Kontroll- og konstitusjonskomiteen

Kontroll- og konstitusjonskomiteen er den einaste komiteen på Stortinget som kan handsama saker på eige initiativ.

Arbeidsområda til komiteen er:

  • kontroll med at regjeringa og forvaltinga gjennomfører dei vedtaka som Stortinget har gjort.
  • dokument og meldingar frå Riksrevisjonen, Sivilombodet, EOS-utvalet, Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) og Stortingets ombodsmann for forsvaret, og andre saker om verksemda deira.
  • framlegg om endringar av Grunnlova.
  • vallovgjeving.

Komiteen har òg ansvar for gjennomgang av protokollane frå statsråd og for den årlege meldinga frå regjeringa om oppfylginga av stortingsvedtak. I tillegg handsamar komiteen saker der Stortinget skal ta stilling til om konstitusjonelt ansvar skal gjerast gjeldande, dvs. saker som kan resultera i riksrett.

Komiteens eigne undersøkingar

Komiteen kan gjera eigne undersøkingar i forvaltinga for å kontrollera om politikken til regjeringa samhøver med vedtaka og intensjonane frå Stortinget. 

Avgjerda om å starta ei eiga undersøking kan takast av ein tredjedel av medlemene i komiteen, dvs. at minimum fire av medlemene i komiteen må stå bak eit framlegg om å setja i gang ei undersøking.

Sjå oversyn over korrespondanse i undersøkingane til komiteen.

Medlemene i komiteen

Medlemer i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Høyringar og skriftlege innspel

Høyringane i komiteen er normalt opne for publikum, og vert direkte overførte på nettsidene til Stortinget.
 
Det er eit eige skjema til å søkja om å få delta på høyring eller senda inn skriftlege innspel. Det finn de via oversynet over høyringar og skriftlege innspel til komiteen.
 

Innstillingar frå komiteen

Leverte innstillingar frå komiteen

Liste over leveringsfristar for innstillingar

Kontaktinformasjon

Postadresse

Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Stortinget
0026 Oslo

E-post: kontroll-konstitusjon@stortinget.no
Telefon: 23 31 37 58

Komitéråd

Hanne Koll Larssen, 

Thomas Dam

Komitésekretariatet

Anita Midtsand

Saksvarsel frå Stortinget (e-post)

Med saksvarsel frå Stortinget kan du enkelt halda deg oppdatert om saker du fylgjer. Du kan fylgja enkeltsaker og/eller sakene til ein eller fleire komitear.
 
 

Aktuelt

Vel å sjå:
Komitémedlemmer
Verv Namn Parti
Medlem Henriksen, Kari A
Første nestleder Jacobsen, Frode (Møter fast for Støre, Jonas Gahr) A
Medlem Leirtrø, Kirsti A
Medlem Hagen, Carl I. (Har permisjon, Rem, Lars møter som vararepresentant) FrP
Leder Frølich, Peter H
Andre nestleder Harberg, Svein H
Medlem Berg, Lan Marie Nguyen MDG
Medlem Aydar, Seher R
Medlem Bjørke, Nils T. Sp
Medlem Lysbakken, Audun SV
Medlem Almeland, Grunde V