Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Prøvingsretten til domstolane er grunnlovfesta

Stortinget vedtok å grunnlovfesta prøvingsretten til domstolane i stortingsmøtet 1. juni.

Grunnlova av 17. mai 1814. Fyrste tekstsida.

Med 150 røyster for og 17 røyster mot vedtok Stortinget ein ny paragraf 89 i Grunnlova måndag 1. juni 2015:

«I saker som blir reiste for domstolane, har domstolane rett og plikt til å prøve om lover og andre avgjerder tekne av dei statlege styresmaktene strir mot Grunnlova.»

Voteringa vart gjennomført ved namneopprop, og representantane frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti røysta mot dette grunnlovsframlegget.

Domstolane har praktisert ein prøvingsrett i minst 150 år. Dette har vore rekna som ein konstitusjonell sedvanerett – ein uskriven regel som har vore oppfatta som rettsleg forpliktande fordi han har vore fylgd over tid.

Stortinget har i seinare år grunnlovfesta annan konstitusjonell sedvanerett, så som parlamentarismen og opplysingsplikta til regjeringa i 2007 og legalitetsprinsippet i 2014.

Framlegget om å grunnlovfesta prøvingsretten har utgangspunkt i rapporten frå Menneskerettsutvalet, og var eitt av framlegga som vart utsette då Stortinget vedtok ein oppdatert katalog med menneskerettar i Grunnlova 13. mai 2014.

Fleire grunnlovsframlegg vart forkasta

Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillingar til fem grunnlovsframlegg som var sette på dagsordenen denne stortingssesjonen. Alle fem vart handsama i stortingsmøtet 1. juni, og berre framlegget om prøvingsrett for domstolane fekk det fleirtalet som trengst for å endra Grunnlova.

Grunnlovsendringar må vedtakast med eit 2/3 fleirtal, og 2/3 av representantane må vera til stades når vedtaket vert gjort.

Desse framlegga vart voterte over 1. juni 2015:

Det fyrstnemnde grunnlovsframlegget galdt ei språkleg retting i den grunnlovsteksten som galdt før Grunnlova fekk ei fornya språkdrakt på bokmål og ei likestilt utgåve på nynorsk i fjor vår. Denne grunnlovsendringa var difor ikkje lenger aktuell.

Fleire grunnlovsframlegg står att

Grunnlovsframlegg vert sette fram i éin stortingsperiode og må handsamast i løpet av dei tre fyrste sesjonane i neste periode. I førre stortingsperiode vart det sett fram ei rekordstor mengd framlegg til endringar av Grunnlova – i alt 38 – og det står framleis att ein del framlegg Stortinget må ta stilling til. Det gjeld både framlegg som vart utsette under handsaminga av menneskerettsreforma og andre frittståande grunnlovsframlegg.

Sjå oversyn over grunnlovsframlegg som ikkje er handsama enno.

Les meir om Grunnlova.

 

Sist oppdatert: 01.06.2015 14:47
: