Kap. 852 Adopsjonsstønad
Etter ein gjennomgang av Rikstrygdeverket sine utbetalingar av adopsjonsstønad tidlegare i år, kom det fram at til saman 6 060 000 kroner av løyvinga til adopsjonsstønad er blitt ført på feil kapittel.
Departementet gjer difor framlegg om at løyvinga på kap. 852 post 70 vert nedjustert med 6 060 000 kroner i 1998. Ein vil understreke at dette er reint rekneskapsmessig. Stønad til adopsjon frå utlandet vil halde fram på same nivå som før.