Kontroll- og konstitusjonskomiteen er den einaste komiteen på Stortinget som kan handsama saker på eige initiativ.
Arbeidsområda til komiteen er:
- kontroll med at regjeringa og forvaltinga gjennomfører dei vedtaka som Stortinget har gjort.
- dokument og meldingar frå Riksrevisjonen, Sivilombodet, EOS-utvalet, Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) og Stortingets ombodsmann for forsvaret, og andre saker om verksemda deira.
- framlegg om endringar av Grunnlova.
- vallovgjeving.
Komiteen har òg ansvar for gjennomgang av protokollane frå statsråd og for den årlege meldinga frå regjeringa om oppfylginga av stortingsvedtak. I tillegg handsamar komiteen saker der Stortinget skal ta stilling til om konstitusjonelt ansvar skal gjerast gjeldande, dvs. saker som kan resultera i riksrett.
Komiteens eigne undersøkingar
Komiteen kan gjera eigne undersøkingar i forvaltinga for å kontrollera om politikken til regjeringa samhøver med vedtaka og intensjonane frå Stortinget.
Avgjerda om å starta ei eiga undersøking kan takast av ein tredjedel av medlemene i komiteen, dvs. at minimum fire av medlemene i komiteen må stå bak eit framlegg om å setja i gang ei undersøking.
Sjå oversyn over korrespondanse i undersøkingane til komiteen.
Medlemene i komiteen
Medlemer i kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Høyringar og skriftlege innspel
Høyringane i komiteen er normalt opne for publikum, og vert direkte overførte på nettsidene til Stortinget.
Innstillingar frå komiteen
Leverte innstillingar frå komiteen
Liste over leveringsfristar for innstillingar
Kontaktinformasjon
Postadresse
Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Stortinget
0026 Oslo
E-post: kontroll-konstitusjon@stortinget.no
Telefon: 23 31 31 64 / 23 31 31 56
Komitéråd
Hanne Koll Larssen,
Thomas Dam
Komitésekretariatet
Anita Midtsand
Saksvarsel frå Stortinget (e-post)
Med saksvarsel frå Stortinget kan du enkelt halda deg oppdatert om saker du fylgjer. Du kan fylgja enkeltsaker og/eller sakene til ein eller fleire komitear.