Undersøkingane til kontroll- og konstitusjonskomiteen

Som ein del av den parlamentariske kontrollfunksjonen kan komiteen på eige initiativ gjera undersøkingar i forvaltinga.

Når komiteen vedtek å setja i gang undersøkingar, vil det fyrste steget vera ein skriftleg førespurnad til den ansvarlege statsråden. Statsråden utarbeider så eit svar med si utgreiing/vurdering. Om komiteen finn svaret tilfredsstillande, vert undersøkinga avslutta. Om ikkje, kan komiteen stilla fleire spørsmål, eller han kan vedta å «opna sak». Dette inneber at komiteen formelt tek saka opp til handsaming og leverer innstilling til Stortinget. Normalt vert det halde kontrollhøyring. Til slutt diskuterer Stortinget saka i plenum. 

Mindretalsrettar

Det er tilstrekkeleg at ein tredjedel av medlemene i komiteen krev å setja i gang undersøkingar eller å opna sak. 

Undersøkingane til komiteen 2013–2017

Undersøkingane til komiteen 2013–2017.

Undersøkingane til komiteen 2017–2021