Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Utgiftene til rammetilskot til kommunane og fylkeskommunane vert i St.prp. nr. 1 (1997-98) utrekna til kr 30 550 000. Løyvinga viser seg å verte for lita da det gjennom heile 1998 har kome langt fleire einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar enn kva som var forventa og dermed budsjettert.
Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 14,450 mill. kroner for 1998.