Delegasjonsleiar Ingjerd Schou. Foto: PACE.

Delegasjonsleiar Ingjerd Schou. Foto: PACE.

PACE publiserer rapport om mogleg korrupsjon i forsamlinga

Den eksterne uavhengige kommisjonen vil publisere sine funn i ein eigen rapport søndag 22. april, dagen før opninga av Europarådets parlamentarikarforsamlings (PACE) andre delsesjon i 2018.

Det  omfattande granskingsarbeidet har gått føre seg over ein periode på nær ti månader.

Den norske delegasjonen har, saman med sine nordiske og baltiske kollegaer, vært ein sterk pådrivar for at påstandane måtte granskas og at granskingsarbeidet måtte være forankra i eit sterkt mandat med uavhengigheit frå forsamlinga som eit grunnleggande prinsipp. Fleire medlemmer av Stortingets delegasjon til PACE har også bidrege til granskinga av korrupsjonspåstandane  gjennom samtalar med den eksterne granskingskommisjonen.

– Eg ser fram til å lese denne rapporten, og er sjølvsagt spent på kva kommisjonen har kome fram til. For den norske delegasjonen har det vært viktig å ta påstandane om korrupsjon på  alvor. Granskingskommisjonen har hatt ei vanskeleg, men viktig oppgåve. Det er ikkje bare parlamentarikarforsamlingas integritet, men også Europarådets, som har blitt svekka av påstandar om korrupsjon, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

Kommisjonen som blei etablert i juni 2017 har bestått av Sir Nicolas Bratza (tidlegare president i menneskerettsdomstolen i Strasbourg, frå Storbritannia), Jean-Louis Bruguière (tidlegare dommar med erfaring frå anti-terrorsaker, frå Frankrike) og Elisabeth Fura (tidlegare dommar i menneskerettsdomstolen i Strasbourg, frå Sverige).

Sesjonens agenda

Andre tema som vil bli debatter på PACEs vårsesjon vil være enkelte medlemslands bruk av unntakstilstand og unntak frå forpliktingane i Europarådets menneskerettskonvensjon, kvitvaksing, terrorfinansiering og hybrid krigføring. Status for media og journalistar i Europa, gjennomføring av Parisavtala, internt fordrivnes humanitære behov, samt Europarådets rolle i Libya vil også blir diskutert.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) deltar med følgjande medlemmer: Delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H), nestleiar Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Espen Barth Eide (A), Vetle Wang Soleim (H), Petter Eide (SV), Jette Christensen (A).

Sjå sesjonens agenda

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet ble oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmar (og 324 varamedlemmar). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei betydeleg rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og den overvaker medlemslandas oppfylling av sine medlemskapsforpliktingar.


Sist oppdatert: 20.04.2018 09:23