Innstilling frå finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 38/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk)

Til Stortinget

Samandrag

Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 38/2004 av 23. april 2004 vart vedlegg IX til EØS-avtala endra. Endringa omfatta innlemming av direktiv 2003/6/EF av 28. januar 2003 om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk). Endringa vart gjord ved at det i vedlegg IX vart lagt til eit nytt punkt 29a som viser til direktivet. Hovudføremålet med direktivet er å sikre integriteten til verdipapirmarknadene i EØS-området, medrekna å syte for at investorane har tillit til desse marknadene.

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2003/6/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Nærmare om direktivet

Direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk) vart vedteke 28. januar 2003. Direktivet erstattar direktiv 89/592/EØF om innsidehandel og byggjer ut gjeldande EU-reglar mot marknadsmisbruk på verdipapirområdet. Hovudføremålet med direktivet er å sikre integriteten til verdipapirmarknadene i EØS-området og syte for at investorane har tillit til desse marknadene. I flukt med dette kjem omsynet til oversikt i marknadene og ein velfungerande omsetnad av finansielle instrument.

Direktivet inneheld m.a. reglar om innsidehandel og marknadsmanipulasjon. Reguleringa av marknadsmanipulasjonen er ny i EU-rettsleg samanheng. Vidare skjerpar direktivet krava til børsnoterte utferdarføretak si offentleggjering og handtering av innsideopplysningar. Direktivet inneheld vidare reglar om analyse- og investeringstilrådingar, innsidelister, rapporteringsplikt for profesjonelle ved mistenkelege transaksjonar, meldeplikt for primærinnsidarar (til dømes personar med overordna ansvar i eller nær tilknyting til utferdarføretaket) osv.

Direktivet inneheld i tillegg til dei materielle føresegnene, i ein viss mon omfattande reglar om tilsynskompetanse og samarbeid mellom tilsynsstyresmakter, i tillegg til sanksjonar.

Direktivet er ein del av EU sin handlingsplan for finansielle tenester (Financial Services Action Plan). Direktivet er eit rammedirektiv, som ein reknar med vil verte utfylt gjennom regelverk som er fastsett ved komitologiprosedyrar (dvs. at Kommisjonen har fått delegert makt frå Rådet, men får hjelp av ekspertar frå medlemsstatane). Kommisjonen har til no vedteke tre direktiv (kommisjonsdirektiv 2003/124/EF, 2003/125/EF og 2004/72/EF) og ei forordning (kommisjonsforordning nr. 2272/2003) med utfyllande føresegner til direktivet.

Fristen for gjennomføring av direktivet og dei tilhøyrande utfyllande føresegnene i EU er 12. oktober 2004.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjennomføringa av direktivet i norsk rett vil kunne medføre ein viss auke i kostnadene for aktørane i verdipapirmarknaden. Dette gjeld mellom anna gjennomføringa av krava om føring av lister over personar med tilgang til innsideinformasjon, rapportering av mistenkelege transaksjonar og utarbeiding av analyse- og investeringstilrådingane. Utviding av innsidehandelsforbodet til varederivat vil kunne medføre auka kostnader for aktørane i denne marknaden, medrekna for varederivatbørsen (til dømes i form av auka marknadsovervakingskostnader).

Gjennomføringa av direktivet vil medføre visse nye ansvarsoppgåver for tilsynsstyresmaktene, mellom anna gjennom nye oppgåver knytte til tilsyn og sanksjonar. Det vert lagt grunn at dette ikkje vil medføre vesentlege kostnader.

Konklusjon og tilråding

Regjeringa tilrår godkjenning av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (mark­nadsmisbruk) i EØS-avtala.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Karin Galaaen, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 38/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk) krever samtykke frå Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utanrikskomiteen, som i brev av 27. oktober 2004 opplyste at den ikkje har merknader til utkastet til innstilling.

Komiteen sluttar seg til Regjeringens forslag.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 38/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk).

Oslo, i finanskomiteen, den 2. november 2004

Siv Jensen

leiar

Svein Flåtten

ordførar