Hovedinnhold

Norges Husflidlag opna sceneframsyninga på Eidsvolls plass med å visa fram bunader og andre nasjonaldraktar og fortelja om bunadstradisjonen i dei ulike landslutene.
Foto: Erlend Aas/NTB scanpix/Stortinget

Folkefest på Eidsvolls plass

Med skjemt og lått, kaker, song og dans og kulturelle innslag knytte til Grunnlova, demokrati og utviklinga av folkestyret, feira Stortinget grunnlovsjubileet med folkefest på Eidsvolls plass 15. mai.

Herborg Kråkevik
Herborg Kråkevik var konferansier på folkefesten.
Foto: Åsmund Holien Mo/Stortinget

Sjå videoopptak av jubileumsmøtet og folkefesten på Eidsvolls plass.

Les meir om jubileumsmøtet.

Sjå bilete av folkefesten på Flickr. Bileta kan nyttast fritt mot kreditering.

Etter jubileumsmøtet i stortingssalen hadde Stortinget invitert til folkefest med musikk og underhaldning på Eidsvolls plass. Over 400 av ordførarane frå heile landet var til stades og m.a. medlemer av presidentskapet, statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen delte ut kake til frammøtte og forbipasserande i lett duskregn og flott vårvêr.

Norges Husflidlag opna sceneframsyninga på Eidsvolls plass med å visa fram bunader og fortelja om bunadstradisjonen i dei ulike landslutene. Samiske kufter og folkedrakter frå Palestina, Pakistan, Kroatia og Kurdistan vart òg viste fram.

Stortingspresident Olemic Thommessen var vert for festen og programmet på scena vart leidd av konferansier Herborg Kråkevik som sjølv hadde innslag på jubileumsmøtet i Stortinget og deltok med song og skjemt på folkefesten.

Underhaldninga frå scena femnde m.a. om folketonar, folkedans, kor og korps og andre kulturelle innslag som knytte seg til kva Grunnlova har å seia, utviklinga av folkestyret gjennom 200 år og kva slag røyst born og unge har i demokratiet.

Erna Solberg, Siv Jensen og Olemic Thommessen deler ut kake.
Finansminister Siv Jensen, statsminister Erna Solberg og stortingspresident Olemic Thommessen deler ut kake.
Foto: Erlend Aas/NTB scanpix/Stortinget

Sjå programmet for folkefesten på Eidsvolls plass.

Mellom innslaga var ei samtale med elevar frå 9. klasse ved Frosta skole, om komande utfordringar for demokratiet. Elevane heldt til dømes fram at dei under 18 år òg har meiningar dei vil koma fram med, og ynskte å setja røysterettsalderen ned til 16 år.

9. klasse ved Frosta skole er vinnarane av konkurransen «Klassens grunnlov» der Stortinget bad ungdomsskuleklassar om å laga ei ny grunnlov.

Hovudprogrammet vart avslutta med ei tolking av nasjonalsongen «Ja, vi elsker» ved Herborg Kråkevik og song av gruppa Queendom.

Etter hovudprogrammet heldt det fram utover ettermiddagen og kvelden i regi av friviljuge, med musikk frå kor og korps på scena på Eidsvolls plass og i musikkpaviljongen.

Ordførarar på Eidsvolls plass.
Ordførarar på Eidsvolls plass.
Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/Stortinget
Til topp