Til Odelstinget
Fiskeri- og kystdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg
til lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur
(akvakulturloven). Formålet er å leggje til rette
for å gjere om dagens gebyr for tilsyn og kontroll av lokalitetar
til ei sektoravgift i tråd med nye retningslinjer utarbeidde
av Finansdepartementet. § 26 gir departementet
heimel til å fastsetje gjennom forskrifter gebyr for oppgåver
som blir gjort av statlege styresmakter innanfor området
til akvakulturlova. Lovframlegget går ut på å leggje
til "avgift" i akvakulturlova § 26 slik at departementet òg
får heimel til å gi forskrift om avgift om tilsynsarbeid.
Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 for budsjettåret 2007
har Stortinget lagt til grunn at enkelte tilsynsoppgåver
skal finansierast av ei sektoravgift. Hovudmålet med ei
sektoravgift er å finansiere utgiftene til bestemde tiltak,
for eksempel fellestiltak for ei næring der avgiftene vert
betalte av næringa sjølv.
Gebyret er ein fast sum knytt til kvar lokalitet, og er ikkje
direkte knytt til tilsynshandlingane. Utviklinga synest òg å gå i
retning av meir risikobasert kontrollarbeid der ikkje alle lokalitetar
vert kontrollerte i løpet av ein bestemt tidsperiode. Det
er difor slik at gebyrpliktige ikkje kvart år mottek ei
klart definert offentleg styresmakthandling. Gebyrordninga bør
difor endrast til ei sektoravgift.
Fiskeri- og kystdepartementet sende 13. februar 2007
på høyring eit notat med forslag til endring i akvakulturlova.
Det kom inn svært få merknader til forslaget
i høyringa. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening
understrekar forskjellane mellom gebyr og avgift, og at det offentlege
får ein breiare lovheimel til å påleggje
næringa avgifter. Fiskeri- og Havbruksnæringens
Landsforening tek til etterretning at endringa vert gjort for å endre
kontroll- og tilsynsgebyret.
Forslaget medfører ikkje nemneverdige økonomiske
eller administrative konsekvensar.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Aud Herbjørg Kvalvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at det har kome inn svært få merknader til forslaget til lovendring under høyringsprosessen. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening understrekar likevel i høyringsutsegna si at det offentlege vil få ein breiare lovheimel til å påleggje næringa avgifter. Dette innser òg komiteen, men meiner likevel at Regjeringa sitt framlegg til lovendring er i tråd med det generelle oppryddingsarbeidet i gebyr- og avgiftssystemet som blei starta av den førre regjeringa og som blir vidareførd av dagens regjering. Det er etter komiteen sitt syn riktig å redusere gebyrordningar til berre å dekkje kostnadene det offentlege har med ei klart definert oppgåve, mens det i tillegg kan opnast for sektoravgifter for å finansiere utgiftene til bestemde tiltak der dette er formålstenleg.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til innspill i høringsprosessen fra Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening om at forslaget vil gi det offentlige en bredere hjemmel for å pålegge næringen avgifter. Disse medlemmer mener at forslaget til ny § 26 bare skal benyttes som en del av oppryddingsarbeidet i gebyr- og avgiftssystemet, og at næringen ikke skal pålegges nye tyngende avgifter og gebyrer.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande
vedtak til lov
om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven)
I
I lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) skal § 26 lyde:
Departementet kan gi forskrift om gebyr og avgift, for behandling av søknader og for utførelse av tilsynsarbeid i henhold til bestemmelser i eller i medhold av denne lov.
Skyldig gebyr og avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.
II
Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Oslo, i næringskomiteen, den 10. mai 2007
Lars Peder Brekk |
Leif Helge Kongshaug |
leiar |
ordførar |