Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Europaparlamentet med sterk støtte til europeisk minstelønn

Som venta ga eit stort fleirtall i Europaparlamentets arbeids- og sosialkomité støtte til framlegget om eit direktiv om passande minstelønn i EU. I avrøystinga 11. november gjekk komiteen inn for strengare krav for å få unntak enn det Kommisjonen har gjort framlegg om. Medlemslanda i Rådet er venta å vedta ein posisjon 6. desember som går i motsett retning.

Forslaget til eit direktiv om tilstrekkelege minstelønningar vart lagt fram av Europakommisjonen i 2020 og er omtalt fleire gonger i Stortingets EU/EØS-nytt, seinast 20. oktober i år, jf. også regjeringas EØS-notat som går gjennom dei ulike delane av framlegget. Kommisjonen går inn for at land som ikkje har lovbestemt minstelønn må innføre dette, men land som har eit system basert på kollektivavtaler er unntatt frå kravet. Det er også mellom anna foreslått krav om tiltak for å auke dekningsgraden for kollektivavtaler. Både skandinaviske politikarar og partane i arbeidslivet har støtta tiltak for å auke lønningane for dei fattigaste i Europa. Dei har likevel nokså samla gått i mot eit direktiv fordi dei er redde unnataket ikkje vil stå seg i møte med EU-domstolen og at direktivet på sikt derfor skal undergrave systemet med kollektivavtaler.

Arbeids- og sosialkomiteen i Europaparlamentet gjekk i avrøystinga 11. november lengre enn Kommisjonen på fleire punkt. Mellom anna går komiteen inn for eit krav om ein handlingplan dersom dekningsgraden for kollektivavtaler er på 80 prosent, mot ein dekningsgrad på 70 prosent som Kommisjonen hadde gjort framlegg om. Parlamentet vil også ha meir bindande tilrådingar om nivået på lønningane relativt til gjennomsnittleg lønn og medianlønn i kvart land, jf. også Folketingets omtale av vedtaket. Parlamentet går vidare mellom anna inn for å styrke nasjonale arbeidstilsyn. Vedtaket skjedde med 37 mot 10 røyster i komiteen og 7 som avsto. Dei to saksordførarane, Dennis Radtke (sentrum høgre-gruppa EPP, Tyskland) og Agnes Jongerius (sentrum venstre-gruppa S&D, Nederland) var begge svært nøgde med resultatet. I Europaparlamentets pressemelding uttalar Jongerius at «This legislation is a break with the past. During the previous crisis, lowering minimum wages and dismantling sectoral collective bargaining was the harsh medicine prescribed to many member states. Now, we are fighting to increase statutory minimum wages and to strengthen collective bargaining in Europe».

Medan fleirtalet av medlemmane av komiteen altså ser framlegget som ei styrking av situasjonen for arbeidstakarar i land utan minstelønn eller kollektivavtaler, røysta dei tre svenske og dei fire danske medlemmane mot. Heléne Fritzon (S&D, Sverige) sa til den svenske Europaportalen at «Jag är besviken. Vi har försökt att hitta en kompromiss [som undantar Sverige och Danmark] men den fick vi inte stöd för. Om det skulle bli en realitet, det som beslutats idag, så är det ett ingrepp i den svenska avtalsmodellen och grunden för vår välfärd.» Jongerius sa på si side at «Vi har byggt in extra skydd efter önskemål från våra svenska och danska kollegor. Vi attackera inte er modell. Vi har klargjort att det inte finns någon individuell rätt till upprättelse om ni ordnar ert minimilöneskydd via kollektiva förhandlingar».

Før Europaparlamentet kan starte forhandlingar med medlemslanda i Rådet, må plenumsmøtet i Parlamentet formelt samtykke til at vedtaket i komiteen skal danne forhandlingsgrunnlaget. Dei skandinaviske parlamentarikarane har lova å arbeide for at plenumsmøtet skal stanse komitevedtaket. Dei har i fyrste omgang skaffa nødvendig støtte frå minst 71 medlemmar av Europaparlamentet (MEP) for å krevje ei avrøysting om komitévedtaket er akseptablet som posisjon. Dersom eit fleirtal i plenum røyster for å avvise dette, går saka attende til komiteen. Med såpass solid støtte til vedtaket i komiteen, er det likevel ikkje venta at eit fleirtal vil avvise vedtaket frå 11. november som forhandlingsposisjon på plenumsmøtet 22. – 25. november.

Også medlemslanda i Rådet skal i følgje Agence Europe nærme seg semje om ein posisjon. Som tidlegare omtalt i Stortingets EU/EØS-nytt skal det her vere stemning for mindre bindande krav enn det Kommisjonen har gjort framlegg om. I tillegg til dei skandinaviske landa, er det også land aust i EU som går inn for dette. Mellom anna vil Rådet truleg gå inn for at kravet om 70 prosent dekningsgrad for kollektivavtaler skal vere indikativt og ikkje bindande. Dekningsgraden tar utgangspunkt i statistikk frå OECD. Den viser ein norsk dekningsgrad på ca. 70 prosent, mens den i Danmark er 82 og Sverige 88 prosent. I tillegg vil Rådet truleg gå inn for mindre omfattande og bindande rapporteringskrav.

Det er lagt opp til at medlemslanda skal vedta sin posisjon på møtet til arbeidsministrane 6. desember i år. Etter dette er det klart for forhandlingar mellom Europaparlamentet og Rådet der også Kommisjonen deltek, men det vil altså etter alt å dømme vere stor avstand mellom dei to institusjonane. Samstundes er minstelønn ei prioritert sak for Frankrike som har formannskapet i Rådet våren 2022. Også arbeids- og sosialkommissær Nicolas Schmit er opptatt av å få vedteke direktivet. Det er dermed stor uvisse om korleis reglane i det endelege direktivet vil bli.

I Noreg er det i EØS-notatet vist til at «En foreløpig vurdering tilsier at direktivforslaget ikke faller innenfor EØS-avtalens saklige og geografiske virkeområde slik det er definert i EØS-avtalens hoveddel ...» Samstundes er det understreka at ei endeleg avklaring av EØS-relevansen må gjerast når det er endeleg vedteke i EU.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 18.11.2021 11:15
: