Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

Kulturdepartementet foreslår ei endring i lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek (biblioteklova). Forslaget er ei oppfølging av St.meld. nr. 23 (2008–2009) Bibliotek. Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid (bibliotekmeldinga) og Meld. St. 20 (2009–2010) Omorganisering av ABM-utvikling. Lovendringsforslaget handlar om kven som skal ta hand om statlege folkebibliotekoppgåver i framtida, og opnar for større fleksibilitet med omsyn til å delegere statlege bibliotekoppgåver.

Etter biblioteklova § 13 har ABM-utvikling ansvaret for statens folkebibliotekoppgåver.

I Prop. 125 S (2009–2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 vart det gjort framlegg om å overføre dei fleste av ABM-utvik-lings bibliotekfunksjonar til Nasjonalbiblioteket. Stortinget slutta seg til framlegget, jf. Innst. 350 S (2009–2010).

Forslag om endring i biblioteklova § 13 om ansvar for statlege bibliotekoppgåver vart lagt fram i høyringsnotat av 28. mai 2010. I høyringsnotatet vart det gjort framlegg om å endre § 13 i lova slik at det går fram at dette ansvaret ligg til departementet, eller den departementet bestemmer.

Det store fleirtalet av høyringsinstansane har ikkje merknader til lovforslaget.

Departementet legg til grunn at det er ønskjeleg med ei fagleg styrking og konsolidering av statlege bibliotekoppgåver. Departementet meiner at den beste løysinga for biblioteksektoren er at Nasjonalbiblioteket får ansvaret for dei fleste bibliotekoppgåvene som ABM-utvikling har hatt ansvaret for, med unnatak av arbeidet med konsortieavtalar m.m. Ei slik endring vil klargjere ansvar og roller på statleg nivå.

Nasjonalbiblioteket har fått nye forvaltningsoppgåver av ein annan art enn den oppgåveporteføljen institusjonen til no har hatt ansvaret for. Nasjonalbiblioteket vil både ha eit utviklingsansvar og koordineringsansvar for heile sektoren. Etter at bibliotekoppgåvene vart overførte til Nasjonalbiblioteket 1. juli 2010, har det vore gjennomført ein prosess som har resultert i eit mandat som også omfattar dei nye funksjonane.

Departementet ønskjer ikkje å omtale i lovteksten kva for institusjon som skal ta hand om statlege bibliotekoppgåver. Dette gir større fleksibilitet. Det er heller ikkje lenger vanleg at statlege, rådgjevande organ for departementa har heimel i lov.