Hovedinnhold

Ny bok av Frode Ulvund

4. mai 2014 kjem ei ny bok av Frode Ulvund om korleis den såkalla jødeparagrafen vart handheva: Fridomens grenser 1814–1851. Handhevinga av den norske «jødeparagrafen», Scandinavian Academic Press.

I paragraf 2 i Grunnlova frå 1814 stod det: «Jesuiter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget». «Jødeparagrafen» har gått inn i historia som ein pinleg skamplett på Grunnlova. Forbodet mot jødar stod ved lag fram til 1851.

Sjølv om paragrafen er godt kjent og berykta, er kjennskapen til paragrafen sin virkningshistorie liten. Korleis vart utestenginga av jødar handheva i praksis? Basert på tidlegare ubrukt kjeldemateriale viser boka at «jødeparagrafen» raskt vart teken i bruk og at ei rekke personar vart utsette for bortdriving, utvising, store økonomiske krav eller fengsling. Før Grunnlova var eitt år gamal, var minst ni personar utviste eller fordrivne på grunn av forbodet.

Boka viser også at handhevinga av paragrafen utvikla seg frå ei prinsipiell og konsekvent utestenging til ei meir pragmatisk handheving. Det galdt særleg når det var i statsmakta sine eigne interesser.

Boka diskuterer den norske politikken mot jødar mot ein brei europeisk kontekst. Sjølv om den norske lovgivinga etter 1814 alt i si samtid vart oppfatta som særleg brutal, var den ikkje unik. Antijødiske haldningar og krav om antijødisk politikk var ikkje typisk norsk, men typisk europeisk.

Frode Ulvund (f. 1969) er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen. Han har særleg arbeidd med tema innanfor kriminalitets- og disiplineringshistorie.

Fridomens grenser 1814–1851 - bokomslag.
Fridomens grenser 1814–1851. Handhevinga av den norske «jødeparagrafen».
Boka er skreven av Frode Ulvund og utgis av Scandinavian Academic Press.

Del artikkelen

Skriv ut

Til topp