Kap. 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor
Statens ungdoms- og adopsjonskontor (SUAK) vart oppretta 1. januar 1998 etter ei samanslåing av Statens adopsjonskontor, Sekretariatet for Fordelingsutvalet og deler av den private stiftinga Atlantis. Når kontoret no har vore i drift i nærmare eit år viser det seg at løyvinga på budsjettet for inneverande år har vorte for lita. Meirbehovet for 1998 ligg på 1,8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om fylgjande omdisponeringar:
Kap. 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor post 01 Driftsutgifter vert auka med 1,8 mill. kroner mot innsparing på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v. med 0,870 mill. kroner, kap. 856 Barnehagar post 63 Tilskot til omstilling med 0,350 mill. kroner, kap. 856 Barnehagar post 64 Tilskot til andre barnehageføremål med 0,130 mill. kroner, kap. 857 Tiltak for barn og unge post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonane med 0,450 mill. kroner.