3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 1

I lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten gjøres følgende endringer:

§ 8 skal lyde:

Utanom odlaren får barna odelsrett.

§§ 13 og 14 oppheves.

§ 27 oppheves.

§ 27a oppheves.

§ 28 oppheves.

§ 30 oppheves.

§ 31 oppheves."

Forslag 2

Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) oppheves.

Forslag 3

Lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) oppheves.

Forslag fra Høyre og Venstre:

Forslag 4

I

I lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) gjøres følgende endringer:

§ 12 skal lyde:

§ 12 Deling

Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk, skogbruk eller hagebruk kan delast, eller det kan stiftast bruksrettar til del av eigedomen. Deling krev likevel samtykke frå kommunen om delinga vert råka av andre eller femte ledd, eller av forskrift etter § 13.

Dyrka jord som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk, kan ikkje delast eller frådelast eigedom utan kommunen sitt samtykke. Plikt til å søkje deling etter første ledd andre punktum gjeld også ved avtale om forpakting og liknande leige eller bruksrett til del av den dyrka jorda når retten er stifta for lengre tid enn 10 år, eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

Samtykke er likevel ikkje nødvendig dersom

  • 1. det er gitt samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, og dette samtykket ikkje er forelda, jf. § 9 fjerde ledd, eller

  • 2. formålet med frådelinga eller delinga er å overdra jorda som tilleggsareal til annan eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk. Det er eit vilkår at det er oppretta skriftleg kontrakt der det går fram kva eigedom arealet skal leggjast til, og at arealet skal nyttast til slikt formål.

Samtykke til deling etter andre ledd kan berre tillatast når samfunnsinteresser av stor vekt taler for det.

Bygningar som ligg i eller nær tunområde kan ikkje frådelast eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk utan kommunen sitt samtykke. Frådeling av bygningar som ligg i eller nær tunområdet kan tillatast når frådelinga ikkje vil føre til skade på kulturlandskapet, til konkret påreknelege driftsmessige ulemper av vesentleg betydning, eller dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for deling.

Vedtak kommunen gjer etter andre og femte ledd kan påklagast til fylkeslandbruksstyret om ikkje departementet har fastsett ein annan klageinstans.

Ny § 13 skal lyde:

§ 13 Lokale reglar om deling

Etter søknad frå kommunen kan departementet innføre forskrift som inneber at eigedom som er eller kan nyttast til jordbruk, hagebruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan kommunen sitt samtykke. Slik forskrift kan innførast når kommunen meiner forskrift er ønskeleg ut frå omsynet til driftsmessig gode løysingar eller omsynet til kulturlandskapet.

Når det er søkt om deling etter lokale reglar, kan kommunen ved avgjerda berre leggje vekt på omsyn som låg til grunn for innføringa av reglane.

Ny § 14 skal lyde:

§ 14 Eigedom som består av fleire register- nemningar

Søknadsplikta etter §§ 12 og 13 gjeld også for eigedom som består av fleire registernemningar dersom registernemningane er på same eigarhand.

Ny § 15 skal lyde:

§ 15 Tvangsauksjon og jordskifte

Begrensningane i §§ 12 og 13 gjeld ikkje når del av eigedom blir seld ved tvangssal. Det same gjeld dersom det i samband med offentleg jordskifte er nødvendig å dela eigedom.

Ny § 16 skal lyde:

§ 16 Vilkår

Samtykke til deling etter §§ 12 og 13 kan givast på slike vilkår som er nødvendige av omsyn til dei formåla føresegnene skal fremje.

Ny § 17 skal lyde:

§ 17 Bortfall av delingssamtykke

Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort.

II

Endringane tek til å gjelde straks.

Forslag 5

Stortinget ber Regjeringen utforme et nasjonalt regelverk som gir kommunene stor grad av fleksibilitet til å fastsette egne grenser for boplikt.

Forslag fra Høyre:

Forslag 6

I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten gjøres følgende endringer:

Nåværende § 27 oppheves. Nåværende § 27 a blir ny § 27 og skal lyde:

§ 27 Utsetjing av sak om odelsløysing eller offentleg skifte ved søknad om fritak frå driveplikt

Når det i samband med odelsløysing eller offentleg skifte blir søkt om fritak frå driveplikt, skal retten utsetje den endelege avgjerda i saka til fritaksspørsmålet er avgjort.

