Samandrag
I Dokument nr. 8:12 (2001-2002) blir følgjande forslag fremma:
"1. Stortinget ber Regjeringen endre forskriftene slik at forholdene legges til rette for at også andre aktører enn NSB BA kan benytte seg av Jernbaneverkets skinneganger.
2. NSB BA overføres fra Samferdselsdepartementet til Næringsdepartementet."
Dokumentet blei referert i Stortinget 6. november 2001 og pkt. 1 i forslaget blei vedtatt sendt samferdselskomiteen.
Som bakgrunn for forslaget er det m.a. vist til at 1. juli 1999 blei NSB BA og Jernbaneverket skilt organisatorisk og økonomisk.
Det økonomiske og organisatoriske skilje mellom NSB BA og Jernbaneverket er dermed lovmessig fullført og opnar i teorien for open konkurranse på Jernbaneverket sin skjenegang.
Jernbaneloven opnar for ein generell konkurransesituasjon på Jernbaneverket sitt linenett, mens forskriftene § 2-2 i sin realitet hindrar at interesserte aktørar får tilgang til Jernbaneverket sitt linenett.
Det er vanskeleg å finne ut om jernbanetrafikken i Noreg er rasjonelt driven, og korleis det er med ressursutnytting, service, om den er føremålstenleg for brukarane og om effektivitet. Med fleire aktørar på banenettet vil det bli lettare å skilje gode og effektive operatørar frå dei ineffektive.
Ved å tillate fleire operatørselskap på linenettet, vil det kunne leggjast opp til anbodsrundar, der definerte jernbanestrekningar vert utlyst.