Hardangerbrua. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Hardangerbrua. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Hordaland

For stortingsperioden 2017–2021 er det valt inn 16 representantar frå Hordaland.

Representantane er fordelte på desse partia: Høgre (5), Arbeidarpartiet (4), Framstegspartiet (2), Senterpartiet (2), Kristeleg Folkeparti (1), Venstre (1) og Sosialistisk Venstreparti (1).

Alle representantane frå same fylket høyrer til ein fylkesbenk. Som regel er det den fyrste representanten frå kvart fylke som leier fylkesbenken.

Innvalde og fast møtande representantar

Dei fem siste spørsmåla til statsrådane frå fylkesrepresentantane

  • Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

    Når vil regjeringa bestemme seg for vidare tiltak for ubåten utanfor Fedje, kva hovudtiltak vil bli vald, og kor lang tid vil det ta før det faktiske arbeidet med enten tildekking av båt, eller heving av last før tildekking av båt, kan starte opp?
  • Skriftleg spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og likestillingsministeren

    Hva vil statsråden gjøre for at barnevernet, familievernet og andre relevante organer bidrar til at barn og ungdom ikke sendes til skoler og andre institusjoner i utlandet, hvor de blir fysisk og psykisk avstraffet og hvor det er grunn til å tro at barnas rettigheter tilsidesettes eller krenkes?
  • Skriftleg spørsmål fra Gina Barstad (SV) til utenriksministeren

    I hvilken grad er utbyggingen av fire hangarer for kampfly på Rygge koordinert med norske myndigheter?
  • Spørjetimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

    Det er ein vedvarande konflikt mellom Helse Bergen og Bergen kommune når det gjeld utvikling av barseltilbodet når helseføretaket skal redusere ansvaret for barseltilbodet frå fem til to døgn, utan at dette blir kompensert i kommunen med midlar. Kan statsråden svare på kor mykje eit liggjedøgn på barselavdeling kostar, og kva Helse Bergen årleg vil spare på å kutte ansvaret med tre liggjedøgn for kvinner/barn, og kan statsråden forklare kvifor regjeringa ikkje grip inn og sikrar kommunen sine interesser?
  • Skriftleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til arbeids- og sosialministeren

    I Helfos tilråding til ny kontorstruktur er kontorstadane Kirkenes, Lenvik, Harstad, Beiarn, Nærøy, Verdal, Gloppen, Bergen, Voss, Kristiansand, Risør, Kongsberg, Eidsvoll, Vågå og Oslo foreslått nedlagt.
    Korleis ser regjeringa på Helfo si tilråding, og vil regjeringa òg vektlegge andre og meir overordna omsyn når ny kontorstruktur skal avgjerast, som behovet for politikk som motverkar sentralisering, og viktigheita av statlege arbeidsplassar i ei rekke kommunar, særleg dei kommunane som ikkje er størst og mest sentrale?

Representantforslag fremma av fylkesrepresentantane