§ 28 skal lyde:

§ 28 Odelsløysing og tilbakesøkjing ved brot på driveplikt

Dersom ein odelrettshavar ikkje oppfyller vilkår om driveplikt etter jordlova § 8, kan andre odelsrettshavarar innan fem år etter at overtakinga fann stad, søkje eigedomen løyst på odel utan hinder av om eigaren måtte ha betre odelsrett.

Har eigaren fått eigedomen ved odelsløysing, kan også saksøkte i løysingssaka søkje eigedomen tilbake når vilkår om driveplikt ikkje blir oppfylt. Det same gjeld om eigaren, før tidsfristen etter første stykket er ute, avhender eigedomen til nokon som ikkje har odelsrett. Som avhending blir også rekna forpakting eller annan liknande total bruksrett. Krav om tilbakesøkjing etter dette stykket står tilbake for odelsrettshavarane sin løysingsrett etter første stykket.

Når odelsløysinga eller tilbakesøkjinga er fullført, fell odelsretten for den tidlegare eigaren bort. Er odelsløysinga eller tilbakesøkjinga fullført av nokon som ikkje høyrer til den tidlegare eigaren si line, fell odelsretten bort også for denne lina.

§ 39 skal lyde:

§ 39 Bu- og driveplikt for attlevande

For at attlevande skal ha vern som nemnt i §§ 34 til 36, må han seinast frå eitt år etter at han blei eigar, bu på eigedomen og bruke han som sin reelle bustad, og drive eigedomen i samsvar med jordlova § 8. Den styresmakta som kan gi konsesjon etter konsesjonslova, kan gi dispensasjon frå buplikta etter første punktum. Den styresmakta som kan gi fritak frå driveplikt etter jordlova § 8 a, kan gi dispensasjon frå driveplikta.

Bruksretten fell bort om attlevande varig flytter frå eigedomen eller om eigedomen ikkje blir driven på forsvarleg måte.

§ 40 skal lyde:

§ 40 Frist for å gjere odelsretten gjeldande

Retten til odelsløysing må gjerast gjeldande innan seks månader frå den dagen då dokument som gir den nye eigaren full heimel blir tinglyst. Dette gjeld også overgang ved arv. Ved tvangssal blir foreldingsfristen rekna frå tinglysinga av tvangssalskøyte.

Reglane i første stykket gjeld likevel ikkje når ein eigar med odelsrett ikkje i dei fem første åra etter overtakinga oppfyller driveplikta etter jordlova § 8. Andre odelsrettshavarar som hadde odelsrett då eigaren fekk tinglyst heimel, kan i eit slikt tilfelle krevje å løyse eigedomen, dersom kravet blir sett framinnan fem år frå overtakinga.

§ 51 tredje ledd skal lyde:

Reglane om driveplikt i jordlova § 8 første stykket gjeld tilsvarande når ein åsetesarving tek over jord.

Forslag 7

I lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse gjøres følgende endringer:

§ 11-13 annet ledd oppheves.

Tredje ledd blir nytt annet ledd.

Forslag 8

I lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. gjøres følgende endringer:

§ 5 annet ledd skal lyde:

Første ledd gjelder tilsvarende for samboere i ekteskapslignende forhold. Som samboere etter bestemmelsen her regnes samboere som fyller vilkårene i arveloven § 28 a.

§ 5 tredje ledd oppheves.

§ 6 oppheves.

§ 9 første ledd skal lyde:

Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til landbruksformål, skal det legges særlig vekt på:

  • 1. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området,

  • 2. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning,

  • 3. om erververen anses skikket til å drive eiendommen,

    • 4. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet.

§ 13 tredje ledd skal lyde:

Kongen kan sette en frist for erververen til å søke konsesjon dersom:

  • 1. tidsgrensen for tvangsbruk etter § 3 annet ledd overskrides.

  • 2. erververen unnlater å bygge innen 5 år i strid med § 4 annet ledd.

  • 3. erververen foretar bruksendring i strid med plan i henhold til § 4 tredje eller fjerde ledd.

  • 4. erverver som nevnt i § 5 første ledd nr. 5 ikke overholder fristen for videresalg.

  • 5. kravet til bosetting etter § 7 tredje ledd jf. § 6 ikke overholdes.

Forslag 9

Lovvedtaket IX skal lyde:

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan bestemme at de enkelte bestemmelsene skal gjelde fra forskjellig tid.

I forbindelse med lovens ikrafttredelse gjelder følgende overgangsbestemmelser:

  • 1. Endringene i odelsloven §§ 1, 2, 8, 12, 21, 40 til 48 og 78 får ikke virkning for forhold der det etter tidligere regler er oppstått anledning til å bruke odels- eller åsetesrett før endringen her tar til å gjelde.

