Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Emilie Enger Mehl, Ingjerd Schou, Morten Wold, Lise Christoffersen saman med medlemmer av Ungarns delegasjon til PACE og Norges ambassadør Olav Berstad (til høgre). Foto: Stortinget.

Emilie Enger Mehl, Ingjerd Schou, Morten Wold, Lise Christoffersen saman med medlemmer av Ungarns delegasjon til PACE og Norges ambassadør Olav Berstad (til høgre). Foto: Stortinget.

PACE-delegasjonen diskuterte demokratiutvikling i Ungarn

Fire av medlemmane i Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) besøkte Ungarn i veke 38 for å få betre kunnskap om den demokratiske utviklinga i landet.

Ungarn er eit av dei landa som over lengre tid har vært gjenstand for kritisk debatt både i parlamentarikarforsamlinga og frå andre Europarådsorgan, som menneskerettskommissæren, Venezia-kommisjonen og anti-korrupsjonskomiteen (GRECO) med fleire. Det er særleg utviklinga ein ser med innskrenking av vilkåra for sivilt samfunn, media og akademia som gir grunn til uro. Det same gjeld rettsstatsutviklinga i landet.

Dialog om kritikken

Dette var bakgrunnen for delegasjonens reise til Ungarn. Ved eit omfattande program over to og ein halv dag fekk delegasjonen høve til å møte representantar frå både regjering, parlamentet, media, sivilt samfunn og akademia. I alle møtene var spørsmål om menneskerettar, demokrati og rettsstat ein sentral del av agendaen, og delegasjonen har fått eit godt innblikk i både styresmaktenes og sivilt samfunns syn på kritikken frå Europarådet. Det same gjeld korleis dei møter og handterer kritikken.

– Vi har hatt mange gode samtalar, og det har vært svært interessant å diskutere den omfattande kritikken med representantar frå ulike deler av samfunnet og politikken i Ungarn. Europarådets grunnleggande verdiar, menneskerettar, demokrati og rettsstat, er under press i fleire av Europarådets medlemsland, og det er derfor viktig å kunne møtes på denne måten for diskusjon og dialog om problemstillingane – særleg når ein har ulike meiningar, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou.

– Det unike ved Europarådet, og også dets styrke, er nettopp det at det er ein paneuropeisk arena som samlar heile 47 medlemsland for dialog om grunnleggande viktige, men også om vanskelege tema. I dagens Europa, der ein ser klare tendensar til underminering av den multilaterale dialogen mellom land, er Europarådet funksjon som arena for dialog viktig. Dette gjeld spesielt når det kjem til forsvar av grunnleggande verdiar som til dømes eit sterkt sivilsamfunn, akademisk fridom, mediafridom, likestilling, og rettsstat, avsluttar Schou.

Delegasjonen har forsøker å få til ein til to slike studiereiser i løpet av ein stortingsperiode og har tidlegare hatt tilsvarande studiereiser til Vest-Balkan, Italia, Belgia og Austerrike.

Ingjerd Schou (H), Lise Christoffersen (A), Emilie Enger Mehl (Sp) og Morten Wold (FrP) deltok på studieturen til Ungarn.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettighetene, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har en rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvakar i kva grad dei nye medlemslanda respekterer sin medlemskapsforpliktingar.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE)

Sist oppdatert: 18.09.2019 14:54
: