Ingjerd Schou, Vetle Wang Soleim, Jette Christensen, Lise Christoffersen, Espen Barth Eide. Foto: Stortinget.

Ingjerd Schou, Vetle Wang Soleim, Jette Christensen, Lise Christoffersen, Espen Barth Eide. Foto: Stortinget.

PACE møttes i Strasbourg

Stortinget deltok på Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) sin haustsesjon i Strasbourg 8.–12. oktober. 

Delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H) deltok saman med nestleiar Lise Christoffersen (A), Jette Christensen (A), Espen Barth Eide (A) og Vetle Wang Soleim (H) på siste delsesjon for parlamentarikarforsamlinga (PACE)  i 2018.

Sjå dagsordenen for oktobersesjonen.

Migrasjon, integrering, familiegjenforeining og radikalisering

I løpet av sesjonen debatterte forsamlinga fire migrasjonsrelaterte rapportar, alle med eit fokus på integrering og arbeid mot radikalisering. Vedtaka som blei fatta understreka betydinga av full openheit i utanlandsk finansiering av trus- og livssynssamfunn, og det viktige i å unngå ei utvikling der migrantar og flyktningar kjenner seg framandgjort, marginalisert og  utrygge i vertslanda.

Dette var sett på som grunnleggande viktig i arbeidet mot potensiell radikalisering av migrantar og flyktningar. Det same gjaldt dei resolusjonane som diskuterte migrantars rett til familiegjenforeining, og innvandrarkvinners nøkkelrolle i integreringsarbeidet.

– Det er heilt klart viktig med openheit om både utanlandsk og nasjonal finansiering av trus-og livssynssamfunn. Mangel på openheit kan lett føre til mistru og framandfrykt. Det same gjeld om vi ikkje lukkast med integrering, og i dette er det spesielt viktig å fokusere på innvandrarkvinner, seier Lise Christoffersen (A), nestleiar i delegasjonen.

Diskriminering av regnbogefamiliar

På dagsordenen stod også debatt om regnbogefamiliars status og situasjon i Europarådets medlemsland. Den vedtatte resolusjonen oppmodar medlemslanda til å ta grep for å få slutt diskriminering med partnarar og foreldre av same kjønn basert på seksuell legning. Resolusjonen slår fast at regnbogefamiliar må bli likestilt med, og oppnå same juridiske rettigheiter som alle andre familiar.

Debatt om reglar og prosedyrar

På agendaen var også ein viktig debatt for organisasjonen om endringar i reglar og prosedyrar for medlemslandas deltaking i forsamlingas arbeid. Debatten enda med at den foreslåtte resolusjonen til slutt ikkje blei stemt over, men sendt tilbake til den aktuelle komiteen for vidare arbeid og oppfølging der. Resolusjonen og debatten vil kome opp igjen på eit seinare tidspunkt.

Ei av dei utløysande årsakene til dette resolusjonsforslaget var spørsmålet om Russlands manglande deltaking i PACEs arbeid, etter at delegasjonen mista stemmeretten i 2014 som følgje av anneksjonen av Krim.

Som alltid var sesjonen kjenneteikna ved ein vid agenda. Andre aktuelle tema på agendaen var blant anna situasjonen til mindreårige palestinske flyktningar i israelske fengsel, og det viktige i at FN, Europarådet og andre internasjonale MR-overvakingsorgan får ubegrensa tilgang til å observere MR-situasjonen i konfliktområder og andre område med uklar status, såkalla «Grey Zones». Dette i tillegg til debatt om kjernefysisk trygglek i Europa, nasjonale parlaments rolle i desentraliseringsprosessar.

Europarådet og parlamentarikerforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som hovudformål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmar (og 324 varamedlemmar). Til saman representerer dei 800 millionar europearar. Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei betydeleg rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvakar dei nye medlemslandas gjennomføring av sine medlemskapsforpliktingar.


Sist oppdatert: 12.10.2018 13:03