  • 2. Endringene i odelsloven §§ 6, 63, 69 og 70 gjelder bare der sak er reist etter ikrafttredelsen.

  • 3. Ved samodling etter odelsloven § 15 tredje ledd siste punktum og fjerde ledd inngår også samodlingstid fra tiden før ikrafttredelsen.

  • 4. Endringene i odelsloven §§ 20 til 20 c gjelder bare for tilbud som er satt fram etter ikrafttredelsen.

  • 5. Endringen i odelsloven § 25 medfører ikke at avkall fra tiden før ikrafttredelsen blir virkningsløst.

  • 6. Endringene i odelsloven §§ 34 til 39 gjelder ikke der en odelsberettiget eier er død før ikrafttredelsen.

  • 7. Reglene om oppsigelse av leieforhold i odelsloven § 50 gjelder etter ikrafttredelsen selv om odelsretten kunne vært gjort gjeldende eller er gjort gjeldende før loven trer i kraft.

  • 8. Er driveplikten etter gjeldende konsesjonslov § 5 annet ledd eller etter odelsloven § 27 brutt før loven trer i kraft, kan bruddet følges opp etter de nye reglene i jordloven.

  • 9. Er en søknad om konsesjon, driveplikt eller odelsfrigjøring ikke endelig avgjort når loven trer i kraft, skal forvaltningens behandling av søknaden følge de nye bestemmelsene selv om søknaden er innsendt før loven trådte i kraft. Det samme gjelder melding sendt kommunen etter konsesjonsloven § 6 annet ledd. Søknaden anses som endelig avgjort dersom klage ikke er mottatt innen klagefristens utløp, eller dersom forvaltningen har fattet avgjørelse i klagesaken.

  • 10. En eier som eier jordbruksareal ved lovens ikrafttredelse, har driveplikt i tråd med jordloven § 8.

  • 11. Er ervervet som utløste boplikt skjedd før ikrafttredelsen, men det er søkt fritak fra boplikt, eller boplikten er under oppfyllelse eller er misligholdt på ikrafttredelsestidspunktet, faller plikten bort.

Forslag fra Kristelig Folkeparti:

Forslag 10

I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten vert gjort følgjande endringar:

§ 2 første ledd skal lyde:

Ein eigedom blir rekna som odlingsjord når fulldyrka eller overflatedyrka jord på eigedomen er minst 25 dekar, eller det produktive skogarealet på eigedomen er minst 500 dekar.

§ 29 skal lyde:

Ved overdragelse av odelseiendom skal kommunen varsle de øvrige odelsberettigede. Dersom det er vanskelig å gi individuelt varsel, er det tilstrekkelig med kunngjøring i Norsk Lysingsblad og en avis som er alminnelig lest på stedet.

Forslag 11

I lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven) vert gjort følgjande endringar:

§ 4 første ledd nr. 4 skal lyde:

  • 4. bebygd eiendom, ikke over 100 dekar, der fulldyrka og overflatedyrka jord utgjer mindre enn 25 dekar.

§ 5 annet ledd skal lyde:

Ved erverv av bebygd eiendom hvor fulldyrka og overflatedyrka jord er minst 25 dekar, eller eiendommen består av minst 500 dekar produktiv skog, er konsesjonsfriheten etter første ledd nr. 1 og 2 betinget av at erververen bosetter seg på eiendommen innen ett år og selv bebor den i minst 5 år. Ved odelsløsning må erververen bebo eiendommen i minst 10 år. Som bebygd eiendom regnes her eiendom med bebyggelse som er eller har vært brukt som helårsbolig. Det samme gjelder eiendom med bebyggelse som ikke er tatt i bruk som helårsbolig, herunder eiendom med bebyggelse under oppføring dersom tillatelse til bebyggelse er gitt med sikte på boligformål. Erverver gjenlevende ektefelle eiendom fra sin avdøde ektefelle som eier eller ved uskifte, skal botiden gjenlevende har gjennomført før overtagelsen regnes mot plikttiden.

Forslag 12

Stortinget ber Regjeringa om å fremma forslag om særskilde tiltak og ei kompensasjonsordning for dei menn fødd før 1965 som vert skadelidande av opphevinga av § 78 i lov om odels- og åsetesretten.

Forslag frå Venstre:

Forslag 13

Stortinget ber Regjeringen utforme et nasjonalt regelverk som gir kommunene stor grad av fleksibilitet til å fastsette egne grenser for boplikt.