport- og kommunikasjonskomiteen har ansvar for vegar, jarnbane og flytrafikk, medan familie- og kulturkomiteen har ansvar for mellom anna idrett og barnevern. Desse komiteane spelar ei viktig rolle i handsaminga av budsjetta til dei ulike samfunnsområda. 

Opposisjonspartia legg fram alternative budsjett

Etter at regjeringa har kome med framlegget sitt, byrjar eit viktig arbeid i partigruppene. Med utgangspunkt i framlegget frå regjeringa, lagar dei partia som ikkje sit i regjering – opposisjonspartia – sine «alternative statsbudsjett». Der viser dei korleis dei ville disponert pengane, og kva nivå dei ville hatt på skattar og avgifter. Partia tek med desse alternative budsjetta inn i forhandlingane i komiteane, der dei kjempar for å få gjennom sine framlegg.

Fordi media ofte vier stor merksemd til dei alternative budsjetta til partia, er dette eit godt høve for opposisjonspartia til å visa politikken sin overfor veljarane.

Finanskomiteen handsamar budsjettet

Medan alle fagkomiteane jobbar med budsjettet for fagområdet sitt, har finanskomiteen ansvar for å koordinera budsjettarbeidet. Alle partia har minst éin stortingsrepresentant i finanskomiteen. Finanskomiteen gjev ei tilråding for dei totale rammene for budsjettet, både utgifter og inntekter. Det tyder at dei skal føreslå for resten av Stortinget kor mykje pengar som skal gå til dei ulike samfunnsområda, til dømes forsvar, helse og skule.

Som alle andre budsjett har også statsbudsjettet ei inntektside og ei utgiftsside. Dei største inntektene er skattar og avgifter. Illustrasjonsfoto: Noregs Bank (CC-BY-ND 2.0-lisens)
Som alle andre budsjett har også statsbudsjettet ei inntektside og ei utgiftsside. Dei største inntektene er skattar og avgifter. Illustrasjonsfoto: Noregs Bank (CC-BY-ND 2.0-lisens)

Samstundes som finanskomiteen diskuterer rammene for budsjettet, byrjar dei elleve andre fagkomiteane å jobba med sine delar av budsjettet. Men for at fagkomiteane skal kunna koma med dei endelege tilrådingane sine, må Stortinget fyrst vedta dei økonomiske rammene. Finanskomiteen leverer si innstilling om rammene innan 20. november, og etter dette kan Stortinget ta avgjerda i fellesskap. Då samlar stortingsrepresentantar frå alle komiteane seg i stortingssalen, for å debattera innstillinga. Denne debatten kallar vi «finansdebatten». Den vert avslutta med votering og vedtak.

Fagkomiteane handsamar sine budsjett

No veit fagkomiteane kor stort budsjett dei har til rådvelde, og dei kan byrja å forhandla om detaljane i budsjettet for samfunnsområdet sitt. Fagkomiteane kan ikkje auka budsjetta sine, dei kan berre flytta pengar mellom ulike tiltak innanfor fagområda sine. Til dømes kan transport- og kommunikasjonskomiteen prioritera eit vegprosjekt framfor eit anna.

Komitémedlemene føreslår endringar som passar med politikken og dei alternative budsjetta til deira parti. Dei arrangerer òg komitéhøyringar, slik at berørte partar, organisasjonar og verksemder får uttala seg om framlegga. Stortinget debatterer tilrådingane frå alle komiteane i plenum, før det fattar vedtak. 15. desember er fristen for å vedta fagbudsjetta.

Sjå oversikt over arbeidet med statsbudsjettet for 2018.

Statsbudsjettet er vedteke

Når stortingsfleirtalet har røysta for alle delane av budsjettet, har landet fått eit statsbudsjett.

Det er avgjerande at Stortinget vert samde før utgangen av året, slik at statsbudsjettet er klart til det nye året byrjar. Dette er ei heilt naudsynt brikke for at regjeringa no skal kunna krevja inn skattar og avgifter, og bruka pengane, i tråd med det Stortinget til slutt vart samde om.


Sist oppdatert: 25.09.2018 07:17