1. Samandrag

       Regjeringa gir i meldinga ei omtale av kvoteavtalene for 1996. Dei viktigaste forhandlingane er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det har også vore ført forhandlingar med EU, på vegne av Danmark og Sverige, om reguleringstiltaka i Skagerrak og Kattegat. I tillegg har Noreg ført forhandlingar med Polen og gjennomført trepartsdrøftingar med Island og Grønland. Meldinga søkjer òg å vise i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar har utnytta desse kvotane i 1994 og 1995 og om kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

       Ifølgje meldinga har norske fartøy i 1994 og 1995 nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord for 62° N fullt ut. I tillegg til Noregs ordinære kvotar på torsk og hyse nord for 62° N, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland i både 1994 og 1995, i storleiken 18.000 - 20.000 tonn. Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk og hyse nord for 62° N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

       I Nordsjøen blei dei norske kvotane på fellesbestandane sei, makrell og sild oppfiska i 1994 og 1995. Dei to siste åra har EU fiska om lag 24 % av totalfangstane sine for torsk sør for 62° N i norsk sone av Nordsjøen, mens tilsvarande tal for hyse og sei var 31 og 45 %.

       Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker, sild, torsk og makrell i 1994 og 1995. Utnyttinga av kvotane i Skagerrak er gjennomgåande høy for EU (Sverige og Danmark).

       Meldinga fortel også korleis norske og utanlandske fartøy har utnytta kvotane i dei andre sonene som inngår i forhandlingane.

       Meldinga gir òg ei omtale av dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på dei tildelte kvotane. Det blir gjort greie for nokre tiltak som er iverksette mot fiske i strid med etablerte forvaltningsregimer i internasjonale område i Nordaust-Atlanteren.