Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling framfor skipet Siem Pilot. Foto: Stortinget.

Sterkt møte med mannskapet på Siem Pilot

Den norske delegasjonen til Europarådets parlamentarikarforsamling har som første delegasjon frå Stortinget besøkt det norske skipet Siem Pilot på Sicilia.

Den tida skipet har delteke i EU-operasjonen Triton, har det redda 6794 liv i Middelhavet, deriblant 50 born, i tillegg til å drive grensekontroll.

Avtroppande styrkesjef Erling Olstad gav ein usminka presentasjon av oppdraget og arbeidet til skipet. Han understreka at det blei lagt stor vekt på verdigheit. Kvar flyktning skal møtast med verdigheit og kvar situasjon skal løysast med verdigheit. Delegasjonen fekk eit klart innblikk i dei mange krevjande situasjonane mannskapet frå politiet, forsvaret og reiarlaget må handtere. Styrkesjefen fortalde om eit arbeid som var svært krevjande, ikkje berre operasjonelt, men òg mentalt.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling i dialog med avtroppande styrkesjef Erling Olstad. Foto: Stortinget.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling i dialog med avtroppande styrkesjef Erling Olstad. Foto: Stortinget.

− Eg blir både imponert og stolt av det norske mannskapet på Siem Pilot. Dei legg for dagen stor integritet og profesjonalitet i dei oppgåvene dei er sette til å løyse, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou.

Mannskapet på Siem Pilot skriv historie gjennom det unike samarbeidet på båten, der politiet leier både det sivile mannskapet og mannskap frå forsvaret.

Det arbeidet båten har utført nyt stor respekt blant italienske styresmakter, ikkje berre for det viktige redningsarbeidet, men òg for etterforskingsarbeidet dei utfører. Etterforsking utført av mannskapet har ført til at italiensk politi har kunna pågripe fleire personar som har vore knytte til menneskesmugling. 

Delegasjonen har òg hatt møte med Prefetto Maria Guia Frederico, fylkesmann på Sicilia, og besøkt det største mottakssenteret for asylsøkjarar i Italia med 2200 bebuarar i byen Mineo.

− Ein kan ikkje unngå å få stor respekt for det ansvaret Italia og Sicilia tek. I løpet av 2015 og 2014 har det blitt teke imot nær 300 000 flyktningar på Sicilia. Dette er mykje for eit samfunn med berre 6 millionar innbyggjarar. Likevel har det ikkje vore teikn til uro eller protestar frå lokalbefolkninga, seier delegasjonsleiar Schou.

I løpet av besøket til Roma og Sicilia har delegasjonen i tillegg hatt møter med ambassaden, UNHCR og EU-kontoret European Regional Task Force. Til saman har desse møtene gitt delegasjonen god og verdifull kunnskap om EU-operasjonane i Middelhavet, kompleksiteten i utfordringane Europa står ovanfor og om menneskesmuglaranes kyniske og brutale aktivitet.

Les meir om Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling.

Utfordringane knytt til den store straumen av migrantar og flyktningar til Europa er eit sentralt punkt på agendaen under parlamentarikarforsamlingas haustsesjon i Strasbourg neste veke. Delegasjonen skal delta der og ser fram til å kunne trekke veksel på erfaringane frå Roma og Sicilia i debattane i parlamentarikerforsamlinga.

Les agenda for sesjonen.

 

Sist oppdatert: 24.09.2015 10:36
: