Kap. 840 Tilskot til krisetiltak
Løyvinga for 1998 vart auka med 4 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett, jf. St.prp. nr. 65 (1997-98). Tilleggsløyvinga har vist seg ikkje å vere tilstrekkeleg til å dekkje behovet, og på denne bakgrunn vert det gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,753 mill. kroner.