Til Stortinget.
Regjeringen legg i proposisjonen fram forslag til endringar på kap. 800 Barne- og familiedepartementet, kap. 840 Tilskot til krisetiltak, kap. 845 Barnetrygd, kap. 852 Adopsjonsstønad, kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, kap. 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor, og kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.
Det er eit meirbehov på 2,3 mill. kroner
som skuldast at nokre internasjonale tiltak i realiteten vert utført
av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel.
Løyvinga for 1998 vart auka med 4 mill.
kroner i Revidert nasjonalbudsjett, jf. St.prp. nr. 65 (1997-98). Tilleggsløyvinga
har vist seg ikkje å vere tilstrekkeleg til å dekkje
behovet, og på denne bakgrunn vert det gjort framlegg om å auke
løyvinga med 1,753 mill. kroner.
Utgiftene i 1998 vil i fylgje berekningar bli
38 mill. kroner høgare enn vedtatt løyving og
det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under
kap. 845 Barnetrygd post 70 Tilskot med 38 mill. kroner.
Etter ein gjennomgang av Rikstrygdeverket sine utbetalingar
av adopsjonsstønad tidlegare i år, kom det fram
at til saman 6 060 000 kroner av løyvinga til adopsjonsstønad
er blitt ført på feil kapittel.
Departementet gjer difor framlegg om at løyvinga
på kap. 852 post 70 vert nedjustert med 6 060 000 kroner i
1998. Ein vil understreke at dette er reint rekneskapsmessig. Stønad
til adopsjon frå utlandet vil halde fram på same
nivå som før.
Utgiftene til rammetilskot til kommunane og fylkeskommunane
vert i St.prp. nr. 1 (1997-98) utrekna til kr 30 550 000. Løyvinga
viser seg å verte for lita da det gjennom heile 1998 har
kome langt fleire einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar
enn kva som var forventa og dermed budsjettert.
Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving
på 14,450 mill. kroner for 1998.
Posten dekkjer i hovudsak dei faste kostnadene
knytt til Noregs bidrag til deltaking i EU sitt ungdomsprogram som
fylgje av EØS-avtala. Departementet har ikkje høve
til å påverka desse kostnadene. Frå 1997
til 1998 har desse kostnadene auka med om lag 2 mill. kroner og
ein treng ei tilleggsløyving på 1,3 mill. kroner
for 1998.
Statens ungdoms- og adopsjonskontor (SUAK) vart oppretta
1. januar 1998 etter ei samanslåing av Statens adopsjonskontor,
Sekretariatet for Fordelingsutvalet og deler av den private stiftinga
Atlantis. Når kontoret no har vore i drift i nærmare
eit år viser det seg at løyvinga på budsjettet
for inneverande år har vorte for lita. Meirbehovet for
1998 ligg på 1,8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om fylgjande omdisponeringar:
Kap. 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor
post 01 Driftsutgifter vert auka med 1,8 mill. kroner mot innsparing
på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking,
utvikling og opplysningsarbeid m.v. med 0,870 mill. kroner, kap.
856 Barnehagar post 63 Tilskot til omstilling med 0,350 mill. kroner,
kap. 856 Barnehagar post 64 Tilskot til andre barnehageføremål
med 0,130 mill. kroner, kap. 857 Tiltak for barn og unge post 70
Barne- og ungdomsorganisasjonane med 0,450 mill. kroner.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti ser på innsparingen på kap. 857 post 70 som svært uheldig. Det frivillige organisasjonsliv er viktig og har svært få midler fra før. Innsparinger på kap. 854 post 71 medfører at det blir mindre midler og mindre aktivitet i barnevernet, et område som er høyt prioritert av disse medlemmer.
Komiteens medlemmer frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet viser til svar frå Barne- og familiedepartementet om innsparing på kap. 857 post 70.
«Det kan imidlertid opplyses om at Finansdepartementet har samtykket i at kap. 857 post 70 blir overskredet med 1.1 mill kroner i 1998, mot tilsvarende innsparelser på kap. 1530 post 70 Tilskudd til de politiske partiers sentrale organisasjoner (inndratte midler fra Sosialistisk ungdom og Fremskrittspartiets ungdom i 1998). Dette betyr at barne- og ungdomsorganisasjonene siste kvartal får utbetalt mer enn de regnet med.»
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet tar til etterretning at ved sammenslåingen/opprettelsen av SUAK har man hatt et aktivitetsnivå som har ført til en budsjettoverskridelse på 1,8 mill. kroner. Disse medlemmer vil oppfordre SUAK til sterkere budsjettdisiplin i kommende budsjettår. Disse medlemmer vil støtte inndekningsforslagene med ett unntak. Disse medlemmer støtter ikke forslaget til reduksjon av kap. 857 post 70 med 0,450 mill. kroner. Disse medlemmer vil i stedet fordele denne reduksjonen på kap. 854 og 856. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
Kap. 854 |
Tiltak i barne- og ungdomsvernet |
|
71 |
Forskning, utvikling og opplysningsarbeid m.v. |
|
|
|
|
r e d u s e r e s med |
kr |
1 095 000 |
|
|
|
|
|
Kap. 856 |
Barnehager |
|
64 |
Tilskot til andre barnehageføremål |
|
|
|
|
r e d u s e r e s med |
kr |
355 000 |
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO)
er frå 1. januar 1998 eit forvaltningsorgan med særskilde
fullmakter og er sjølv ansvarleg for framtidig dekking
av feriepenger.
I samsvar med statleg praksis vart det ikkje
sett av feriepenger i 1997 for utbetaling i 1998. Året
1998 vil på grunn av omorganiseringa vere eit overgangsår
der SIFO må dekkje feriepenger for 1998 og samtidig sette av
midlar til opptente feriepengar som først kjem til utbetaling
i 1999.
Barne- og familiedepartementet gjer difor framlegg om å auke
løyvinga til SIFO med 1,65 mill. kroner med innsparing
frå kap. 844 Kontantstønad post 21 Sær-skilde
driftsutgifter med 1,6 mill. kroner og kap. 856 Barnehagar post
63 Tilskot til omstilling med 0,050 mill. kroner.
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Kap. 854 | Tiltak i barne-
og ungdomsvernet |
| 71 | Forskning, utvikling og
opplysningsarbeid m.v. | | |
| | r e d u s e r e s med | kr | 1 095 000 |
| | | | |
Kap. 856 | Barnehager |
| 64 | Tilskot til andre barnehageføremål | | |
| | r e d u s e r e s med | kr | 355 000 |
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
På statsbudsjettet for 1998 gjøres følgende endringer:
Kap. |
Post |
Føremål |
Kroner |
|
|
|
|
0800 |
|
Barne- og familiedepartementet |
|
|
01 |
Driftsutgifter, a u k a s t med |
2 300 000 |
|
|
frå kr 72 064 000 til kr 74 364 000 |
|
|
|
|
|
0840 |
|
Tilskot til krisetiltak |
|
|
60 |
Tilskot til kommunar til krisetiltak, a u k a s t med |
1 753 000 |
|
|
frå kr 46 150 000 til kr 47 903 000 |
|
|
|
|
|
0844 |
|
Kontantstønad |
|
|
21 |
Særskilde driftsutgifter, r e d u s e r a s t med |
1 600 000 |
|
|
frå kr 7 000 000 til kr 5 400 000 |
|
|
|
|
|
0845 |
|
Barnetrygd |
|
|
70 |
Tilskot, a u k a s t med |
38 000 000 |
|
|
frå kr 13 032 250 000 til kr 13 070 250 000 |
|
|
|
|
|
0852 |
|
Adopsjonsstønad |
|
|
70 |
Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, |
|
|
|
r e d u s e r a s t med |
6 060 000 |
|
|
frå kr 10 500 000 til kr 4 440 000 |
|
|
|
|
|
0854 |
|
Tiltak i barne- og ungdomsvernet |
|
|
64 |
Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, |
|
|
|
overslagsløyving, a u k a s t med |
14 450 000 |
|
|
frå kr 30 550 000 til kr 45 000 000 |
|
|
71 |
Forsking, utvikling og opplysningsarbeid, m.v., |
|
|
|
r e d u s e r a s t med |
870 000 |
|
|
frå kr 27 610 000 til kr 26 740 000 |
|
|
|
|
|
0856 |
|
Barnehagar |
|
|
63 |
Tilskot til omstilling, r e d u s e r a s t med |
400 000 |
|
|
frå kr 20 000 000 til kr 19 600 000 |
|
|
64 |
Prøveprosjekt Oslo indre øst, r e d u s e r a s t med |
130 000 |
|
|
frå kr 4 500 000 til kr 4 370 000 |
|
|
|
|
|
0857 |
|
Barne- og ungdomstiltak |
|
|
70 |
Barne- og ungdomsorganisasjonar, r e d u s e r a st med |
450 000 |
|
|
frå kr 54 500 000 til kr 54 050 000 |
|
|
79 |
Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid, a u k a s t med |
1 300 000 |
|
|
frå kr 10 710 000 til kr 12 010 000 |
|
|
|
|
|
0858 |
|
Statens ungdoms- og adopsjonskontor |
|
|
01 |
Driftsutgifter, a u k a s t med |
1 800 000 |
|
|
frå kr 10 365 000 til kr 12 165 000 |
|
|
|
|
|
0866 |
|
Statens institutt for forbruksforsking |
|
|
50 |
Basisløyving, a u k a s t med |
1 650 000 |
|
|
frå kr 15 643 000 til kr 17 293 000 |
|
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 3. desember 1998.
May-Helen Molvær Grimstad, |
Grethe G. Fossum, |
leder og ordfører. |
sekretær. |